Ellevill apokalypse med bibelsk saus
BOKMELDING: I Morten Øens nye roman er Harmageddon på veg til øya Merdø utanfor Arendal. Den sprelske romanteksten er både bibelmarinert og urovekkande.
PROVOSERANDE: – Mange kan komme til å sette kyrkjekaffien i vrangstrupa av Morten Øens siste roman, skriv kritikar Alf Kjetil Walgermo.
Forlaget Oktober
Eg har sjeldan lese ei bok med så stort spenn i seg som Morten Øens ferske roman, Merdø. På den eine sida handlar boka om ein finsk fotograf som kjem til øya Merdø utanfor turistsesongen for å ta bilete av ein sjeldan albatross. På den andre sida er ho ei utforsking av Guds eksistens. For det tredje ender ho med å bli ein bloddryppande kamp på liv og død, der fotografen Aatami og venen Juhani må kjempe mot demonar og zombiar frå helvete.
Morten Øen er kjent for å skrive bøker med eit visst provokasjonselement, og eg ser fint for meg at han klarer å skremme opp ein horde av sørlandske bestemødrer med denne romanen. Ja, det er mange som kan komme til å sette kyrkjekaffien i vrangstrupa her. Det er ikkje dagleg kost å sjå den bibelske åndskampen utspele seg i fysisk form i ein norsk roman.
Om ein då skal kalle Øens scenario for bibelsk. Sikkert er det i alle fall at romanen er marinert i bibelstoff av ymse slag, der bibelsitata kjem tett som hagl – også i form av daglege sms-ar – og den store hora frå Babylon opptrer som ein kåt og blodtørstig svensk kulturminster.
Bestill abonnement her
KJØP