Bøker

Livet er ikkje ein annan stad

Strålande reiseessays for alle – bortsett frå dei som vil ha gode råd og tips til turen.

Bilde 1 av 2

Geoff Dyer er ein forfattar det ikkje er lett å setje i bås.  Som essayist skriv han nesten alltid om noko anna og på ein annan måte enn lesaren forventa. Dessutan er han usedvanleg god til å høyre og sjå: Svært mykje av det han skriv inneheld kunnskapsrike og begeistra betraktningar om ulike visuelle kunstutrykk, alt frå landskapskunst til fotografi. Eg har dessutan ein mistanke om at noko av det unike ved skrivemåten hans er at den er modellert over den moderne jazzens formspråk.

Har du ikkje høyrt om Geoff Dyer, seier du? Det er du ikkje aleine om. Eg har gode nyheiter til deg: Då har du mange gode lesetimar i vente. Forlaget Flamme har dei siste åra gjort ei svært fortenestefull jobb ved å gje ut tre bøker av han, i svært lesbare omsetjingar av Bjørn Alex Herrmann. Den første, En ren besettelse, handla om forsøket på å skrive ei bok om forfattaren D.H. Lawrence. Den andre er ei mangfaldig samling av essays, Det jeg egentlig ville si. Årets utgjeving med den stilige tittelen Vi er her for å dra et annet sted er ei samling av såkalla reiseessays er eigentleg to bøker i ei. Den første, Yoga for folk som ikke gidder å drive med det, vart publisert i 2003. Den andre, White sands, utkom tretten år seinare. På denne måten er det mogleg å observere at det har skjedd noko med den som skriv i løpet av desse åra.

Ein annan stad

Essaya inneheld i liten grad slikt stoff som reisebøker vanlegvis er vevd av, som praktiske opplysingar om korleis ein kjem seg fram til målet, lærerike møte med lokalbefolkninga og skildringar av turens høgdepunkt. Til gjengjeld er han som skriv tydeleg til stades gjennom det heile. Dyer startar med å antyde at alle dei ulike landskapa han skildrar er den same staden, «fordi den personen disse tingene hendte med, var den samme personen som i sin tur er summen av alle de tingene som hendte eller ikke hendte på disse eller andre steder». På denne måten set forfattaren eit spørsmålsteikn ved verdien av å skilje mellom fiksjon og fakta, også i reiselitteraturen.

I starten på En ren besettelse gjer Dyer det klårt at skildringa av forsøket på å skrive ei bok om forfattaren Lawrence, står i gjeld til ein av hans eigne litterære førebilete, nemleg austerrikaren Thomas Bernard. Ser ein etter i den romanen han viser til, Betong, er det jo lett å sjå likskapspunkt med den ulykkelege eg-forteljaren der som stadig, etter ti år, forgjeves prøver å formulere den første setninga i eit verk om komponisten Mendelssohn Bartholdy. Dei som ikkje greier å leggje frå seg ei bok av Bernard, vil kunne oppdage at den første samlinga av reiseessays også har likskapstrekk med det som skjer med hovudpersonen når han omsider kjem seg vekk og til Palma. Det var, heiter det, varmare der. Det gjer naturlegvis ikkje tilstanden hans betre, tvert imot. Angsten blir faktisk berre sterkare.

Grenselandet

Den forfattaren lesaren blir kjent med i White Sands, er (heldigvis) på ein annan stad. Han har fått seg fast reisefølgje i kona Jessica. Berre for å understreke at også denne boka er ei blanding av fiksjon og sakprosa, skriv Dyer i starten at det eigentlege namnet hennar er Rebecca. For Dyer, som for lesaren, er dette grenselandet mellom ulike sjangrar og lesarforventningar ein god stad å vere.

Dyer er ein entusiastisk fan av nokre norske kunstnarar. Ikkje uventa viser han ofte med stor innleving til Karl Ove Knausgård. Men han er også godt innhøyrt på nyare norsk jazz og skriv med begeistring om musikken til Jan Garbarek og Nils Petter Molvær. I det strålande reiseessayet «Nordmørke» dreg forteljaren og «Jessica» faktisk til Norge og Svalbard for å oppleve nordlyset. Det går ikkje så bra.

Reise heime

Å lese Geoff Dyer er stadig å bli overraska. Ein liten tekst handlar om kva Dyer gjorde og tenkte då hans store helt, bassisten Charlie Haden, døydde i 2014. Eg las denne korte skildringa av viktige stader og stadie i Hadens liv mens eg forunderleg nok høyrte på ein av mine yndlingsplater, der Haden speler gospel-låtar med pianisten Hank Jones. Eg har også lyst til å framheve det storarta essayet om nok ei litt mislukka pilegrimsferd, denne gongen til huset der den tyske filosofen Theodor Adorno budde i eksil i California.

Men les heller sjølv. Med desse mangfaldige bøkene av Geoff Dyer er ferielektyren sikra. Den andre gode nyheita, også for miljøet og klimaet, er at det er ikkje sikkert du treng å reise langt for å finne ut av meir om verda og deg sjølv. Kanskje kan Dyers reiseessays og andre grenseoverskridande tekstar, paradoksalt nok også vere gode argument for kortreist, lågteknologisk reiseverksemd? Eller til med for å halde seg heime?

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker