Bøker

Det langsiktige arbeidet

Er det noko vi har gløymt når vi snakkar om at unge les mindre?

Da eg var nyutdanna bibliotekar på Deichman Torshov og pakka ut alle dei nye bøkene som kom inn, var eg rådvill. Korleis skulle eg greie å formidle desse, eller alle verka som allereie stod i hyllene?

Ingen krise

Hadde eg hatt tala frå dei siste månadene, ville eg truleg vore enda meir uviss. NRK meldte sist veke at ein av fire ungdommar i alderen 15 til 25 år ikkje les bøker utanom det dei har på pensum. Og boksalet for dei tre første månadene i 2019 har gått ned 44 prosent samanlikna med tidlegare år.

Men det er ingen krise for litteraturen eller for lesinga i Noreg. Slik var det heller ikkje på Deichman Torshov. Der var det fleire erfarne kollegaer som hadde arbeidd med formidling i bibliotek i mange år. Ei av dei var Marit Hallen. Kvar veke hadde ho skoleklassar på besøk, og for kvart besøk var det ei kø av elevar som ville låne bøker. Marit greidde alltid å få dei til å ville lese akkurat dei titlane ho hadde snakka om.

Sjå til skolebiblioteka

Når Mette Marit tek litteraturtoget eller når Noreg skal vere gjesteland på bokmessa i Frankfurt til hausten, er det verdt å ofre nokre tankar på dei som jobbar i det daglege med barn og unges leselyst. Ikkje fordi det er ei motsetning her. Dei fleste litteraturformidlarar er nok glade for all merksemda litteraturen kan få, både frå kronprinsesser og internasjonal bokbransje.

Men om leselyst skapast i ung alder, og om nærleiken til bøker er noko vi ønskjer for barna våre, så bør ein stille seg spørsmålet: Kva skjer med litteraturformidlinga retta mot dei unge?

For å svare på det, bør ein sjå til skolebiblioteka.

Arena for samtale og debatt?

Skolebiblioteka har blitt nedprioritert over lengre tid, og trass i at det finnes skolar som er eksempel på det motsette, verker tilbodet i dag heilt tilfeldig. Kulturdepartementet har varsla ein ny bibliotekstrategi for 2020–2023, og der skal skolebiblioteka vere eitt av dei seks satsingsområda.

Men skal den nye strategien vere offensiv, er det ikkje nok å be om fleire skolebibliotek med utdanna bibliotekarar. Den bør òg legge opp til tettare samarbeid mellom skolebibliotekarane og dei ulike faglærarane. Og kvifor ikkje ein ny formålsparagraf, som den folkebiblioteka fekk etter inspirasjon frå Litteraturhuset i Oslo? Folkebiblioteka skal vere ein møteplass og arena for samtale og debatt, og det har vore ein suksess. Tør vi tenkje liknande for skolebiblioteka?

Meiningsfull bokprat

Eg kan framleis hugse koret av stemmer og trampinga av føter over linoleumsgolvet da Marit var ferdig med dagens skolebesøk på Deichman Torshov. Det var alltid eit uvant og gledeleg kaos framfor skranken da alle barna, som alltid gløymte lånekorta sine, stod der i klynger med bøkene dei ville låne.

I boka Les meg - Håndbok i litteraturformidling som kom ut i 2016, to år før ho døydde, skreiv Hallen: «Når vi våger å by på oss selv, kan bokpraten vår bety mye, også på det rent menneskelige plan.»

Framtidas lesarar

Når tal viser at unge les mindre, at salstalet på bøker går ned, og vaksne har eit stadig veksande tilbod på strøyming via næraste skjerm, er slike ord og erfaringar viktig å hugse på. God litteraturformidling skaper lesarar. Og det er eit langsiktig arbeid. Det er det fort gjort å gløyme.

Det er fint om norske forfattarar blir omsett til andre språk, men det viktigaste er at våre framtidige generasjonar har lyst å lese bøkene som blir skrive her til lands.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker