Marilynne Robinson, gjerne omtalt som aktuell kandidat til Nobels litteraturpris, begynner si lesing av Første Mosebok med å slå fast at Bibelen er «en gjennomtenkning av det ondes problem».
Den innleiande påstanden blir kjapt følgt opp av ei innrømming: Gitt at dette stemmer, skriv Robinson, så er Bibelen eit slags forsøk på å komme til rette med menneskelivets erfarte mørke og Guds godhet.
---
Sakprosa
Marilynne Robinson
I begynnelsen – En lesning av Første Mosebok
Oversatt av Preben Jordal
230 sider, Verbum forlag 2024
---
Her er det etter mitt skjøn rettare å seie at denne innleiande påstanden er eit innsteg, eller det vi kan kalla eit leseperspektiv. For i Marilynne Robinson si bibellesing finst ein påfallande tilbøyelegheit til å villa forsvara, eller kanskje kan ein heller seia koma overeins med Bibelens Gud.
Og det er vel det som gjer dette til ei ganske provoserande, men også tankevekkjande leseoppleving.
Kristen lesar
Boka seier at den skal gi ei lesing av Første Mosebok. Kanskje kan ein like gjerne kalla det for tenking over lesing. For sjølv om lesinga har syn for detaljar i bibelteksten, er den gjenforteljande, og den trekkjer linjer, slik som til Det nye testamente.
Robinson dveler ved omgrep som også dannar innsteg til teksten: hemn, vondskap, offer, vreide og nåde. Bibelreferansane er få, og ein må sjølv hengje med på kvar ho er i bibelteksten. Og sjølv om ho opererer både med tekstens historiske bakgrunn, og teksten som litteratur, så er ho først og fremst ein kristen lesar som tar del i tekstens lesehistorie.
Robinson meistrar dei ulike nivåa, og flettar dei saman på ein besnærande saumlaus måte. I følgje Robinson er Bibelen ikkje berre kjeldetekst, men ein narrativ sekvens som bekreftar Guds godheit. Og slik les ho også Første Mosebok som eit teologisk verk.
Ein menneskeleg Bibel
Boka er lett i stilen, men språket kan til tider opplevast ganske tungt. Lesaren får heller ikkje hjelp av kapittel og overskrifter, sjølv om det kjem nokre få avklaringar innleiingsvis som fungerer som premiss for lesinga.
Robinson let Moses vere ein historisk skikkelse utan å låse teksten til Moses sin eigen tidsalder. Det fungerer. Ho omtalar vidare «forfattarane» av Mosebøkene, og presiserer at dette å tenke om Bibelen som eit menneskeleg produkt, ikkje kjem i konflikt med at Bibelen er å forstå som heilag.
Eg strevar litt med dette skiljet mellom politisk og teologisk
Robinson finn ein djup samklang i Bibelen, og denne krediterer ho ein krets av gudfryktige rabbiar som saman hugsa det dei var blitt fortalt av bestemødrene sine. Og rabbiane sine vurderingar i handteringa av desse minnene, slik dei no føreligg i Bibelen, fann altså i eksepsjonell grad vegen til sanninga, skriv ho.
Politisk eller teologisk?
Måten Robinson set bibelvitskapleg kunnskap i spel med hennar eige teologiske leseprosjekt fungerer ganske godt. Men nokre gonger blir Robinsons Bibel til noko opphøgd annleis, som kan vere strevsamt å følgja. Dei bibelske forfattarane har ikkje som sitt primære mål det politiske, men det teologiske, hevdar ho.
Eg strevar litt med dette skiljet mellom politisk og teologisk, som om det skulle vera ein stor motsetnad mellom dei to. For har ikkje også teologien ein agenda? Eit utsegn blir ikkje mindre teologisk om det også har med seg ein posisjon den vil forsvara.
Ein radikalt forskjellig Gud
Vidare får forteljingane frå Urhistoria stor merksemd, og særleg skapingsforteljingane og flodforteljinga som låner frå og omskriv omverda sine myter.
Robinson samanliknar Første Mosebok med desse førebileta, og hennar vektlegging av den radikale skilnaden mellom det babylonske og hebraiske blir til eit refreng som etter mitt skjøn får uforholdsmessig stor plass. I Robinsons lesing blir forteljinga om storflaumen langt meir poetisk og vakker enn sine historiske førebilete.
Gud er vesensforskjellig, hevdar Robinson, ja radikalt forskjellig frå dei babylonske mytene. Kvar ligg så denne skilnaden? Jo, i forteljinga sin bodskap om Guds rettferd og kjærlege truskap. To eigenskapar hos Gud som spelar på lag. Dei er også vesentlege i det gudsbilete som Robinson les forteljingane med.
Så er det vel meir høveleg å seie at det bibelske står i ei særstilling nettopp for den kristne lesaren.
Nåde framfor hemn
I norsk samanheng talar ein gjerne om «dei vanskelege forteljingane», slike som storflaumen og Abrahams nesten-ofring av Isak. Dei er vanskelege fordi vi ikkje gjenkjenner gudsbiletet som tekstane ser ut til å operere med. Og det er her Robinson si lesing kan framstå som ei nyvinning.
For etter Robinsons lesing foraktar Gud tanken på at han skulle trenge offergåver. Gud berre tolererer denne heidenske praksisen. Og der mange lesarar ser ein hemnlysten Gud som vil utrydda alt liv i storflaumen, ser Robinson ein Gud som held tilbake straff.
Ja, der hemn ville vore det naturlege, både i møte med Adam, Kain og Noah, der viser Gud nåde ved å unnlate å forminske desse menneska sin status. Det er menneska som driv med hemn, og som har ein forkjærleik for vald, skriv Robinson. Noah er despotisk og grufull, men Gud blir verande barmhjertig og tilgivande.
Romanens heilskap
Robinson er skjønnlitterær forfattar og forteljar. Ho nøyer seg ikkje med å lese teksten. Ho fortel den samtidig. I boka parafraserer og assosierer ho, og nokre gonger fyller ho ut slike mellomrom som teksten har.
I Robinson si lesing av Første Mosebok har ho med seg romanens hang til heilskap. Ho les personskildringar og argumentasjon i lys av dei overordna strukturane i teksten. Det er altså her ho finn temaet den kjærlege far. Og det er her ho finn patriarken Jakob.
Sympati for Jakob
Robinson trekker Jakob fram frå mellomromma i teksten. Ho overser slett ikkje tekstens gjentakande påpeiking av Jakobs natur, men antydar at Jakob lengtar etter å bli befridd frå identiteten som bedragar. Ho antydar at Jakob har begått sine feil på ærleg vis og ho skriv fram Jakob si skuldkjensle.
Den Jakob vi møter i Robinson si lesing, er på eit vis ein eigen Jakob. Eg kan lika han godt. Langt betre enn han eg har funne fram til i mi eiga lesing.
Robinson hoppar også galant over spørsmål om kjønn og seksualitet
Men Jakob si mor, den manipulerande Rebekka, kjem ikkje like godt ut av det. Bibelteksten seier at ho elska Jakob, men i følgje Robinson er det ingenting som tyder på at ho elska nokon.
Slik inspirerer også boka til å lesa forteljingane på ny. Bibelselskapet si omsetjinga av Første Mosebok (2024) er trykt til slutt i boka, så her har lesaren god anledning til å lesa og tenkja vidare sjølv.
Lite Bibelkritikk
Eg ser lite bibelkritikk i lesinga til Robinson. Gud og patriarkane går på mange måtar fri. Men treng dei det? Robinson hoppar også galant over spørsmål om kjønn og seksualitet. Ho synest ikkje å vere oppteken av det. For mange lesarar vil det vere befriande. Sjølv tar eg meg i å lure på om eg saknar det, eller om det ville ha øydelagt prosjektet hennar.
Sjølv lever eg godt med at forfattarane av 1 Mosebok ser Gud med eit anna blikk enn eg. Og Jakob treng ikkje vere så from. Det at Det gamle testamente, eller Bibelen for den del, er annleis, skaper ei erkjenning av at Gud ikkje heilt, men berre delvis, kan gripast i ein tekst. Sjølv om ein anser den for å vere heilag.
Innsiktsfull
Eg greier nok ikkje heilt å gi meg over til Robinsons nye bok. Eg kan verkeleg setja pris på det ho gjer med Første Mosebok. At ho maktar å lese fram ein nådig Gud. Ja, at ho beint fram toler Mosebøkenes Gud. Vår tid har jo ein hang til fascinasjon over Bibelen, men har ofte eit negativt innsteg til Det gamle testamente.
Men blir ikkje lesinga for triumferande med omsyn til vår eigen kristenteologiske arv? Fordrar ikkje lesinga også ein kritisk respons?
Første Mosebok er også kulturforteljingar. Og ulike lesingar av dei same tekstane har forma ulike kulturar. Robinson gir oss ei innsiktsfull, og kristen lesing. Men kven er så dei gudfryktige rabbiane Robinson har med seg til lesinga, desse som ho antydar fann fram til sanninga? Etter å ha lese heile boka, anar eg at desse rabbiane ikkje berre liknar på, men også finst representert i hennar eigen kulturkrets.