02 December 2020



Bøker

Etterretning på dugnad

Den første boka om Frode Berg etter at han vart sleppt fri, har eit imponerande detaljnivå og inneheld nye opplysningar om den store spionsaka.

– Kva gjer du i eit russisk fengsel viss du ikkje snakkar russisk? Den pensjonerte grenseinspektøren Frode Berg frå Sør-Varanger forstod såpass mykje russisk at han forstod kva den unge, kvinnelege fengselsbetjenten sa til han. Innforstått var meldinga: Kva amatørar er det som har sendt deg hit?

Lyssky aktivitetar

Litt over ein månad tidlegare hadde Berg blitt arrestert av den russiske kontra-etterretninga FSB. No stod han i ei klaustrofisk celle i kjellaren til byretten i Moskva, og venta på å bli ført opp til eit lite bur der han for første gang skulle sjå utanforståande sidan dagen han vart arrestert i desember 2017. Russarane hadde ingen grunn til å tvile på at Berg var ein skuldig spion. Dei hadde hatt full kontroll på reisene hans til Russland i fleire år der han utførte små, men særs farlege oppdrag for norsk etterretning: postlegging av brev til ein informant på innsida av dei militærstrategisk viktige verfta for atomubåtar i Severodvinsk utanfor Arkhangelsk. Ein informant norsk etterretning trudde kunne gje dei verdifull informasjon, men som i verkelegheita var ein dobbeltagent for FSB – og som vart brukt til å lokke Frode Berg og E-tenesta i fella.

Det er sanninga om historia fram til Berg slapp fri i november 2019 vi forventar å lese i Morten Jentofts ferske bok I grenseland. I den grad det fins svarte og kvite sanningar innan lyssky aktivitetar som spionasje og etterretning.

Og Jentoft leverer.

Nye opplysningar

Den norske etterretningstenesta har måtte tole mykje kritikk etter det vart klart at Frode Berg var i Moskva på oppdrag for dei. I boka går Morten Jentoft tett på relasjonen mellom den norske etterretninga og Frode Berg, med eit detaljnivå og ei rolleliste som tidlegare ikkje har vore kjend for offentlegheita.

• Jentoft listar opp karakteristikkar og kjenneteikn ved dei ulike personane som hadde kontakt med Berg frå den norske etterretninga si side, med detaljerte tidslinjer og skildringar.

• Detaljerte skildringar av dei sju turane Frode Berg tok inn i Russland for norsk etterretning, for å postlegge brev med 3000 euro og minnekort.

Utru tenar og løgndetektor

Også om kva som skjedde under det nesten to år lange fengselopphaldet, kjem det fram nye opplysningar.

• 1. februar 2019 vart Berg innkalla til møte med FSB, som kunne fortelle han at det hadde kome ein førespurnad frå den norske statsministeren. To av FSB-folka, Andrej og Nikolaj, spurde forsiktig om korleis Berg ville bli mottatt når han kom heim att til Norge. Dei lanserte eit forslag om at han kunne få hoppe av og bli verande i Russland. «Men Anita (Bergs kone) og familien kan jo komme hit», skal dei ha sagt. Berg skal ha avvist forslaget kontant.

• 27. mai 2019 sa Berg ja til å la seg teste med løgndetektor, også denne gongen av FSB-folka Andrej og Nikolaj. Dei hadde med ein ekspert som kopla til elektrodar og leidningar til Bergs kropp, og stilte deretter alle dei spørsmåla Berg no hadde blitt stilt i avhøyr etter avhøyr sidan desember 2017. Dagen etter kunne FSB-etterforskarane fortelle Berg at han laug. «Det var en betenkt Frode Berg som ble ført tilbake til cellen. Hadde det vært et feilgrep å la seg teste i løgndetektoren? Ville dette få betydning for en mulig utveksling?», skriv Jentoft.

• FSB presenterte fleire gonger detaljkunnskap og omfattande kjennskap til kva som føregjekk hos den norske etterretningstenesta i Sør-Varanger. Til dømes kunne dei fortelle Berg at dei hadde oversikt over nummeret til interntelefonen til namngitte tilsette ved E-tenesta sitt hovudkvarter i Kirkenes, i tillegg til mange andre skjulte detaljar om kven dei ulike tilsette i etterretningstenesta der var. Berg hadde heile tida kjensla av at FSB måtte ha fått informasjon frå ein utru tenar heime i Norge.

• Nesten eit år før Frode Berg vart sleppt fri, sendte sjefen for den norske etterretninga, Morten Haga Lunde, ein eigen medarbeidar til den norske ambassaden i Vilnius i Litauen for å følge opp saka om ei fangeutvekslingsavtale for Frode Berg frå dag til dag. «De ansatte på ambassaden i K. Kalinausko-gaten i den litauske hovedstaden lurte på hvem denne nye og hemmelighetsfulle medarbeideren var. Noen ante nok likevel at dette kunne ha noe med en mulig utveksling av Frode Berg å gjøre», skriv Jentoft.

Fengselsnotat og dagbøker

Det er vanskeleg å sei akkurat kva bok Morten Jentoft har skrive, og kva rolle Frode Berg sjølv har hatt i arbeidet. Jentoft seier sjølv at han har skrive boka, men har fått tilgang til munnlege kjelder og skriftlege notat frå opphaldet i fengselet.

Akkurat dette med kjelder er nokså krevande med bøker om såpass ferske etterretningssaker som Berg-saka – fordi det aller meste naturlegvis er strengt hemmeleg. Jentoft gir likevel inntrykk i teksten av å ha fått solid tilgang både hos etterretninga og PST. Den hyppige siteringa frå dagbøkene til Frode og Anita Berg gir eit nært innblikk, i tillegg til utstrakt dokumentasjon gjennom fotnoter.

Komplisert relasjon

Det er ein relativt komplisert relasjon mellom Jentoft og Berg. Det viser seg gjennom det faktum at den erfarne NRK-korrespondenten og Frode Berg hadde ein relasjon allereie før Berg vart arrestert. Dei hadde vore i kontakt fleire gonger i tiåra før Frode Berg hamna i kasjotten i Moskva, noko som gir forfattaren mange gode knaggar for det historiske tilbakeblikket han legg ut om.

Dessutan er det sterkt å lese utdraga frå Frode Bergs eiga dagbok, der han etter å ha sett Morten Jentoft i rettssalen under møtet i byretten 23. januar 2018, noterte seg følgande: «Jentoft» og «tenkte på hvordan Morten hilste på meg i rettssalen» - ting som tydeleg gjorde han klar over kor stor saka hans hadde vorte heime i Norge, men også eit gledeleg gjensyn med ein kjenning han stolte på.

Moland og French

Det styrkar boka at Jentoft klarar å problematisere si eiga rolle og vala han måtte ta som journalist og forfattar.

Han skriv til dømes godt om dilemma han stod i som NRK-korrespondent då han skulle dekke saka. «Ofte ser vi oss blinde på at fengslede landsmenn lever under forhold som er langt unna det som vi er vant til i Norge», skriv han før han dreg fram Moland og French-saka frå Kongo som eksempel.

Jentoft skriv også: «Bildene av Frode Berg inne i glassburet i byretten i Moskva vekket noen av de samme reaksjonene. Dette måtte være en nordmann utsatt for overgrep og urettferdig behandling i et land med et helt annet rettssystem enn det som er hjemme. Reaksjonen i slike saker er en umiddelbar sympati på hjemmeplan for ufin behandling i fengsel og rettssak, mens realitetene i saken kommer mer i bakgrunnen». Sanninga – som Jentoft formidlar tydeleg og detaljert – er at Berg sat i eit fengsel med langt betre soningsforhold enn dei fleste russarar opplever.

Etisk grenseland

Jentofts bok er ingen ukritisk skildring av ein mann som påstår han vart utsett for eit svik av den norske etterretninga. Som lesar får ein tydeleg inntrykk av at Jentoft forstår det etiske grenselandet han opererer i når han skriv denne boka, ved at han tydeleg klarar å få fram den motstridande haldninga Berg står for: Han forstod at det var farleg å reise til Russland på dugnad for norsk etterretning, men påstår likevel etterpå at han nesten ikkje forstod nokon ting. Blikket på den norske etterretninga som la opp til at norske amatørar kunne reise til Russland på livsfarlege oppdrag på dugnad, er sjølvsagt nokså kritisk.

Morten Jentoft har derfor skrive ei spennande og innsiktsfull bok som hjelper lesaren med å forstå kva som eigentleg skjedde med den pensjonerte grenseinspektøren frå Kirkenes.

---

Bok: Sakprosa

  • Morten Jentoft
  • I grenseland. Historien om Frode Berg
  • Gyldendal 2020
  • 368 sider

---

---

Mark Stibbe

  • Britisk teolog, forfatter og kristenleder. Var prest i den anglikanske kirke i 12 år før han i 2008 startet organisasjonen «The Fathers house trust».
  • Oase, Reform Norge, IMI-kirken og Catch the Fire har invitert ham til Norge ved flere anledninger.

---

Annonse
Annonse

Mer fra: Bøker