Mora hadde jødisk venninne – gifta seg med ein nazist
LITTERATUR: Bjørn Westlies mor var venninne med den jødiske flyktningen Ruth Maier. Likevel valde ho å gifte seg med ein nazist og NS-mann.
BOKAKTUELL: – Dersom Ruth Maier ikkje var blitt sendt av garde og drepen, hadde dei sikkert vore venninner framleis. Då trur eg ikkje mor hadde tatt valet om å gifte seg med far min, seier Bjørn Westlie, aktuell med boka Mors valg.
Sindre Deschington
– Ruth blei jo gassa!
Denne setninga sa Bjørn Westlies mor,
Agnes, fleire gonger mot slutten av livet. Truleg var det uttrykk for ei
skuldkjensle hos kvinna som under krigen valde å gifte seg med ein nazist og
NS-mann. I 1940 var Agnes venninne med den fire år eldre Ruth Maier, som
seinare blei sendt til Auschwitz og drepen.
Korleis kunne ei ung kvinne gå frå nært
vennskap med ein jødisk flyktning til ekteskap med ein nazist? Dette spørsmålet
står sentralt når forfattaren, historikaren og journalisten Westlie er aktuell
med ny bok.
Bestill abonnement her
KJØP