Den vesle vegvisaren til Jon Fosses litteratur

BOKESSAY: Jon Fosse har fått Nobelprisen i litteratur. Her er guiden til deg som enno ikkje har lese han, og til deg som har lese litt.

BOKGUIDE: Har du enno ikkje lese ei einaste Jon Fosse-bok, eller har du lese så lite at du manglar stoff til Fosse-konversasjon i selskapslivet? Vårt Land gir deg ein lettlesen vegvisar til litteraturen hans.
Publisert Sist oppdatert

Forfattarskapen til Jon Fosse er både omfattande og viktig. Visste du det ikkje før, veit du det iallfall no, for det er sjeldan vare at ein norsk forfattar får Nobels litteraturpris. Fosse er eit internasjonalt toppnamn, og var allereie før pristildelinga kjent over store delar av verda for bøker i fleire sjangrar. Burde kanskje vi lesande nordbuarar vere ekspertar på Fosse? I det minste burde vi vel ha ei formeining om bøkene hans?

Kanskje er du likevel blant dei mange menneska her til lands som er både oppegåande og samfunnsengasjert – ja, beint ut litteraturinteressert – men som ikkje sit så støtt i Fosse-båten som du skulle ønskje. Kanskje manglar du oversikten til enkel Fosse-konversasjon i selskapslivet? Ikkje fortvil! Og dersom du kjem til denne artikkelen som ein slags angrande syndar, ein person som burde vite betre, men som enno ikkje har lese ei einaste bok av den norske nobelprisvinnaren, kan eg også trøyste deg. Det finst både tilgiving og hjelp til oppreising. Den smale veg ligg rett framføre deg. Berre les vidare!

Nynorsken lenge leve

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS