Anmeldelser

Humanisme med teologisk tendens

Marilynne Robinsons essaysamling handler ikkje berre om kva vi gjer, men minst like mykje om kven vi er

Originalomslaget på Marilynne Robinsons essaysamling What are we doing here? (2018), har bilete av ein stjernehimmel, mens denne første sakprosautgjevinga av Robinson på norsk, ber eit granskande forfattarportrett.

Begge er like velvalte, ettersom innhaldet i samlinga spenner vidt tematisk og forflytter seg utvunge mellom det djupt personlege og det eksistensielt overordna.

Den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson (79), er aller mest kjent, for ikkje å seia elska, for Gilead-romanserien. Ho er også svært høgt respektert for ein etter kvart omfattande sakprosaproduksjon. Hva gjør vi her? samlar prestisjefylte føredrag, førelesingar og innlegg frå perioden 2016–2018.

Vi har å gjera med ein forfattar som årleg vert invitert til eit absolutt toppsjikt av tilstellingar i inn- og utland, ho figurerer hyppig i Nobelpris-spekulasjonar, og har sjølvsagt motteke ei lang rad prisar og utmerkingar for forfattarverksemda si.

Breitt spekter

Hva gjør vi her? har ein undertittel som røper ei tematisk retning for samlinga, litteratur, språk og teologi, men utover i lesinga framstår den mest som ei underdriving. Robinson skriv nemleg om svært mykje i tillegg; politikk, økonomi, historie og vitskap, for å nemna noko.

Spennvidda kan lesast som ein refleksjon av forfattarens lange fartstid, men lang fartstid treng slett ikkje vera nokon garanti for slik breidde. Det er vel så mykje eit imponerande uttrykk for krafta i vedvarande nyfikne.

Robinsons interesse for teologi og hennar kalvinistisk orienterte kristentru har altså ikkje vore til hinder for at ho har tiltrekt seg vide lesarskarar. Tekstane hennar vert drøfta i publikasjonar som kan plasserast i ei vid vifte på den politiske skalaen.

Ei viktig forklaring ligg truleg i sjølve skrivekunsten hennar. Ho held gamle dygder høgt, og i refleksjonane hennar både om politikk og om det amerikanske utdanningssystemet, er ho oppteken nettopp av å kjempa mot ei nedskalering av høge humaniora-ideal til fordel for ei rasjonell, men fattigsleg kost-nyttetenking.

---

M Robinson

Essays

Marilynne Robinson

Hva gjør vi her? En essaysamling om litteratur, språk og teologi

Omsett av Preben Jordal

332 sider, Verbum 2023

---

På dette punktet driv ho formidling i pakt med eigne ideal for malmfull og velklingande prosa, som ikkje er lett å berga over i norsk språkdrakt. Mange lesarar vil høyra for seg korleis ord og vendingar kling i originalutgåva, dette vert særleg følbart i ei utgjeving der innhald og tematikk er amerikansk frå a til å.

Kaskadane av kresne vendingar får seg fort ein norsk klumpfot her og der, men vår språklege mellommann skal likevel ha honnør for heiderleg arbeid med ei krevjande oppgåve.

Lite kross og omvending

At den teologiske interessa hennar ikkje har sjalta henne ut frå det gode selskap, skuldast truleg at ho meir representerer ein teistisk humanisme enn ein transformatorisk teologi i det ho skriv. Det ved kristendom som vanlegvis vekker motvilje og motstand hjå folk som ikkje trur; behovet for kross og omvending, ligg i lita grad og vaker i tekstane hennar.

Behovet for kross og omvending, ligg i lita grad og vaker i tekstane hennar

—  Sofie Braut

Ho har ein svært appellerande, optimistisk grunntone, ei tru på menneskeleg «self improvement», som stundom er rørande, stundom irriterande, men som i lita grad set lesaren på val.

Det er slik sett behageleg å slå følgje med Robinson, ho gir innblikk utan å trenga seg på.

Våpendragar for Calvin

Den prisvinnande amerikanaren er tidvis skarp, til dømes når ho både går i rette med høgresida sin motvilje mot skatt og felles innsats for det gode samfunnet. Gjennomgåande er essaya like fullt prega av nøktern optimisme. Robinson ærar gamle kulturideal, slik som når ho drøftar grunnlegginga av hennar heimeuniversitet i Iowa, men tonen er forsonleg, og ho finn også mykje å gleda seg over i nyare tilskott til kulturen.

Marilynne Robinson

Likevel, noko har ifølgje Robinson, gått tapt, eller er i ferd med å gå tapt i samtida vår. Dette gjer det tvingande nødvendig å reisa spørsmål som «Så, hvordan skal vi vinne tilbake humanismens livgivende ånd?», eller å åtvara mot kynisme: «Vår nåværende verden trenger ikke å bys kynisme som den ytterste sannhet.»

Desse to sitata legg føringar for mykje av det forfattaren kretsar rundt: å ta vare på det menneskelege, det foredla og foredlande mennesket som insisterer på å stå imot overflatisk, gjerne medieskapt forvrengning og frykt. Første teksten i boka, ei preike med overskrifta «Bakvaskelse», tek opp korleis hennar eiga mor på sine eldre dagar vart fanga av eiga frykt i eit miljø der Fox News overtydde dei om at verda var ved å gå under.

Gjennomgåande er essaya prega av nøktern optimisme

—  Sofie Braut

Slik kritikk må seiast å vera av det meir konvensjonelle slaget, og det som kanskje særmerker Robinson er at ho samstundes med å framføra desse perspektiva, også her gjer seg til ein ihuga våpendragar for ein av sine store heltar, reformatoren Calvin og ikkje minst puritanarane som grunnla New England tilbake på 1600-talet.

Det er svært sympatisk når ein skarp kritikar også har mykje å forsvara. Som ho sjølv oppsummerer: «[...] jeg har tilbrakt en stor del av mitt voksne liv med å arbeide for å redde skadde eller nedvurderte omdømmer».

Ubalansert Obama-hylling

Det sympatiske slår likevel over i noko underleg ubalansert med eit hyllingsskriv for forfattarens ven, Barack Obama. I artikkelen «Et bevis, en prøve, en veiledning» skildrar ho si respekt for den tidlegare presidenten, som med hennar hennar eigne ord er «enorm og utan skygge».

I ein tekst der ho mellom anna slår fast at «nostalgi forfalsker», ligg paradokset snublande nær når ho på tampen av Obamas presidentperiode løftar han fram som sjølve symbolet på den «autensiteten og samfølelsen» som ho meiner nostalgien urettmessig appellerer til.

Det er ingen tvil om at samlinga Hva gjør vi her fortener ei norsk utgåve, og for mange som er glade i Gilead-bøkene tener sakprosa-delen av Marilynne Robinsons forfattarskap som ei fordjuping av det skjønnlitterære.

Som engasjerande sakprosa står samlinga naturlegvis også svært godt på eigne bein.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser