Anmeldelser

Ramsalt, medrivande og sann historisk krim

David Grann har gjort det igjen! Årets utgjeving, «Mytteriet på Wager», er veldokumentert historieforteljing og meir spennande enn dei fleste romanar.

Den amerikanske journalisten og forfattaren David Grann gav ut i 2017 den storarta boka En amerikansk forbrytelse. Drapene i Osage County og dannelsen av FBI. Boka er velskrive og spennande som ein thriller, og basert på omfattande arkivarbeid, som etter kvart tar form av ei krimetterforsking. Det dreier seg om ei gløymt, til dels fortrengt, del av USAs nyare historie som vart til storfilmen Killers of the Flower Moon, regissert av Martin Scorsese og med stjerner som Leonardo DiCaprio og Robert De Niro i rollene.

Heilt annleis oppfølgjar

Grann har følgt opp suksessen med å skrive ei faktisk vel så god bok om noko heilt anna: Nemleg om havari, mytteri og tilmed drap i den britiske marinen i 1740-åra. Resultatet er ei vakker bok, med mykje bildemateriale og historiske kart, som også er basert på grundig kjeldegransking i eit uventa godt dokumentert hendingsforløp.

---

wagner

Historisk krim

David Grann

Mytteriet på Wager. En beretning om skipbrudd, opprør og mord

Omsett av Torleif Sjøgren-Erichsen

267 sider, Aschehoug 2024

---

Også Mytteriet på Wager er historisk true crime, om det er noko som heiter det. Det merkelege med slike sanne forteljingar om noko som faktisk har skjedd, er at dei ofte ikkje står fram som særleg sannsynlege eller truverdige. Dei fleste forlag ville truleg avvist ein krimroman der det viser seg at det er sambuaren til Norges justisminister som har sendt truslar til fleire ministrar i kjølvatnet av ei teaterførestilling.

Like usannsynleg verkar også det som Grann dokumenterer har skjedd i desse to bøkene.

22 år etter Robinson Crusoe

I 1740 seilte krigsskipet Wager ut frå Portsmouth som ein del av ein heil krigsflåte som hadde som hemmeleg oppdrag å kapre ein spansk gallion full av gull i Stillehavet. Når Wager prøver å passere Kapp Horn, blir heile skvadronen overraska av ein orkan og Wager forliser i det dei trur er ei ubebudd øy heilt sør på den amerikanske Stillehavskysten.

Høyrest dette kjent ut?

Dette skjer faktisk berre 22 år etter at Daniel Defoe i 1719, gav ut romanen Robinson Crusoe, som også var basert på verkelege hendingar, som det heiter, nettopp frå desse øyene: Den skotske sjømannen Alexander Selkirk vart redda etter fire års opphald her i 1709.

Skipet Wager forliser altså, berre eit fåtal av den 250 manns store besetninga overlever. Dei forliste prøver å finne ut korleis dei saman eller kvar for seg skal greie å overleve, og eventuelt kome seg tilbake. Konfliktar bryt ut om det avgrensa matforrådet og om spørsmålet om det er mest sikkert å fortsette nordover langs Chiles vestkyst, eller å returnere rundt det farefulle Kapp Horn. Etter eit dramatisk oppgjer, der ein sjømann faktisk blitt skoten av kapteinen, blir dei overlevande splitta i to.

Rettssak om mytteri og mord

Begge fraksjonane greier faktisk på farefullt og strabasiøst vis, å ta seg heim. Men det viser seg at kaptein Cheap og dei få som følgde han, har ei heilt anna forteljing å fortelje enn dei andre som vart tatt imot som heltar då dei kom til Storbritannia tre år før. Det heile resulterte i ein spennande rettssak om mytteri og altså også mord.

Det utrulege er at begge partane har skrive nøyaktige dagbøker med sin versjon

Det utrulege er jo at begge partane har skrive nøyaktige dagbøker med sin versjon av det kompliserte hendingsforløpet. Dette er skriftlege kjelder som Grann byggjer på og som også i ulike variantar har blitt offentleggjort før. Kjeldene til den «sanne historia» om forliset og mytteriet er i stor grad partsinnlegg og inneheld mange motstridande opplysingar. Grann gjengir begge partane sine synspunkt og overlater til lesarane «å avsi den endelige dommen – historiens dom».

Bestefar Byron

Det heile lyd jo som fiksjon. Og den dokumenterte og eventyrlege forteljinga om havariet og mytteriet, skriv seg inn i litteratur- og lærdomshistoria. Ein av dei som etter kvart valde å følgje kapteinen, var John Byron, bestefaren til diktaren lord Byron, som har også har skrive skjønnlitterære verk inspirert av slektningen. Og ikkje nok med det: «Filosofene Rousseau, Voltaire og Montesquieu ble påvirket av rapporter om ekspedisjonen, det samme ble også, på senere tidspunkt, Charles Darwin og to av de store forfatterne av maritime romaner, Herman Melville og Patrick O’Brian.»

The Wreck of the Wager

Dersom du altså oppdagar at Granns historieforteljing liknar på at du har lese før, til dømes som skjønnlitteratur, er det ikkje sikkert at det er sakprosaforfattaren som har etterlikna det stoffet som romanar blir vevd av og skjønnlitterære grep og forteljemåtar!

Dette er akkurat ei slik bok mange, utan å vite det, har behov for å lese no

Same kva er dette akkurat ei slik bok mange, utan å vite det, har behov for å lese no. Historia er full av spennande vendingar og Grann trekker opp eit stort historisk lerret: om korleis den britiske marinen fungerte heilt på detaljnivå, og med glimt av dei større historiske samanhengane som vaier i bakgrunnen: Dei europeiske statane si utbytting og kolonialisering av Amerika og Afrika, innbyrdes krigar dei imellom og også, som i den førre boka, ein underliggande rasisme.

Det heile skriv seg inn i ei form for historieformidling som er spennande, velskrive og som attpåtil gir ny innsikt om noko som verkeleg har skjedd. Om du har lese noko av den svenske historikaren Peter Englund skjøner du kva eg meiner.

Blir truleg film

Den beste litteraturen sprenger grenser og er vanskeleg å klassifisere. Sidan Granns bøker ikkje er fiksjonslitteratur, er dei i biblioteka ikkje sortert alfabetisk etter forfattarnamn. Dei har heller fått sin plass ifølgje Deweys desimalklassifikasjon etter kva dei handlar om. Det gjer at Granns ulike bøker hamner i ulike bokhyller: Mytteriet på Wager finn du, etter litt leiting, under reiseskildringar og etter staden på forliset, her i Stillehavet. Mens En amerikansk forbrytelse derimot står på hyllene for «Samfunnssikkerhet»!

Og så lurer du kanskje, der du går og leitar langs hyllene på biblioteket, om også denne bestseljaren blir filmatisert? Det ser sånn ut: dette er jo ei forteljing som går utpå mange klassiske «historiske» skipsfilmar. Og forlaget opplyser også at «Scorsese og Leonard Di Caprio har kjøpt filmrettighetene til denne boka».

Så då er det berre å vente. Og å lese bøkene i mellomtida!


Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Anmeldelser