Anmeldelser

Les langsamt og om igjen!

Øyvind Rimbereids tiande diktbok er til å tenke med. Den er også uventa spennande og morosam.

Øyvind Rimbereid er ein forvitneleg og prisvinnande lyrikar som har skrive om alt frå orgelmusikk og lovsamlingar til spennande framtidsskildringar i Solaris korrigert (2004). Årets bok Hvorfor hjerte nummer to. Et dikt er ei vakker bok med eit papirklipp av Rimbereids danske diktarkollega H.C. Andersen på omslaget.

Ved første raske gjennomlesing framstår boka som litt gåtefull og som annleis enn trufaste Rimbereid-lesarar hadde forventa. For boka består ikkje av enkeltståande dikt, men av tekstar, skrive vekselvis på bokmål og stavangerdialekt, der to unge, einsame og svært ulike menneske i Stavanger på 1970-talet kjem til orde. Etter kvart utviklar det heile seg til ei samanhengande forteljing.

Lese langsamt

Det gåtefulle og det u-forventa tyder på at boka er verd å bruke tid på og å lese langsamt. Tittelen inneheld eit spørsmål og ein påstand, ein påstand om at heile mosaikken av tekstar utgjer eitt samanhengande dikt.

Jim bur hos den gudfryktige tanta si. Om natta, «saksa si tid», får vi vite at han klipper i sløret framfor seg, kanskje mest av alt for å finne ut korleis livet kan bli når han blir eldre. Jim er ikkje opptatt av å sjå seg tilbake: «Det e et slør bag meg òg,/ i det klyppe eg aldri,/ det må bare henga.»

---

rimbereid

Dikt

Øyvind Rimbereid

Hvorfor hjerte nummer to

88 sider, Gyldendal 2023

---

Ein dag i desember flyttar femtenåringen Thea inn saman med mora si i den vesle leilegheita under Jim. Thea har ein hjartesjukdom og må bevege seg svært langsamt. Thea reflekterer på bokmål over kva ho ser og kva ho tenker på når ho klipper i papir på kveldane.

Eller er dette språket hennar, der det ikkje heiter «eg» men «jeg», kanskje også ein sosiolekt, altså fin-stavangersk? Noko kan tyde på at den vesle familien har gjennomgått ei klassereise nedover, etter at den fråverande faren «falt» og vart borte.

Kva dei to hovudpersonane har opplevd før dei blir naboar, får vi ikkje vite mykje om. Tekstane skildrar mest av alt korleis dei to opplever og reflekterer over kvardagane sine ein gitt stad på ei gitt tid. Og etter kvart dreier det seg også om at det er mogleg at dei, så ulike dei er, kan skape seg ei framtid saman.

Jim vil vekk

Byen er altså Stavanger og tida er slutten av 1970-åra: før mobilane og dei berbare skjermane. Her er det meir overgangen til fargefjernsyn, angst for atombomba og nyheiter om Bravo-ulukka som gjeld.

Jim flyttar seg raskt frå Lagårdsveien til Vålandstårnet og til Paradis. Og han syklar tilmed over ei elv han kallar Jordan. For dette er ein stad og ei tid der dei bibelske referansane stadig gir meining: Getsemane, skjærtorsdag og også Jesus.

Tanta likar ikkje å høyre kva Jim tenker om Jesus når han eigentleg skulle sove: «her inne e det bare Jesus som sove, /tenke eg at me seie. / Jesus sove alltid, egentligt, /med håvet på skakke på korset, /Jesus, verdens beste te å sova.»

Jim vil vekk frå alt dette, så raskt som mogleg: «det eg kan best, å komma seg vekk», seier han sjølv. Det er derfor han beveger seg så lynraskt rundt på sykkelen og stadig overskrid nye grenser, også for kva som er lov. For ei saks kan ein jo også bruke til å dirke opp ein hengelås med.

Thea, på si side, observerer og reflekterer over alt som skjer, også når ho klippar ut figurar i papir i ulike fargar.

Langsamt, fleire gonger

Det store spørsmålet som eit slikt langdikt om to einsame ungdomar på ein bestemt stad til ei bestemt tid, reiser, er om det kan opne opp for å sjå samanhengar på ein ny måte? Etter å ha lese Rimbereids siste bok, langsamt og fleire gonger, er eg sikker på at svaret er ja. Ja, kanskje nettopp fordi det ikkje tek utgangspunkt i tilsynelatande tid- og stadlause omgrep?

Ved første raske gjennomlesing framstår boka som litt gåtefull og som annleis enn trufaste Rimbereid-lesarar hadde forventa

—  Rolv N. Jakobsen

Langdiktet er publisert både i ei vakker papirutgåve og som lydbok. Det er forfattaren sjølv som les. Rimbereid gir stemme til dei dei to ungdommane med autoritet og vekslar stilsikkert mellom tekstane på bokmål og dialekt, utan hastverk og unødvendig dramatisering.

Noko av det fine med å høyre ei opplesing som ikkje skrur opp tempoet når det blir spennande, er at dei enkelte tekstane kjem til sin rett. Vi som høyrer på, må la verket få ta den tida det tek og får rom til å tenke over formuleringar og einskildtekstar. På den måten peikar lydboka mot at det alltid er bra å lese gode tekstar langsamt og om igjen.

I staden for å sitere frå minneverdige formuleringar, til dømes om den første luka i adventskalenderen, eller røpe korleis det går, er det derfor rimeleg å reflektere over kva denne gjentekne (papir)klippinga kan bety.

Rousseaus slør

Allereie på den første sida skil Jim mellom sløret «framfor» seg som han vil klippe i og sløret «bag» som han ikkje rører. Sløret som kan skjule og vise fram, minner om sløret den franske forfattaren Rousseau skriv om fleire stadar: det som hindrar oss å ha kontakt med og skjøne alt som det som skjer i hjartet. Og når det gjeld framtida, er det jo all grunn til å minne om at ordet apokalypse, nettopp betyr av-sløring.

hc andersen papirklipp

Thea brettar eit papir i to og brukar saksa for å klippe ut figurar. Brettar ein det tilbake, kjem det til syne nye figurar. Og den hjartesjuke og einsame jenta spør seg sjølv og oss: «Hvorfor finnes brått et hjerte nummer to / i dette røde papirklippet mitt?»

At det faktisk blir to hjarte når ein brettar det ut, viser jo også omslagsillustrasjonen: «Møllemand med paryk og stok» av H.C. Andersen. Andersen som ofte klipte papirfigurar mens han fortalde og dikta eventyr, har faktisk laga svært mange slike variantar av utskorne papirhjarte. Dagens fun fact er at Andersen også er opphavsmannen til dei fletta julehjarta som mange av oss stadig heng på juletreet.

Alvor og humor

For Thea som for Andersen er papirklipp noko djupt meiningsfullt som også er forbunde med eit stort alvor. Som den danske rockepoeten Kim Larsen skriv det i den mest kjente låten si, «Papirsklip»: «Når nu min verden bliver kold og forladt / Finder jeg trøst i min kæreste skat /Klipper motiver med drømme og saks/ Papirsilhouetter af den fineste slags.»

Rimbereids diktbok set ord på alvoret, men er i tillegg til tider uventa morosam og spennande. Les langsamt og om igjen! For dette er ei bok som er vel eigna til å tenke vidare med når vi no går inn i ei mørkare tid.

Få aktuelt bokstoff fra Vårt Land til din e-post. Meld deg på vårt nyhetsbrev her:

* indicates required
Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Anmeldelser