Anmeldelser

Fransk perle med himmelgløtt

Francois Ozons nye film gir oss ei moderne Maria Magdalena i hjartet av Frankrike. «Når høsten kommer» er lågmælt, vakker, dramatisk og eksistensiell.

Den franske filmskaparen Francois Ozon er ein av Europas store regissørar. Filmane hans er både visuelt sterke og modige i tematikk. Ikkje minst har han fleire gonger kome med filmar som på eit eller anna vis tek opp seksualitet og makt, som i Ved Guds nåde (2019), der han sette søkelyset på overgrepsskandalane i den katolske kyrkja.

Noko anna som kjenneteiknar Ozons filmar er sterke kvinneroller. Dette ser vi også i den ferske filmen Når høsten kommer, som vann Faith in Film-prisen på Tromsø Internasjonale Filmfestival og får ordinær kinopremiere i Noreg på fredag. Hélène Vincent og Josiane Balasko storspelar som to eldre venninner som har busett seg på landsbygda i midten av Frankrike, eit område tidlegare kjent som Burgund.

---

Film

Når høsten kommer

Fransk drama

Regi: Francois Ozon

1 t. 42 min

Aldersgrense: 12 år

---

Dei gamle venninnene er – noko vi ikkje får vite før eit stykke inn i filmen – tidlegare prostituerte. Eit klassisk Ozon-grep, kan ein seie. På mange måtar gir regissøren oss ei moderne Maria Magdalena-historie frå den franske landsbygda. Iallfall ei Maria Magdelana-historie slik den bibelske kvinna blir oppfatta i kunsten og allmennkulturen, som gudfryktig og tidlegare prostituert.

François Ozons When Fall Is Coming

Skjøre familieband

Michelle (Vincent) er eit gudfryktig menneske. Ho går regelmessig i kyrkja. Ho er ei varm og omsorgsfull bestemor for Lucas, guten til dotter hennar. Men Michelles fortid som prostituert har tydelegvis skapt ein vedvarande forakt hos dottera Valérie (Ludivine Sagnier). Familiebanda er skjøre, og dei blir heller ikkje betre av at Michelle ved eit uhell forgiftar dottera med ein feilplukka sopp. Då nektar Valérie henne å sjå barnebarnet sitt meir.

Det smertelege ved dette skulle vere enkelt å forstå for dei fleste av oss. Valérie har eit uforsonleg vesen, i ein film som på fleire vis tek opp spørsmål som brot, nåde og forsoning. Michelle, som kan seiast å vere like hjartegod som Sonja i Dostojevskijs klassiske roman Forbrytelse og straff, forbarmar seg i staden over sonen til venninna Marie-Claude (Balasko), som nyleg er komen ut frå fengsel og har planar om å leve eit betre liv.

François Ozons When Fall Is Coming

Kvalitetsfilm av beste merke

Dramatikken aukar kraftig når den frigjevne fengselsfuglen (Pierre Lottin) oppsøker Valérie med eit ønske å hjelpe Michelle. Brått er det ikkje lenger skadde familieband som er i brennpunktet, men eit dødsfall som blir etterforska av det franske politiet. Dermed er dei ulike handlingstrådane sette i kraftig spenn.

Når høsten kommer er fransk kvalitetsfilm av beste merke, samtidig som han har ei spenningskurve av tilnærma Hollywood-format. Han er lågmælt, vakker, dramatisk og eksistensiell. Og nettet snører seg saman, som det heiter, men korleis agerer dei sentrale personane når det skjer?

Filmen er som nemnt blitt løfta fram av den interreligiøse juryen på filmfestivalen i Tromsø, som blant anna la vekt på «evna til å opne for publikum sine fortolkingar av omgrepa brotsverk, straff og forsoning». Eg såg sjølv fleire av filmane som var nominert til prisen, og meiner at Ozons nye verk er ein verdig vinnar – ei fransk perle med himmelsikt.

Djuptloddande

Kvaliteten viser seg både i det gode skodespelet, ikkje minst frå hovudrolleinnehavaren Hélène Vincent, i kameraføring og koloritt, samt i viljen til å gå inn i spørsmål av eksistensiell og djuptloddande karakter. Her får vi spenning utan at det blir lettvint og moralsk refleksjon servert på ein ikkje-formanande måte.

Kort sagt er Når høsten kommer ein nydeleg film for modne kinogjengarar, og bør vere ein heit kandidat for kinobesøk i løpet av vinteren.

Ein nydeleg film for modne kinogjengarar

—  Alf Kjetil Walgermo
Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Anmeldelser