Carola snart klar med album om Maria Magdalena

MUSIKK: Carola Häggkvists syngespel om Maria Magdalena kjem ut på Kirkelig Kulturverksted tidleg i april. Ho omtaler hjarteprosjektet som det viktigaste ho har gjort.

31.07.22 Olavsfest, Trondheim. Bilder av Carola tatt ved Olavshallen under prøve av forestilling Maria Magdalena.
CAROLA OG MAGDALENA: Carola hadde urpremiere på syngespelet om Maria Magdalena på Olavsfest i 2022 – her frå prøva i Olavshallen. No er albumet straks klart for lansering.
Publisert Sist oppdatert

Sjå for deg påskedramaet sett med blikket til Maria Magdalena. Det har den svenske artisten Carola gjort, i eit syngespel som no snart blir gitt ut på plate.

– Dette er det viktigaste eg har gjort, det er eit kjært hjarteprosjekt for meg, har Carola tidlegare sagt til Vårt Land.

Carola har denne veka vore i Trondheim i høve Ski-VM. Den 11. oktober i Unity Arena på Fornebu held ho det som blir sagt å vere det einaste showet ho gjer i 2025, og den største konserten nokosinne. Men før den tid kjem ho altså ut med hjarteprosjektet sitt, Via Dolorosa - Maria Magdalenas kärlek, på Kirkelig Kulturverksted. Den første singelen frå plata, «Via Dolorosa», kjem ut allereie fredag 14. mars.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS