Anmeldelser

Edvard Hoems dikting får oss til å ville bryte ut i allsong

Edvard Hoems Ute, langt der ute er eit slåande konsentrat av eit langt og godt diktarliv.

Edvard Hoem er noko nær den komplette forfattar.

Han er ein forteljar av Guds nåde, noko som ikkje minst kjem fram gjennom romanane han dei seinare åra har skrive med utgangspunkt i si eiga slektshistorie. Eg nøyer meg med å nemne Mors og fars historie og Slåttekar i himmelen, også dei seinare romanane er glitrande.

Han er ein dyktig dramatikar, med fleire skodespel på samvitet, gjendiktar av Shakespeare, tidlegare teatersjef. Han er den djuptpløyande Bjørnson-biografen. Men, og i denne samanhengen må ein kunne seie det slik: Edvard Hoem er først og sist diktar, ein poet.

Han debuterte så langt tilbake som i 1969 med diktsamlinga Som grønne musikantar. Eitt av dikta derfrå, «Sommarhuset», er framleis mellom dei vakraste håpsdikta ein kan gripe til i livets mørke novemberkveldar:

«For ein morgon skal du vakne i eit sommarhus

på andre sida av mørkret og glatte fortau.

Du skal vakne til ei reinare luft enn her,

og høyre barns morgonlatter gjennom lyse rom.»

Diktet er også med i den ferske samlinga Ute, langt der ute, som samlar kjent og ukjent poesi frå eit heilt diktarliv.

Fleire av dikta i samlinga er tidlegare upubliserte. Andre har allereie rukke å bli ein del av vårt kollektive minne, ikkje minst blant dei av oss som somme tider kan finne på sette foten innafor i ei kyrkje.

Salmediktaren Edvard Hoem er likevel blant dei minst interne du kan tenke deg, tvert om er han kanskje ein av dei som har nådd lengst ut, der ute.

---

Poesi

Edvard Hoem

Ute, langt der ute. Dikt 1967 – 2021

Oktober 2021

hoem

---

Meir aktuell enn nokon gong

To av dei elleve Edvard Hoem-salmane som er komne med i Norsk salmebok, er inkluderte i denne boka. «Den fattige Gud» er berre endå meir aktuell i dag enn då han først blei gitt ut på EP i 1983. Hoem tematiserer både Guds storleik, Guds sjølvvalde sårbarheit og verdas menneskelege naud:

«Men er det sant at dei som bur

i svolten kring vår jord,

er Gud som menneske, da trur

vi òg at du er stor.

Når svoltens hær frå land til land

bryt opp og krev ei anna verd,

vil vi forstå, med vår forstand

kva for ein mektig Gud du er.»

Takken for det gode Gud gir oss, er tyngdepunktet i «No stig vår song», som Hoem opphavleg skreiv til kong Haralds 70-årsdag i 2007 og som blei framført av Det Norske Jentekor på kronprinsesse Mette-Marits salmeplate Sorgen og gleden året etter.

Eg siterer det første verset:

«No stig vår song, vår takk til Gud

for denne gode verd,

for havets salt, for regn og sol

og himlens stjernehær.

Vi takkar deg for storm og frost,

og snø som fell så stilt mot jord.

Vi takkar for den mørke natt,

og vårens tid, for alt som gror.»

Frå lovprisinga av Guds eigen katedral, naturen, syng Hoem seg fram heilt til Kristi siger over døden:

«No stig vår song, vår takk til Gud

for han som er vår fred.

Når Kristus sprenger dødens rom

fell siste stengsel ned.»

Ber om høgtlesing – og song

Eg siterer såpass mykje for å vise fram både den lydlege og den innhaldsmessig djupe sida ved Hoems dikting, som kan seiast å nå eit toppunkt i salmane hans. Hoems dikting får oss stendig til å ville bryte ut i allsong.

Dei beste dikta hans formeleg ber om å bli lesne høgt, gjerne med tonar til, slik lyrikksjangeren frå starten av var kopla på songen og musikken. Som Hoem sjølv formulerer det: No stig vår song!

Dei beste dikta hans formeleg ber om å bli lesne høgt, gjerne med tonar til, slik lyrikksjangeren frå starten av var kopla på songen og musikken.

—  Alf Kjetil Walgermo

Unn Falkeid er inne på noko av det same i det fine etterordet i boka: «Ja, sangen er kanskje den mest karakteristiske egenskapen ved diktene hans, og på mange måter uløselig knyttet til den profetiske talen. Rim og rytme gir budskapet en særegen tyngde. Alvoret befestes med tydelige slag.»

Dikting med rim og rytme har ikkje nett stått høgast i kurs i den norske poesien dei seinare tiåra.

Det er såleis ikkje rart at Hoem har venta såpass mange år med å gi ut ei bok som denne. No var tida moden, ikkje berre fordi boka kjem ut same haust som Hoems dotter, Ine, er aktuell med flotte albumet Alt vi har kjært. Tekstane på dette albumet er skrivne av far Edvard, og står også å lese i Ute, langt der ute.

Høgstemt og jordnært

Hoems beste dikt unndrar seg uansett dei lett skiftande litterære vindar. Der han kjem tett på det eksistensielle, mennesket sine grunnvilkår og vår relasjon til Gud, lever dikta urørt av tidens tann.

Eit døme frå eit tiår tilbake, er den sterke «Sorgsalme», som moglegvis ikkje kom tidsnok til å bli med i den nye salmeboka frå 2013, men som absolutt burde ha vore der:

«Trø stilt der sorga herjar. La saknet finne fred.

Den største sorg er heilag. I den skal under skje.

Dei veit det, dei som sørger, at dagar kan bli år,

før deira liv kan bera det ingen no forstår.

Gi tid, gi tid til sorga! I dag er nådens tid.»

Ute, langt der ute er eit slåande konsentrat av eit langt og godt diktarliv. Her finst både det høgstemte og det jordnære, det alvorlege og det sprelske. Fleire av dikta vil bli ståande og kjem til å bety noko for folk også om nye femti år. Det nyskapande ligg ikkje det tekniske, men i den dikteriske krafta som strøymer frå ein som har fått å drikke av urkjelda. Dette er poesi som når langt ut.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser