Dobbel skuffelse frå Cormac McCarthy

Seksten år sidan Veien er Cormac McCarthy ute med to nye romanar. Både Passasjeren og Stella Maris sviktar på avgjerande punkt.

GIR FOR LITE: Cormac McCarthys romanunivers er fullt av påhitt, vitskapsbrokkar og filosofi, men tilbyr eit minimum av menneskeleg innsikt, meiner Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Det er fort gjort å la seg blende av forfattarnamnet Cormac McCarthy. For eit par tiår sidan blei han utnemnd som ein av dei amerikanske «fire store» av litteraturvitaren Harold Bloom – dei tre andre var Don DeLillo, Thomas Pynchon og Philip Roth. Ikkje lenge etter gav McCarthy ut romanane No Country for Old Men (2005) og The Road (2006) – på norsk: Ikke et land for gamle menn og Veien – og sikra stillinga på det litterære parnasset. Når bøkene i tillegg blei filmatiserte, fekk han eit endå større omland av lesarar. Filmen No Country for Old Men fekk fire Oscar-statuettar, blant anna for beste film og beste regi (Joel og Ethan Coen).

Sidan Veien har McCarthy blant anna gitt ut eit vitskapleg essay, skrive for eit amerikansk institutt han samarbeider med (Santa Fe Institute), eit skodespel og eit filmmanus. Kravet til litterær produksjon bør ikkje stillast høgare enn det, men like fullt har mange lurt på når McCarthy skulle komme ut med ein ny roman.

Svaret blei altså 2022, seksten år sidan førre roman. Til gjengjeld gir 89-åringen ut to romanar så å seie samtidig: Den første, Passasjeren, kom ut i slutten av oktober. Stella Maris kom ut denne veka (6. desember). Dei kan med fordel lesast i samanheng, eller kanskje heller – ingen av dei treng å lesast.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP