Anmeldelser

Eit litterært forsvar for sjakk

ANMELDELSE: Kristian Klausen har skrive ein svært leseverdig kortroman om liv og død, og om kampen mellom svart og kvitt i menneskesinnet.

Eg-forteljaren i ein av Klausens tidlegare romanar, med den talande tittelen Mitt liv var et hett bibliotek, oppdaga tidleg at Becketts romanar fann stad i Strømsø i Drammen. Noko liknande var faktisk tilfelle med tekstane til Joyce, Proust og Bellow, til og med Vildanden av Ibsen: «Ulysses foregår spesifikt i Drammen, tenker jeg i kjelleren». Det er ei lesarerfaring det ikkje er vanskeleg å forstå (eg for min del trudde at det meste eg las som ung, skjedde på Møllenbergeller rundt Småbergan i Trondheim.)

---

Alekhin

Roman

Kristian Klausen

Alekhins forsvars

95 sider, Cappelen Damm 2024

---

I løpet av eit etterkvart omfattande forfattarskap, har Klausen heldt fram med å undre seg: Kva om det kanskje var på eit loft i Drammen at Anne Frank heldt seg skjult og skreiv dagbok? Kva om det var hit krigsforbrytaren Adolf Eichmann rømte? Og at det var i Drammen Solzjenitsyn, trua på livet av sovjetisk etterretning, skreiv ferdig Gulag-bøkene? Kanskje er også dei gåtefullle måleria til Mark Rothko, skildringar av det han såg og opplevde då han vaks opp og levde i Drammen?

Storarta litteratur

Det merkelege er at resultultatet av denne insisterande stad-festinga til lett gjenkjennbare plassar i Drammen, i bok etter bok, slettes ikkje blir kleint. I hendene på ein dyktig forfattar opnar grepet heller opp og gjer dei ulike bøkene til storarta litteratur som handlar om noko livsviktig. Og bøkene er ofte så spennande at dei er vanskeleg å legge frå seg. I tillegg er dei velsigna korte (dette er jo trass alt Drammen, og ikkje Harstad!).

Har du ikkje lese noko av Klausen, seier du? Knapt høyrt om han? Den gode nyheita er at då har du mange gode bøker å glede deg til.

Verdsmeister i sjakk

Årets roman, Alekhins forsvar, handlar om den legendariske russiske sjakkspelaren Aleksandr Alekhin. Han var verdsmeister i sjakk og skreiv fleire berømte sjakkbøker. Den verkelege Alekhin døydde einsam i Portugal, forfulgt av sovjetisk etterretning etter å ha samarbeida med nazistane under krigen.

I Klausens versjon tilbringer han sine siste dagar på ein stad som, nok ein gong, minner mistenkelig om Drammen.

Alekhin

I nazistanes utrydningsleirar

Alekhin gjer eit stort poeng av at han i mange år i starten på sjakk-karrieren valde å spele og faktisk også vere svart, i ein rolle der han vart tvungen til å reagere på det andre spelte ut: “Møtt mennesker som svart, avventende, spilt deres sosiale spill, ut ifra hva de leverte av åpninger”.

Blakk og einsam tenker Alekhin tilbake på livet sitt. Han var gift med ei jødisk kvinne, og forsvarer sjølv det omfattande samarbeidet med dei tyske nazistane, mens Holocaust pågikk for fullt i all sin vondskap rundt dei, med eit ønske nettopp om å forsvare kona og familen.

Sjakk er ein stad for samspel og nye moglegheiter, eit høve til å spele ein annan rolle i livet

På Kafé Globus møter han ein dag ein mann som veit kven han er. Jakob Perlmann fortel at han er jødisk flyktning med norsk kone. I løpet av samtalen mellom desse to slitne mennene, den eine jødisk med norsk kone, den andre russsisk gift med ei jødisk kvinne, fortel Perlmann om sine dramatiske opplevingar i nazistanes utryddingsleirar.

Sjakk som reddar liv

Den spennande forteljinga handlar også om at sjakk faktisk kan vere nødvendig i ordets bokstavelege meining. Sjakk, og bøker om sjakk, kan faktisk vende nød. I dette tilfellet, redde eit liv. Og kanskje også opne for vennskap og kjærleik. På den måten framstår sjakkspelet ikkje som ein einsam ting, som Mykle ville sagt det. I staden er spelet ein stad for samspel og nye moglegheiter, eit høve til å spele ein annan rolle i livet. Sluttorda i romanen er nesten ein parafrase over dei kjente orda frå Forkynnaren om einsemd og felleskap som mange kjenner frå bryllup: “Det er betre å vera to enn éin.”

Dermed blir også Alekhins sitt noko rufsete forsvar for sine eigne val, i samtalen mellom dei to mennene, overraskande vendt til eit forsvar for Alekhin sitt liv og forfattarskap.

Meir skal eg ikkje røpe. Les sjølv, enten du no er sjakkspelar eller ikkje!

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Anmeldelser