Prinsesse Ingrid Alexandra møtte barna på Miniøya
FESTIVAL: Prinsesse Ingrid Alexandra hadde eit laidback, interessert og sommarvarmt møte med barna på festivalen Miniøya i Oslo. – Det er veldig hyggeleg med festival, seier ho.
PÅ FESTIVAL: Prinsesse Ingrid Alexandras besøkte Miniøya i Tøyenparken laurdag. – Eg har aldri vore på Miniøya før, seier ho.
Jonas Been Henriksen / NTB
Prinsesse Ingrid Alexandra tok seg god tid
til å snakke med barna på festivalen Miniøya laurdag. Den 21 år gamle prinsessa
rusla rundt på festivalområdet i Tøyenparken i ein god time og snakka med mange
små festivalgjestar som hadde fått med seg at prinsessa dukka opp.
– Det er veldig hyggeleg med festival. Og
så har eg aldri vore på Miniøya før, sa prinsessa.
Ho var invitert til festivalen av dei unge
festivalsjefane Thelma og Ingeborg, begge 9 år. Dei stilte henne overfor nokre
sommarlege dilemma som ho måtte svare på:
Bestill abonnement her
KJØP