Anmeldelser

Marilynne Robinson skriv stor litteratur

Marilynne Robinson er eit av dei største namna i den amerikanske samtidslitteraturen og skriv innsiktsfullt om familie og kristen tru. No blir ho endeleg følgd opp på norsk.

Amerikanske Marilynne Robinson har i fleire år vore på radaren til norske litteraturinteresserte, ikkje minst lesarar med eit visst religiøst engasjement. Slik Jon Fosse er ein av spydspissane i den europeiske skjønnlitteraturen, er Robinson blant dei fremste namna i den amerikanske. Begge skriv om Gud og religiøs tru på ein måte som presteskapet kan misunne dei frå frukost til kvelds. Kombinasjonen av eksistensiell innsikt og litterær kvalitet gjer dei til forfattarar vi rett og slett er nøydde til å lese.

Samanlikninga stoppar straks, for Robinsons språk og stiltone kan slett ikkje liknast med Fosses. Men gjentakinga er eit grep dei begge nyttar seg av: Fosse ved å skape ei suggererande form for tidløyse, Robinson ved å fortelje om det same tidsspennet sett frå ulike perspektiv.

Romanen Gilead (2004), som Robinson fekk Pulitzer-prisen for i 2005, kom ut på forlaget Bazar i Kjell Olaf Jensens norske omsetting for femten år sidan. Robinson skreiv vidare på det som er blitt ein mektig romankvartett – Gilead, Hjem (2008), Lila (2014) og Jack (2020) – mens dei norske omsettingane stoppa opp. Det er difor gledeleg at Cappelen Damm no har tatt ansvar for å følgje opp forfattarskapet. Gilead er gitt ut på nytt i ein finpussa versjon av Jensens omsetting, mens Ingrid Haug har omsett Hjem.

Fortel med hjartesvikt

Gilead og Hjem krinsar rundt livet til to pastorfamiliar i delstaten Iowa i USA på 1950-talet. Pastorane, John Ames og Robert Boughton, er nære vener og bur ikkje så langt ifrå kvarandre. Dei har begge sine utfordringar, og dei er begge gamle og sjukelege – døden nær, for å seie det rett ut.

Den føreståande døden er utgangspunktet for Gilead, der John Ames er førstepersonsforteljar. Ames mista både kona og barnet sitt i barsel som ung mann. Sidan levde han storparten av livet som enkemann, før han gifta seg med den mange år yngre Lila og fekk ein son på sine gamle dagar. No har 76 år gamle Ames begynnande hjartesvikt. Han har like fullt mykje på dette hjartet som han ønsker å formidle vidare til den sju år gamle sonen. Forteljinga er stila til han.

Gilead er ei oppvising i skrivekunst. Robinson lar oss oppleve 1950-talet, og slektshistoriske trådar attende til 1800-talet, gjennom pastor Ames’ både fromme og somme tida mistenksame blikk. Ikkje minst går mistanken ut over den bortkomne sonen til pastorvennen, som plutseleg er komen heim til Gilead etter å ha vore borte i tjue år. Den skurkaktige typen i 43-årsalderen, som går under namnet Jack, blei i dåpen kalla opp etter han sjølv: John Ames Boughton er Jacks fulle namn.

---

m rob

Romanar

Marilynne Robinson

Gilead og Hjem

Omsett av høvesvis Kjell Olaf Jensen og Ingrid Haug

Cappelen Damm 2022


---

Mistanken mot den upålitelege namnebroren og gudsonen – som baserer seg på Jacks handlingar i oppveksten og som ung mann – får også næring av ein viss sjalusi. Jack kjem nemleg på god fot med Lila, den unge kona til Ames. Den snart døyande pastoren kjenner på ei sterk trong til å åtvare kona og sonen mot Jack, ei åtvaring han noterer ned i dagbokform.

Den bortkomne sonen kjem heim

Bok nummer to i serien, Hjem, fortel historia om Jacks heimkome frå ein annan synsvinkel. I denne romanen skriv Robinson i tredjeperson, men med synsvinkelen lagt til Jacks yngste søster, den 38 år gamle Glory. Ho er også komen «heim», til huset der ho vaks opp, for å stelle sin gamle far – også han er døyande – pastor Robert Boughton. Glorys eiga historie blir fortald dels mellom linjene, men ho har satsa på feil mann her i livet – ein gift mann som gjorde kur til henne og loppa henne for pengar i fleire år – og står no utan jobb og eigen familie.

Marilynne Robinson

Når storebroren Jack kjem heim etter å ha vore borte i tjue år, er han og Glory på mange måtar som framande for kvarandre. Like fullt kjem dei nokså raskt tettare inn på kvarandre. Jack forstår Glory og viser henne respekt. Og han klarer, til ein viss grad, å opne seg for henne – om sitt problemfylte forhold til alkohol, om livet som kriminell med fengselsstraff, måten han blir sett på med skepsis av dei fleste i heimbyen, om det samansette forholdet til den i stor grad tilgivande faren og den lite forsonande haldninga til pastor Ames. Den sistnemnde haldninga speglar måten Jack blir sett ned på av sin svarte «svigerfar» – endå ein pastor – som har sett foten ned for Jacks forhold til ei viss Della. Jack veit ikkje eingong om han får sjå henne att. Dette i eit samfunn der svarte menneske i stor grad blir vurderte som andrerangs.

Forsoning og tilgiving

Rasismetematikken er ein viktig understraum i Robinsons romanar. Det same er spørsmålet om forsoning og tilgiving. I eit miljø der dei sentrale personane siterer bibeltekstar like naturleg som dei pustar, skulle det vere rom for – men er ikkje alltid opning for – den store og altomfattande nåden. Robinsons grep med å fortelje eit kjent handlingsforlaup frå ein ny synsvinkel, verkar heilt i starten litt enkelt, men får nokså raskt ein verknadsfull og gripande effekt.

Robinson skriv med så vesentleg innsikt i menneskelivet – i familiedynamikk og i einsame sjelers lidingar – at du ikkje har lyst til å slutte å lese.

—  Alf Kjetil Walgermo

Der eg under lesinga av Gilead får sterk sympati for pastor John Ames, skjer det motsette når eg les om Jacks såre lagnad i Hjem – avsmaken for Ames veller opp i meg, før eg atter håper på at han skal gjere det rette. I den nye romanen er det den bortkomne sonen, Jack, og søstera hans, Glory, som vekkjer sterkast sympati og interesse, dernest pastorfaren Robert Boughton.

Innsikt i menneskelivet

Robinsons persongalleri er rikt og mangfaldig – utruleg nok, kunne ein seie, i og med at vi følgjer éin kongregasjonalist-familie og éin presbyterianar-familie i 1950-åras Iowa. Robinson kjem sjølv frå denne delen av kristenheita; ho vaks opp som presbyterianar og blei seinare kongregasjonalist. Både kongregasjonalistane og presbyterianarane er reformerte kristne som står i særleg arv til den franske teologen Jean Calvin. Såleis får til dømes det teologiske spørsmålet om predestinasjon – om alle menneske på førehand er utpeikt til frelse eller fortaping – ein sentral plass både i Gilead og i Hjem, der ein diskusjon om dette spørsmålet dannar ei felles referanseramme for dei ulike synsvinklane i romanane.

Bestemt på førehand eller ikkje: Marilynne Robinson er ein stor forfattar. Det handlar ikkje først og fremst om at ho er favorittforfattaren til Barack Obama, USAs tidlegare president. Ho skriv med så vesentleg innsikt i menneskelivet – i familiedynamikk og i einsame sjelers lidingar – at du ikkje har lyst til å slutte å lese. Bøkene hennar rører seg på djupet både når det gjeld relasjonar, samfunnsliv og viktige trusspørsmål. Full pakke, med andre ord. Det kjenneteiknar eit storverk.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Anmeldelser