Anmeldelser

Klassikaren over alle klassikarar

ANMELDELSE: Ovid skreiv «Metamorfoser» i dei dagane Augustus var keisar. No er den første fullstendige norske omsetjinga av storverket klart, og det er blitt eit praktverk.

Dette er eit storverk i alle meiningar av ordet: Femten bøker med omlag tolv tusen heksameter-liner på eit lett leseleg norsk, komplett med fotnotar, fyldig register med alle namn på personar og stader, tekstkritiske merknader og ei veldig nyttig oversikt over dei rundt tre hundre forvandlingane som skjer i verket.

---

Ovid

Epos

Ovid

Metamorfoser

Gjendiktet fra latin av Thea Selliaas Thorsen

784 sider, Gyldendal 2024

---

Og ikkje å gløyme, eit svært instruktivt og lærerikt forord av gjendiktaren, Thea Selliaas Thorsen. Thorsen, som er professor i klassiske fag ved NTNU og ein internasjonal Ovid-ekspert, skriv at ho, ikkje uventa, har arbeidd i mange år med denne omsetjinga av denne over to tusen år gamle klassikaren.

Det har vore verd å vente på, som det heiter: Det har blitt eit praktverk.

Tallause gudar og menneske

Ovid (43 f.Kr-17/18 e. Kr) skreiv Metamorfoser i dei dagane Augustus var keisar. Keisaren er omtalt også i dette kanoniske verket, og Ovid vart tilmed landsforvist av han rundt år 8. I prinsippet kan ein ikkje utelukke at den romerske landshøvdingen Pilatus hadde lese denne klassiske teksten.

Spørsmålet hans, «kva er sanning?», gir same kva god meining også i samband av ein klassikar. Lesaren møter tallause gudar og menneske, nokre av dei kjende frå før som Narkissos, Ekko, kong Midas og Venus samt eit utal som ikkje er kjent i det heile. Dei mange litt uoversiktlege skildringane av forvandlingar utspeler seg heilt frå skapinga av verda til Augustus si keisartid, som her framstår som historias endemål, og i eit geografisk spenn frå Asia over Hellas og til Roma.

Stadig meining og innsikter

Ovid skreiv på latin og verket var derfor umiddelbart forståeleg i europeisk samanheng og kom raskt i mange versjonar på originalspråket og også i omsetjingar til folkemåla, til dømes på tysk i 1210, før Bibelen.

Metamorfoser har vore ein nesten utøymeleg kjelde til inspirasjon for billedkunstnarar, forfattarar og komponistar

Etter den tid har verket vore ein nesten utøymeleg kjelde til inspirasjon for billedkunstnarar, forfattarar og komponistar. På den måten demonstrerer jo Metamorfoser kva som gjer eit verk til ein klassikar: Ikkje alderen aleine, men at det dreier seg om verk som i heilt andre historiske samanhengar stadig kan gi meining og tilmed overraskande innsikter.

Valdtekter, ikkje kjærleiksforteljingar

Det leseverdige forordet gir fleire eksempel på slike nye innsikter, mellom anna at det ofte har blitt «underkommunisert i hvilken grad Ovids Metamorfoser inneholder grusomme, blodige og marerittaktige episoder.»

Særleg dreier det seg om alle dei mange valdtektshistoriene som omsetjaren fortel at i forskingslitteraturen stadig blir omtalt som forteljingar om «guders kjærlighet til dødelige kvinneskikkelser, snarere enn om deres voldtekter av dem.»

Klassisisten Thorsen viser også at det til alt overmål ofte, «i klassisk victim blaming-stil», er ofra som får skulda og blir straffa for desse valdtektane, ved å bli forvandla til noko heilt anna. Ho argumenterer også overbevisande for at den måten krigs- og valdshendingar «ikke forherliges, men problematiseres», gjer det «fristende å kalle verket for et antikrigsepos».

Ærefrykt for naturen

For eigen del vart eg overraska over at verket også er aktuelt som kjelde for viktige innsikter om menneskas forhold til naturen. Heilt sidan Hegel har ein undra seg over at Metaformosene tilsynelatande, i motsetning til den egyptiske mytologien, har skildra forvandlinga til dyr og planter som straff, som noko som reduserer offera til noko lågare av mindre verdi.

Men det er jo også mogleg, oppdaga eg, å tenke at når dei namngitte som blir forvandla, blir ein blomst, til dømes ein narsiss eller påskelilje, som Narkissos, eller fjell, elver eller fuglar, blir namna og forteljingane heldt levande. Tilmed i så stor grad at det innbyr til ærefrykt for naturen.

Dryope som vart forvandla til eit tre, ønsker at sonen skal hugse på henne: «Når han begynner å snakke, så sørg for at han sier ‘hei’ til /meg og, bedrøvet: ‘min mor lever skjult i den stammen’. Respekt for / tjern må han likevel ha, og han må ikke plukke en blomst fra/ treet, men vite at allting som gror, er forkledde gudinner.» Dei siste seks orda er jo eit lite dikt i seg sjølv, og kunne godt stått på ein plakat i demonstrasjonar mot miljøøydelegging!

Slektskap med Bibelen?

Utgjevinga viser også at verket har fleire trekk til felles med eit anna kanonisk verk, nemleg Bibelen. Teksten er nummerert utifrå bolk og verseline, slik at det er mogleg å samanlikne med andre utgåver. Og Thorsen påpeiker at Ovid kjente jødiske skikkar frå Roma og at det ikkje er usannsynleg at han gjorde bruk av den greske bibelomsetjinga.

Det er ikkje usannsynleg at Ovid gjorde bruk av den greske bibelomsetjinga

I alle høve er det fleire interessante parallellar mellom dei to kanoniske skriftene, særleg når det gjeld skapingsforteljingane.

Samtidig språktone

Thorsens si leikne omsetjing framstår nesten som ein vitskapeleg utgåve ved at mange av dei nesten uforståelege referansane og namna blir forklart i noter. Det set omsetjaren fri til å framstille Ovid i ein språktone som nesten er samtidig.

Høyr berre korleis Kirke, sjølv forelska, gir råd til Glaukos: «Det er best om du prøver deg på en som gir sitt samtykke,/ ønsker det samme og gripes av jevnbyrdig kåtskap. / Du var jo verdt å bli sjekket opp – ja, og det hadde du lett blitt; / hadde du bare gitt håp om det, tro meg, da ble du forført òg! / Og så du ikke skal tvile, men stole på at du har draget».

Trans- og likekjønna formasjonar

Nokre av dei mange forvandlingane dreier seg også om skifte av kjønn: Tireiras i Tredje bok blir først forvandla til ei kvinne, for så igjen å bli mann. Ei av dei mest gripande kjærleikshistoriene i verket finn vi i den niande boka. Det dreier seg, med Thorsens ord «om den gjensidige og fullkomne kjærligheten mellom jentene Ifis og Ianthe fra Kreta, men også – etter hvert – ekteskapslykken mellom transgutten Ifis og jenta Ianthe.»

I den storarta romanen Jente møter gutt flyttar den britiske forfattaren Ali Smith den forvandlande kjærleikshistoria mellom dei to til dagens Skottland. Smith skriv seg på det viset inn i ei uoversiktleg lang rekke av kunstnarar som har brukt Ovids verk til inspirasjon for eigne kunstverk.

Ein skattkiste for andre kunstnarar

Thorsen nemner at «Metamorfoser er blitt kalt «malernes bibel». Det er nesten ikkje mogleg å besøke eit kunstmuseum utan å møte skulpturar og maleri med motiv frå Ovids verk. Men ein bibel og Ovid i sekken er ein faktisk godt rusta til å kunne identifisere dei fleste slike kunstverk laga før 1850.

Er dette årets julegåve til dei som trur dei har alt?

Og verket har vore ei sann skattkiste (eller overflødigheitshorn, for å nytte eit omgrep Ovid coina) for skjønnlitterære forfattarar og dramatikarar: Den tragiske kjærleikshistoria mellom Pyramos og Thispe i fjerde bok, var jo utgangspunktet for så vel handverkarane sitt spel-i-spelet i Shakespeares Ein midtsommarnattsdraum, som for sluttscena i Romeo og Julie.

Også komponistar har blitt inspirert av Ovids forteljingar. Både Monteverdi og Gluck laga opera basert på forteljinga om luttspelaren Orfevs og Evrydike frå åttande bok, mens Johan Sebastian Bach komponerte ei verdsleg kantate (BWV 201) som skildra den musikalske kappestriden mellom fløytespelaren Pan og lyrespelaren Foibos i ellevte bok.

Men alt dette kan du jo lese og høyre og grunne vidare på sjølv ved å lese i denne skattkista av ein klassikar, no omsider på norsk. Er dette årets julegåve til dei som trur dei har alt?



Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Anmeldelser