Stille slagkraft
Den eine poetiske storhendinga følgjer den andre. Poesihausten teiknar til å bli usedvanleg sterk i år.
STERK POESIHAUST: Den norske poesien byr på
ei rekke høgdepunkt i ein bokhaust som er usedvanleg sterkt prega av gode diktsamlingar. Steinar Opstad skriv gåsehudframkallande interessant om kristen tru i diktsamlinga Kjærlighetstapene. Dikt & aforismer, meiner kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Poetar er ikkje alltid så flinke til å erobre det offentlege rommet og gjere seg sjølv høyrde. Men samtidig skal det seiast: Ålmenta er heller ikkje alltid så flink til å fange opp poetane og gjere seg kjente med dikta deira.
Samtidig med ei påstått krise for poesikritikken, slik det mellom anna kom fram under eit innlegg poeten Gunnar Wærness hadde på Litteraturfestivalen på
Lillehammer tidlegare i år,
lever poesien i beste velgåande. Ja, meir enn det: Poesihausten 2015 teiknar til å bli usedvanleg sterk!
Dobbel storhending
Bestill abonnement her
KJØP