Bøker

– Marie Monsen var ein stor inspirasjon for min studentgenerasjon på 1970-talet, skriv Halldis Pollen

Ikkje minst på grunn av bøkene sine er Marie Monsen ei av dei mest kjende norske misjonærane. Gjenutgivinga av En hjelp i trengsel minner om korfor.

Bilde 1 av 3

Anmeldt av: Halldis Pollen

Dei mest kjende bøkene av Marie Monsen i tillegg til denne – Vekkelsen ble en Åndens aksjon, Alt er mulig for Gud, Bønnens makt – er selde i mange tusen eksemplar, både i Noreg, Sverige, Finland, England og Tyskland. Ikkje minst på grunn av bøkene sine er Marie Monsen ei av dei mest kjende norske misjonærane.

Kvinneopplæring

Ho reiste 23 år gammal til Kina i 1901 og verka der til 1932, fyrst tilsett og lønna av Kinamisjonsforbundet, seinare i ein noko friare stilling då ho sa frå seg løna frå dei. Ho var inspirert av pionermisjonæren Hudson Taylor og barneheimsstyraren George Muller, som begge valde å leve i tru på at Gud ville gje dei midlane som trongst, utan fast inntekt frå ein organisasjon.

Marie Monsen var av haugianarslekt på morssida og tok med seg mange av desse ideala inn i si misjonærgjerning. Ho ivra sterkt for at kvinner skulle få utdanning og rom til å utfalde seg i forkynning og opplæring. Dette var ikkje ukontroversielt verken då eller seinare. Sjølv hadde ho ei brei utdanning, og ho var oppteken av at kvinnelege misjonærar ikkje måtte reise ut utan førebuing. Ho brann for kvinnekursa ho arrangerte i Kina, der både dei kinesiske bibelkvinnene og andre fekk grundig innføring i Guds ord og leiarskap. Dette vart noko av eit kjennemerke for hennar verksemd.

Dramatiske reiser

Men aller viktigast er det ho skriv om i bøkene sine: «enkle vitnesbyrd om en trofast Gud mot sine gitte løfter», som ho uttrykkjer det i forordet til En hjelp i trengsel. Boka inneheld 23 mindre forteljingar og ei lang, den siste ein tredjedel av boka. Alle illustrerer på forskjellig vis korleis ho og andre brukte Guds konkrete lovnader i svært farefulle og tildels dramatiske situasjonar.

I fyrste halvdelen av 1900-talet var Kina ein isolert, framandfiendtleg, lovlaus stad på mange måtar, med det Marie Monsen kallar røvarbandar som herja over store område. Overfall, ran og drap var vanleg der dei for fram. For både dei lokale og misjonærane var livet svært utrygt. Det var vanskeleg å ta seg fram. Trekkdyr og kjerre var vanleg, likeeins elvebåt. Mange av hendingane skildra i En hjelp i trengsel handlar om kva som skjedde på reiser.

Sjørøvarar

Den lange forteljinga er ei høgdramatisk historie, som gjekk verda rundt, om korleis Marie Monsen i 1929 ombord i ein elvebåt saman med ca 200 andre passasjerar blei kapra av sjørøvarar. Dette skjedde i hennar tredje misjonærperiode og midt i den store vekkjinga i Kina, der ho var sentral som bønekvinne og forkynnar. Fangenskapet på båten varde i 23 dagar. Det sentrale i framstillinga er for det fyrste at det finst ein ekstraordinær Guds fred i denne situasjonen, og for det andre at ho fekk eit spesielt mot til å tale kaprarane til rettes og forkynne evangeliet for dei. «Hadde jeg ikke hatt bibelen min, full av Guds løfter, og hadde jeg ikke kjent noe til den Gud som ga oss disse løftene, tror jeg at jeg ville ha vært et av de ulykkeligste mennesker på jord under de 23 dagene jeg satt som fange blant røvere ute i Kina.»

Kristen tru

Forteljingane har ei tydeleg stemme og ein tone av glede og ikkje minst tru og kvile. Boka handlar ikkje om bønemetodar eller reglar for disippelliv, men er ein demonstrasjon av kva Guds farsomsorg kan bety i deira liv som ho skriv om. Kanskje vil nokon sakne ei synleggjering av det som ikkje gjekk godt. Marie Monsen er heilt realistisk om slikt andre stader, til dømes i den store brevsamlinga ho skreiv. Men her har ho altså valt annleis.

Det er gode grunnar til at En hjelp i trengsel og dei andre bøkene til Marie Monsen bør spreiast i stadig nye opplag. Ho var ein stor inspirasjon for min studentgenerasjon på 1970-talet, som opplevde kanskje den siste større vekkjinga i vårt land gjennom Jesusbevegelsen og dei nye karismatiske impulsane. Eg trur slike vitnemål som Marie Monsen gjev oss, kan vise både unge og eldre i vår tid kva kristen tru er.

Halldis Pollen er pensjonert lektor. Hun har vært aktiv i Lagsbevegelsen, både i Noreg og i Litauen, og er nå medlem i Norkirken Nordhordland.

LES OGSÅ:

• Olav Egil Aune: – Denne boka kan leses på et kvarter. Min anbefaling er et år eller to

• Hedningsamfunnet 50 år: – De har spilt en sentral rolle i å gjøre kristne mer tolerante for kritikk

---

Tro

  • Marie Monsen
  • En hjelp i trengsel (1945)
  • Gjenutgitt i 2020
  • Lunde forlag

---

---

Marie Monsen

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker