Anmeldelser

Oppsiktsvekkande godt og spektakulært dårleg frå kristen forfattarhøvding

ANMELDELSE: C. S. Lewis har fengsla mange lesarar med barnebokserien om Narnia og sine kristne apologetiske bøker. Som science fiction-forfattar er han både oppsiktsvekkande god og spektakulært dårleg.

Mange av Vårt Lands lesarar vil vere godt kjende med delar av forfattarskapen til britiske C.S. Lewis. Lewis har vore ei bjelleku for intellektuell kristendom også i Noreg, ein ordsmart og sylskarp apologet (trusforsvarar) som har nådd ut til dei store lesande massane med fantasybøkene om Narnia. Løven, heksa og klesskapet er ein klassikar i barnelitteraturen. Det same er Se det i øynene (Mere Christianity) innanfor sakprosaen.

---

Lewis

Roman

C.S. Lewis

Romtrilogien: Malacandra. Reisen, Perelandra. Kampen og Thulcandra. Kraften

Omsett av Randi Brun Mannsåker og Andreas Kristiansen

799 sider (165 + 217 + 417), Veritas/Lunde forlag 2024

---

Under imprintnamnet Veritas har Lunde forlag no gitt ut dei tre bøkene i den litt mindre kjente Romtrilogien. Sjølv om dei to første bøkene i trilogien har vore gitt ut på norsk tidlegare, omsett av Randi Brun Mannsåker, er det prisverdig av Lunde å gjere dei tilgjengelege på nytt. Samtidig blir tredje bok i trilogien no gitt ut for første gong på norsk, omsett av Andreas Kristiansen.

C.s Lewis in studio

Opnar godt, sporar av

Eg har lese dei tre bøkene, som har fått titlane Malacandra, Perelandra og Thulcandra, etter kvarandre, med tanke på å gi trilogien ei samla vurdering. Bøkene gjer likevel så ulikt inntrykk på meg at den samla dommen blir meir brutal enn kritikken av kvar enkelt bok. I mine auge opnar nemleg C.S. Lewis godt, men sporar fullstendig av etter kvart.

Kampen mellom det gode og vonde er effektfull i fantasiuniversa hans. Når han dreg den kristne åndskampen ned på jorda i den tredje boka, der maktar og herredømme frå himmelrømda utkjempar slag om sjelene i små britiske universitetsbyar, med folk og fe marionettdokker, bikkar det for min del over i spekulativt tøv.

Det begynner derimot godt. I Malacandra blir vi kjent med språkvitaren Elwin Ransom, som blir kidnappa av to andre engelskmenn som har lært seg å reise gjennom verdsrommet i eit romskip drive av strålekraft. Hjernen bak denne oppfinninga, Weston, utstråler sjølv ei negativ kraft. Han er opptatt av å karre til seg gull, som på planeten Malacandra blir omtalt som «solblod». Weston har heller ingen skruplar med å bruke skytaren verken som trugsel mot Ransom eller som dødeleg våpen mot dei lokale innbyggarane som måtte stå i vegen for han.

Liv på Mars

Malacandra er eit anna namn på planeten vi kjenner som Mars. Til forskjell frå det vitskapen kan fortelje oss i dag, er Mars full av intelligent liv. Den første romanen i serien, som har den fulle norske tittelen Malacandra. Reisen, blir såleis ei klassisk sci-fi-forteljing der hovudpersonen møter og blir kjent med nye livsformer frå verdsrommet. Men Lewis skriv oppsiktsvekkande livleg og godt. Den første boka i Romtrilogien begeistrar meg.

Til sams med kameraten J.R.R. Tolkien, kjent for fantasyromanar som Hobbiten og Ringenes herre, er Lewis særleg opptatt av språklege fenomen hos dei nyoppdaga livsformene. Ransom, som sjølv er språkvitar, lærer seg såleis å snakke «hressa-hlab». Dette er språket som blir snakka av dei såkalla hrossa, eit oteraktig og poesielskande folkeferd som er ein av dei tre intelligente rasane på Malacandra.

I tillegg til dei to andre folkeslaga, dei lærde sornane og dei alltid arbeidande pfifltriggane, oppdagar Ransom ei høgareståande livsform kalla eldilane. Desse skal spele ei viktig rolle vidare i trilogien. Eldilane kan i mangt samanliknast med ein slags englar, som alle står under den mektige Maleldils herredømme. Det er ikkje vanskeleg å tenke seg at Maleldil er eit anna namn på Gud sjølv, som altså står relasjon til skapningar over heile solsystemet.

Den første boka i Romtrilogien begeistrar meg.

—  Alf Kjetil Walgermo

Reiser til Venus

Etter at den første boka sluttar med at Ransom vender heilskinna attende til jorda, gjer språkvitaren ei ny reise ut i verdsrommet i bok nummer to, Perelandra. Kampen. Denne gongen reiser han til planeten Venus (Perelandra). Her har kampen mellom det gode og det vonde spissa seg endå meir til. Det ligg på Ransom å hindre at syndefallet, slik vi kjenner det frå 1. Mosebok, får skje på nytt. Heile romanen, som kan omtalast som ein idé-sci-fi-roman, er i hovudsak ei skildring av korleis den første kvinna på Perelandra blir freista til fall. Slangen i paradis er endå ein gong den vonde vitskapsmannen Weston. Ransom, som denne gongen har reist gjennom verdsrommet utan Westons romskip, ved eldilane si hjelp, blir dels eit vitne til det som skjer, dels ein forkjempar for det gode.

Hylster for demonar

Perelandra, som kom ut midt undre andre verdskrigen, har noko av det same friske ved seg som også prega Malacandra – ikkje minst dei kreative og storslagne miljøskildringane og skildringa av dei intelligente livet på ein naboplanet. Samtidig kan vi ane ein tendens som skal slå ut i full negativ blomst i bok nummer tre, nemleg skildringa av menneske som underlagt gode eller vonde himmelmakter.

Weston blir berre eit hylster for demoniske krefter, ikkje eit menneske i kjøt og blod. Dermed blir det menneskelege dramaet også mindre intenst. Perelandra er ei skjønnlitterær bok som fortel ein spennande parallell til den bibelske forteljinga om Adam og Eva, men som ikkje heilt greier å få fram kva som eigentleg står på spel.

Åndskamp på jorda

Dermed er vi framme med bok nummer tre, Thulcandra. Kraften, som kom ut denne veka. Her rotar Lewis det alvorleg til for seg sjølv. Han pretenderer nemleg at det står noko svært alvorleg på spel, eit gigantisk slag på jordkloden (Thulcandra) mellom det gode og det vonde. Dette er moglegvis ei kjensle forsterka av den pågåande verdskrigen, for That Hideous Strength, som boka heiter på engelsk, kom ut i 1945. Problemet er likevel korleis menneska forsvinn som sjølvstendig aktørar til fordel for ein kosmisk kamp mellom gode og vonde krefter.

Lewis nyttar seg av Bibelens tale om «vondskapens åndehær i himmelrommet», som det står om i Paulus’ brev til efesarane. Problemet er likevel at Lewis re-etablerer ein fysisk variant av kampen som Kristus vann ein gong for alle då han døydde på krossen, og som i dag primært er ein åndeleg kamp mot det vonde. I Lewis’ univers har djevlane så å seie overtatt jorda, før Ransoms reiser til Mars og Venus opnar opp for at dei mektige eldilane kan stige ned i Storbritannia og utruste eit par utvalde menneske til å slå tilbake.

Ein treng likevel ikkje ty til teologien for å peike på dei svake punkta ved Thulcandra. Reint skjønnlitterært er romanen svak, altfor filosofi- og teoritung, prega av låg kreativitet i språkleg framstilling, med overflatisk karakterteikning og haltande romanplott. Dessutan er romanen minst 200 sider for lang – faktisk unnskylder endåtil Lewis seg i føreordet for dei innleiande kapitla!

Kanskje vil denne romanen appellere til eit knippe kristne akademikarar, men då på grunn av idéinnhaldet, ikkje fordi han er velskriven. I tillegg kjem det ei rekke håplause stereotypiar om kvinner som kanskje kan orsakast med at boka er skriven på 1940-talet, men som skurrar frykteleg i dag.

Kanskje vil denne romanen appellere til eit knippe kristne akademikarar, men då på grunn av idéinnhaldet, ikkje fordi han er velskriven.

—  Alf Kjetil Walgermo

Vekker Merlin frå dei døde

Verst er kanskje ideen å vekke Merlin frå dei døde (eventuelt frå ein 1500 år lang søvn). Merlin er den segnomspunne trollmannen ved den like segnomspunne kong Arthurs hoff på 500-talet e. Kr. Trollmannen, som Ransom lenge frykter skal vere på dei vonde si side, får ei nøkkelrolle i kampen mot dei demoniske kreftene i organisasjonen GREI (eller N.I.C.E. på engelsk). Det var altså ikkje nok med eldilar og utanomjordiske vesen i denne romanen, Lewis måtte grave fram litt britisk mytologi i tillegg.

Den vonde, totalitære organisasjonen er elles skremmande nok. GREI har som mål å sikre seg total makt i samfunnet og er såleis ein grei analogi både til Adolf Hitler og hans Nazi-Tyskland og totalitære trekk i vår eiga samtid. Leiarane i organisasjonen tilber eit avkappa hovud som demonane talar gjennom. Ransom og den vesle gjengen hans, på si side, set sin lit til Maleldil – som altså konsekvent blir omtala som Maleldil, og ikkje Gud.

På kvar si side i denne kampen finn vi ekteparet Mark og Jane Studdock, som skiftar på å tilby forteljarperspektivet i romanen – eit grep som etter kvart blir nokså masete. At det også i denne romanen, som i dei to førre, finst ein overordna eg-forteljar som ligg tett opp til C.S. Lewis sjølv, skal eg ikkje seie meir om her.

Ein feilslått roman

Det er positivt at Lunde forlag har sørga for å gi ut heile Lewis’ Romtrilogi, så både forlag om omsettar fortener ros for det. Mi klare anbefaling er likevel å starte med Malacandra, halde fram med Perelandra – og gi seg der. Thulcandra er ein feilslått roman, men for dokumentasjonen si skuld er det fint å ha også denne Lewis-boka tilgjengeleg på norsk.


Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Anmeldelser