Bibelsk popkultur
Kyrkja har ei utfordring når ungdom får bibelkunnskapen sin frå Hollywood. Men populærkulturen kan også
vere ein døropnar.
– Blockbustarar som med filmstjerna Christian Bale i hovudrolla, sørgjer for at Bibelen er diskusjonstema også blant ungdom og vaksne som ikkje normalt oppsøker kyrkjerommet, skriv kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Filmweb
Om litt under to månader er det premiere på Ridley Scotts storfilm om Moses, Exodus: Gods and kings. Her får vi sjå Christian Bale, også kjent for rolla som Batman, føre israelittane ut av Egypt. Dei siste meldingane frå Hollywood er at Bale har storkost seg under innspelinga, ikkje minst i nokre heftige slagscener der Moses krigar frå hesteryggen.
LES MER: Hollywood vender seg til Bibelen
Det er med andre ord grunn til å vente seg ein actionprega variant av 2. Mosebok, som allereie i utgangspunktet er breiddfull av dramatikk. Hollywood har alltid elska heltar, og frå tid til annan dukkar filmskaparane ned i det bibelske materialet for å finne dei. Tidlegare i år såg vi Russell Crowe i rolla som Noah, i regi av Darren Aronofsky. Filmane om Moses og Noah er dei to største produksjonane i ei tid som blant anna byr på filmatiseringa av boka Heaven is for real, spelefilmen God's not dead, History Channels TV-serie The Bible, som no er komen på Netflix, og spin-off-filmen Son of God. Meir skal det ikkje til før vi snakkar om ei bølgje. Men feil er det ikkje.