Anmeldelser

«Utvandrerne» anmeldt: Gamle røter på ny mark

«Utvandrerne» er ei sterk filmforteljing med gudstru og identitet i brennpunktet. Regissør Erik Poppe lukkast svært godt i si sjølvstendige tilnærming til Vilhelm Mobergs klassiske roman.

Når ein nordmann går laus på ein av dei største klassikarane i den svenske skjønnlitteraturen, er det i utgangspunktet å be om bråk. Debatten om Erik Poppes Utvandrerne etter den svenske premieren for eit drygt halvår sidan, bar då også eit visst preg av dette. Vilhelm Mobergs omfattande romanverk, Utvandrer-tetralogien, er dessutan blitt filmatisert tidlegare, av den svenske meisterregissøren Jan Troell. Det skal ein porsjon mot til for å lage ein ny film med dette bakteppet.

Erik Poppe er ein regissør som vågar. Ikkje minst våger han, saman med manusforfattarane Anna Bache-Wiig og Siv Rajendram Eliassen, å la dei religiøse trådane i Mobergs roman få god plass i filmen. Her bryt ulike formar for gudstru mot kvarandre på fleire vis, opplevd gjennom hovudpersonen i filmen, Kristina (Lisa Carlehed).

Kvinneleg hovudperson

Allereie i valet av hovudperson ser vi eit av dei viktige grepa i filmen: Det er Kristina og ikkje ektemannen Karl Oskar (Gustaf Skarsgård) som står i midten av forteljinga. Dette er gjort på ein svært naturleg måte, så naturleg at eg ikkje eingong tenker på det dei 150 minutta filmen varer. Det same var rett nok tilfelle i den svenske musikalen «Kristina från Duvemåla» (1995), av ABBA-gutta Benny Andersson og Björn Ulvaeus, så grepet er ikkje originalt. Likevel trur eg filmen tener stort på at Kristina er det prismet vi opplever handlinga gjennom.

Eit vesentleg aspekt ved den kvinnelege hovudpersonen er sjølve skodespelet, imponerande utført av Lisa Carlehed (kjent frå Pål Øies spenningsfilm Tunnelen). Carlehed maktar å la dei ulike spenningane i Kristina få truverdige uttrykk: forholdet til den gudfryktige mora, forholdet til mannen Karl Oskar, forholdet til den strenge prestefrua som blir naboen deira i Minnesota. Og ikkje minst: forholdet til kvinna som i Sverige blir sett på som eit ludder, venninna Ulrika (fint tolka av den svenske popstjerna Tove Lo).

Truverdige relasjonar

I desse ulike relasjonane ligg mykje av nerven i filmen. Kristinas utvandring til Amerika er svært vanskeleg for mor hennar, som blant anna seier at om Gud hadde villa at Kristina skulle bu i Amerika, hadde ho blitt skapt som amerikanar. Utvandringa blir eit brot. Kontakten mellom mor og dotter er ikkje lenger til stades, heller ikkje i brevform.

Kristina nøler då også lenge før ho av armod – og tapet av eit barn – støttar mannen sin i ønsket om å reise til Amerika. Dynamikken mellom dei to verkar truverdig for ein moderne film om eit par på midten av 1800-talet, slik Kristina både føyer seg i mangt, men samtidig utfordrar ektemannen på fleire punkt.

Eit viktig spørsmål i filmen er om Kristina lar Karl Oskars fridomslengsel øydelegge for hennar eigen fridom. Kan fridomen til den andre ta deg sjølv til fange, spør ho på eit tidspunkt. Svaret er nok ja. Utvandringa til USA gjer Karl Oskar til ein fri mann, men fridomen har også sin pris, ikkje minst for Kristina.

Så er det heller aldri ei enkel sak å emigrere. Utvandrerne minner oss om at det ikkje er så mange generasjonar sidan det var vi skandinavar som banka på døra hos andre – ei erkjenning som burde få dei fleste av oss til å sette dagens flyktningdebattar i perspektiv.

Erik Poppes "Utvandrerne"

Religiøst press

Dei religiøse brytningane kan tolkast inn i den same fridomskampen som står sentralt i filmen, om å finne sin eigen veg gjennom kryssande forventingar. I tillegg til den åndelege bagasjen Kristina har med seg frå Sverige – der tanken om ein straffande Gud har gjort solid nedslag i henne – er det særleg prestefrua (Sofia Helin) i det svensk-amerikanske nabolaget som pressar på for religiøst sneversyn. I prestefrua sitt verdsbilete er sjølv baptistar falne menneske, til sams med dei fleste andre som ikkje høyrer til den evangelisk-lutherske og pietistiske svenske greina ho sjølv og mannen hennar sit på.

For ikkje å snakke om kvinner med eit rykte, som Ulrika. Kristina sjølv må gå ein veg for å komme over sine eigne fordommar, men maktar etter kvart å sjå mennesket bak oppfatninga ho har hatt av henne. I Amerika utviklar Kristina eit nært venskap med Ulrika, og kallar opp eit barn etter henne, men blir på nytt vaklande i venskapen etter press frå prestefrua. Det er vondt å sjå, men dessverre eit treffande uttrykk for korleis somme religiøse miljø har tenkt om folk «på utsida» heilt opp til vår eiga tid, og drive ulike former for sosial kontroll.

Endåtil når Ulrika sjølv er blitt prestefrue, er ho ikkje god nok for moralens vaktarar. Ho blir framleis hugsa som ludderet frå heimstaden, og i tillegg oppfatta som sekterisk. Forholdet mellom Kristina og Ulrika blir stilt på store prøver, og det er liten tvil om kven av dei som utviser den største nåden når alt kjem til alt.

Erik Poppes "Utvandrerne"

Rosverdig

Erik Poppe skal ha ros for å gå inn i denne typen tematikkar på film, noko han også har gjort i fleire filmar tidlegare, blant anna deUSYNLIGE (2008). Poppe er ein av få norske filmskaparar som vågar å ta spørsmåla om Gud, nåde og tilgiving til det store lerretet. I dette tar han opp hansken etter dei store skandinaviske filmskaparane, som Ingmar Bergman, mens han blir ståande meir åleine i vår tid. Somme vil nok difor meine at Poppe jobbar med for store kjensler, for stor tematikk. Det er feil. Kva skulle filmen elles arbeide med, om ikkje dei eksistensielle spørsmåla?

Frå Sverige har Kristina fått med seg eit lite epletre ho vil plante i den nye jorda dei skal tileigne seg i Minnesota. Epletreet står igjennom filmen som eit tydeleg bilete på det krevjande ved å rykkast opp med rot og slå rot på nytt ein heilt annan stad – men også som eit bilete på heimkjensle, nye utsikter og himmelhåp.

Også Erik Poppe har lagt ut på eit krevjande prosjekt, men lukkast like fullt svært godt. Med Utvandrerne blir Vilhelm Mobergs romanrøter planta i ny mark. Treet blomstrar og ber frukt.

---

FILM

Utvandrerne

Svensk-norsk spelefilm

Regi: Erik Poppe

2 t. 27 min.

Aldersgrense: 12 år

Ordinær kinopremiere 2. september

Filmen er vinnar av Andreasprisen 2022. Den økumeniske filmprisen blir delt ut av Vårt Land, Film og Kino og Filmfestivalen i Haugesund.

Vårt Lands Alf Kjetil Walgermo er juryleiar for prisen.

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Anmeldelser