Anmeldelser

Vampyrdikt med mykje lengt

Debuterer med gotiske grøssarar i ureint språk og med mykje lengt og desperasjon.

Anders Brenno debuterer med diktsamlinga Vampire Yeah, der han knyter seg til den ­«gotiske» grøssar-lina i romantikken. Dette har vore gjort med stort hell av moderne diktarar før, og då tenkjer eg særleg på den islandske Nordisk Råd- prisvinnaren Gyrðir Elíassons diktsamlingar frå 1980-talet.

Sorg og saknad

I denne ­debutsamlinga virkar det som om poeten gjer seg bruk av klisjéar frå kitch og grøssar-tradisjonen for å uttrykka noko som svært mange unge debutantar har gjort før han: Kjærleikssorg, saknad og lengt. Det er haust på veg mot vinter og det er myrkt og det er mykje regn.

LES OGSÅ: Evig liv er blodig alvor

Ureint

Han skriv medvite eit ureint språk, eit slags bokmål iblanda dialektord og svært mykje engelsk. Det er eit visst «trøkk» i dette språklege sammensuriet som samsvarar med den desperasjonen som ungdomeleg kjærleikssorg gjerne fører­ til. I det kan nok mange av oss høyra ekko frå eigne ungdomsår, og ei identifisering – som er føresetnaden for at litteratur skal opplevast som noko som vedkjem lesaren. Det må vera minst eitt gjenkjenningsplan i eit diktverk der lesaren lokkast til å gå med på forfattarens fiksjon.

Klisjéar

Det er ikkje så mykje meir enn dét i denne diktsamlinga, gjenkjenning av ungdoms desperate oppleving av at alt bryt saman når ho eller han – i samlinga kalla «baby» – går frå deg. Derimot er det svært mykje, ja ei overlessing av klisjéar, og dessutan nokså vonlause utbrot som til dømes «Trur jeg må ty til spiritisme ­eller no» og groteskeri som utilsikta (?) vippar over i karikatur som til dømes at eg-et i samlinga «slurper sjela di/ gjennom sugerør i aua».

LES OGSÅ: Zombier skal lære elever rett og galt

Engelsk

Det må vera i ­orden å blanda inn ulike språk i diktet, også dét har vore gjort før. Men alt i diktet bør ha ei retning, og kanskje er også dei engelske klisjéane ein del av uttrykket for eit oppløyst eg hjå debutanten:

Du er gothbaby masterpiece

Du er vampire lovedoll

Du er werewolf omega

og vintage french moviestar

Og jeg er en fugitive in the night.

Ein stad må ein poet byrja. Om Vampire Yeah innleier noko som kan veksa til vesentleg poesi kan ein iallfall vona.

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser