Anmeldelser

Knausgård opnar portane til dødsriket

Slusene til det hinsidige opnar seg i «Det tredje riket». Få skriv om døden og det evige livet som Karl Ove Knausgård, men han er samtidig i ferd med å tvære ut ein grandios idé.

Dødsriket har interessert menneska så lenge vi har levd på jorda. I Det gamle testamentet i Bibelen kan vi lese om «sheol» – «dei døde sin bustad». Termen blei på gresk omsett til «hades», slik vi kjenner dødsriket frå den greske antikken. Guden Hades var son til Kronos og Rhea, barnebarnet til Gaia og Uranos. I norrøn mytologi har vi ein parallell i Hel, dotter av Loke og herskarinne over underverda.

Kven er herre over døden i kristendommen? I eit nyleg essay «Kjøttets ingeniører», peikar Knausgård mot djevelen som innfører av døden i livet. Slutninga er ein smule enkel, for det er Gud som seier til Adam at han skal døy dersom han et av det forbodne treet – dette er Guds første replikk til mennesket i den eine av to skapingssoger i 1. Mosebok.

Samtidig er døden i kristen tenking blitt assosiert med det vonde. Bibelen peikar fram mot den nye himmelen og den nye jorda, der døden ikkje skal vere meir, heller ikkje sorg og lidingar. Då Jesu stod opp frå dei døde, braut han dødsmakta ein gong for alle.

Men om døden er overvunnen teologisk, ser vi framleis at alle rundt oss døyr. Dyr døyr. Menneske døyr. Det finst ikkje éin på jorda som ikkje døyr – med eit par svært sjeldne unntak frå bibelhistoria, som Enok og profeten Elia.

Men kva viss!? Kva om døden plutseleg ikkje var meir, her på jorda? Her startar Knausgårds romanskriving. I Det tredje riket sluttar menneska brått å gå inn i døden, samtidig med at ei mystisk stjerne har komme til syne på himmelen.

Religiøs berebjelke

Då Knausgård kom ut med romanen Morgenstjernen for to år sidan, var det med religiøs metaforikk som ein berebjelke i verket. I Bibelen står morgonstjerna i spenn mellom Jesus og Satan. Den same spenninga gjorde seg gjeldande i møte med den merkelege stjerna som stig på himmelen i Knausgårds roman: Er stjerna eit varsel om noko godt eller noko vondt? Viser ho vegen til Betlehem, eller vegen til Antikrist, den kjente folkeforføraren frå Johannes’ openberring?

Knausgård brukar morgonstjerna som eit høve til å skrive ut over livsens grenser, inn i dødsriket, inn i dei store eksistensielle spørsmåla om døden og det evige livet. Ein av personane i Morgenstjernen, journalisten Jostein, rører seg nettopp gjennom eit dødsrikelandskap – han ligg i koma i vår verd, men er journalistisk observerande i den neste. Underlege jartegn skjer. Ein skremmande og mest truleg ikkje-jordisk skapnad dukkar opp.

Midt i alt dette står også presten Kathrine, som i romanen held ei fabelaktig preike i ei gravferd, men som også har vanskar i privatlivet sitt.

---

det tredje riket

Roman

Karl Ove Knausgård

Det tredje riket

483 sider, Oktober

---

Det kristne håpet

I den frittståande oppfølgjaren frå i fjor, Ulvene fra evighetens skog, var ikkje Kathrine med. Det var likevel tanken om det evige livet, allereie frå det innleiande bibelsitatet i romanen: «Han skal tørke bort hver tåre fra deres øyne, og døden skal ikke være mer, heller ikke sorg eller skrik eller smerte. For det som en gang var, er borte.»

Døden skal ikkje vere meir! Det kristne grunnhåpet flettar Knausgård saman med den vitskapelege framtidsoptimismen der somme allereie i dag kjøper seg fryseplass for å kunne frysast ned og moglegvis tinast opp i eit anna hundreår. Praksisen uttrykker eit håp omtrent som det kristne, nemleg å kunne leve vidare til evig tid.

Problemet med den førre romanen var at han var altfor omfangsrik og tok for lange omvegar rundt det Knausgård sette i gang med å utforske i Morgenstjernen. Og no er altså forfattaren her med endå ein tjukk roman. Det tredje riket tek opp mange av trådane frå dei to førre bøkene, og fleire av personane frå første bok – som presten Kathrine – er no med igjen.

Den heilage ande si tid

Det tredje riket nyttar seg av det same religiøse brenselet som dei to førre romanane gjorde. Det blir endåtil diskutert om «det tredje riket» er Den heilage ande si tid – rett nok utan at det blir utdjupa. Det er uansett ikkje noko historisk Hitler-Tyskland vi snakkar om her, frå forfattaren som tidlegare har skrive omfattande om Adolf Hitler. Men: Vondskapen frå Hitlers regjeringstid slår ut i full «blomst» i romanen. Det er som om portane til dødsriket opnar seg, og vondskapen frå det hinsidige får sette sitt merke på verda ei kort tid.

Det tredje riket nyttar seg av det same religiøse brenselet som dei to førre romanane gjorde.

—  Alf Kjetil Walgermo

Eg veit ikkje om det her er snakk om «ei tid og tider og ei halv tid», som Openberringsboka i Bibelen snakkar om. Det kan likevel synast som om djevelen sjølv er laus. Satan. Den gamle slangen. Antikrist. Den vonde har mange namn. Få av dei blir brukte i boka, men ein politietterforskar lurer etter kvart på om dette er den beste forklaringa: At djevelen har komme til Bergen og utført eit særleg bestialsk drap.

Bosch

Interessant nok er det presten Kathrine som avviser at dette er ein gangbar teori. Mens etterforskaren held moglegheita open, skyt teologen tanken på djevelen ned.

Djevelens domene

I Det tredje riket er det mindre rom for Jesus og Guds siger over døden og meir rom for ei skummel underverd. Døden er først og fremst djevelens domene. Stjerna er meir eit pentagram enn ei betlehemsstjerne. I kristen tenking blei Satan fort den sentrale motstandaren av Gud og hans himmel, ikkje ein av Guds søner, som i Jobs bok. Forestellinga om helvete, etter ein søppelplass utanfor Jerusalem, greip om seg gjennom teologi, biletkunst og litteratur. Knausgård, som er godt opplesen på både kunsthistorie og klassisk verdslitteratur, kjenner sjølvsagt Dante Alighieris meisterverk Den guddommelege komedien, ein av mest «levande» mellomalderskildringane av pinslene i helvete – samt lutringa i skjærselden og fryden i paradis. På porten inn til inferno, helvete, står det skrive: «Lat alt håp fare, de som inn lyt skride».

Med Knausgårds romslege måte å skrive romanar på, er det vanskeleg å halde på intensiteten og essensen.

—  Alf Kjetil Walgermo

Okkult stoff

Slik er det til ein viss grad også med Det tredje riket. Det er mykje okkult stoff i denne romanen, blant anna knytt til eit black metal-miljø. Norsk black metal er internasjonalt kjent for kyrkjebrannar og lefling med satanisme, sjølv om mange også har peikt på at satanisme ikkje er ein treffande term. Den gamle musikkritikaren Knausgård brukar uansett mykje av det han kan om norsk black metal-historie i denne romanen, og skrur det til fleire hakk. Eitt band blir offer for eit grufullt massedrap. Eit anna, Domen, det mest myteomspunne, spelar berre hemmelege konsertar.

Dantes infero

I dei tre seinaste romanane sine, inkludert Det tredje riket, skriv Knausgård seg opp mot ein litteratur som har vore opptatt av døden og etterlivet – der Bibelen lyser sterkast som idéleverandør. Ei innvending er om han spenner bogen for høgt, men nei – eg likar forsøket med å gå laus på dei verkeleg store spørsmåla. Derimot må eg spørje meg om Knausgård med det nye fleirbandsverket sitt blir for romstor for sitt eige beste. Med Knausgårds romslege måte å skrive romanar på, er det vanskeleg å halde på intensiteten og essensen. Det blir for mange rundturar kring den same nova. Særleg i dei to seinaste romanane er det for lite å tygge på sett i forhold til sidetalet.

Stortenkt lugging

Det tredje riket blir difor ingen perfekt roman. Han ber preg av å vere ein del av eit stortenkt og noko grandiost prosjekt. Men det luggar når eg litt for ofte kjenner at eg blir halden på avstand i staden for å bli dradd inn i det sentrale.

Knausgård opnar portane til dødsriket. Det er ikkje noko for sarte sjeler. Spennande er det, ikkje ulikt Dantes Inferno, som er kvassare enn paradisdelen. Men i spennet mellom destruktive dødskrefter ­og Guds gode rike, står gudsriket til evig tid som det mest interessante. Truleg burde Knausgård i større grad følgje den tråden. No risikerer morgonstjerna å gjere kompleks litteratur til ein variant av horrorsjangeren.


Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser