Mykje lidenskap, lite presisjon

Ei andakt treng ikkje strekke seg ut i tid og rom og postmodernisme. Men det betyr ikkje at andakta skal vere lettvint.

Anmeldelse av andaktsbøker.
FOR ENKELT: Vårt Lands kritikarar melder andaktsbøker, og turen har kome til «Fra mann til mann». Ved å gjere andaktene lettvinte, mister «Fra mann til mann» rett og slett alvoret som ligg i kristendommen, skriv Lars Petter Sveen.
Publisert Sist oppdatert

Ei openberr sanning heimsøker alle andakter: Det er kort veg til det sjølvsagde.

Slik er det med mykje, så det er ikkje noko å skamme seg over. Sjølv Olav H. Hauges poesi ligg og dirrar akkurat på rett side av grensa mellom meisterleg litteratur og poesi for kjøleskapsmagnetar.

Men av og til lurer eg på om alt ei god andakt treng å gjere, er å skjule kor enkelt det heile er. Slik liknar andakta litt på ein popsong: Alle kjenner strukturen og veit kva som skal komme, og likevel blir vi bergtekne og overraska når artisten meistrar rammene for verket sitt.

Powered by Labrador CMS