I krisetid kjem dikta med ende­rim, fulle av store kjensler og direkte tiltale. Dikt som seier «du», og vil noko med deg. Du må ikke sove, seier dei. Eller: Gå inn i din tid. Eg hugsar desse linjene, eg har høyrt dei bli lesne eller sunge, merka kor lette dei er å lære utanat.