Anmeldelser

Atwood gjer sterkast inntrykk når ho vågar å vera aldrande og einsam

Poeten Margaret Atwood med djerve dikt om nedbryting av språk, menneske og miljø.

Namnet Margaret Atwood er forlengst skrive inn i verdas litteraturhistorie. For dei fleste som den store romanforfattaren, for færre av oss (eg er blant dei) som den djerve og nyskapande poeten.

Det var som poet ho byrja. Eg hugsa godt mi fyrste ferd til Canada då eg var ung poet og svolten på nye opningar for poetiske uttrykk: Diktsamlingane hennar, som eg fann i ei bokhandel i Calgary, opna dører for meg – som for så mange andre.

Å gå tapt

Ho var den unge djerve. No er ho den eldre poeten med ord som ho er redd er i ferd med å bli borte frå samtidsspråket. Ho skriv om det i den nye diktsamlinga, Dearly, som vi no har fått på norsk med tittelen Kjære vene i gjendikting ved Anne Karin Torheim.

Det er mangt som er i ferd med å gå tapt, ikkje berre ord som falmar bort, ikkje berre venene som døyr, men ein klode som er i ferd med å forsøplast. Livet går under i eit ragnarok – skapt av oss sjølve, vår grådugskap og våre brot på dei lovene som held skaparverket saman.

---

Poesi

Margaret Atwood

Kjære vene

Gjendikting ved Anne Karin Torheim

126 sider, Fanfare 2021

kjære vene

---

Distanse

Alt dette er tema i denne diktsamlinga. Sjølv om mange av dikta er retrospektive, handlar om liv og hendingar som var, held ho som før ein «tørr» distanse til dei ofte gruelege hendingar og lagnader ho skriv om – samstundes som ho detaljert og utan blygsel nemner dei mest intime sider ved lekam og handling. Ofte, og eg tykkjer nok i denne boka: for ofte, gjev ho etter for den atwoodske trongen til spøk og gjøn, sjølv i dei elles gravalvorlege situasjonane.

To hovudliner

I Atwoods dikting er det to – og ofte samanvovne – hovudliner: Den eine er den skarpt sivilisasjonskritiske og polemiske, der hennar feministiske ståstad er viktig (jamføre aktualiseringa av romanen The Handmaid´s Tale i metoo-konteksten). Den andre er der den kreative energien hennar fører henne inn ein fabulerande, overskridande poesi der det òg – stundom – er plass for djupt menneskelege kjensler. Men sentimental vert ho aldri.

Dystre livsvilkår

Menns urett og overgrep kvinner er tema ho har skrive om i så godt som heile forfattarskapen, så også her: Ein sentral diktsyklus i samlinga er «Songar for myrda søstrer». Ei ny hovudline for 82 år gamle Atwood er klimakrisa og dei dystre livsvilkår for neste generasjon, der vi er ansvarlege for øydelegginga av natur og miljø. Ho skriv om plasticene-epoken i ein «Plasticene Suite» som inneheld ni dikt om korleis plast trugar oss overalt, mellom anna gjer eit bilete av magen i ein død kvalunge inntrykk.

Den gamle kvinna ser korleis gamle fotografi og heile den gamle verda er i en prosess av fading, det heile falmar, bleiknar.

—  Knut Ødegård

Demens-tåka

Men sterkare inntrykk gjer dikt som er mindre på den allmenn-politiske agendaen, og som kjem overraskande på lesaren: Det gjeld ei skuffe med gamle pass, ein fugl som døyr ved å fly på ei vindusrute. Men endå meir der Margaret Atwood vågar å vera ei aldrande og einsam kvinne som nyleg har misst sambuaren etter at han sakte forsvann inn demens-tåka og til slutt vart heilt borte. Boka er dedisert til han, forfattaren Graem Gibson.

Gradvis borte

Den gamle kvinna ser korleis gamle fotografi og heile den gamle verda er i en prosess av fading, det heile falmar, bleiknar, og særleg sterkt vert dette når ho knyter denne fadinga til den gradvise mentale og kroppslege nedbrytinga av sambuaren. Det er òg språket som vert gradvis borte, ord som ikkje er i bruk lenger. Den engelske tittelen på samlinga er altså Dearly: Det er eit av dei orda Atwood er redd er i ferd med å kverva frå språket. Her – og fleire andre stader – ser eg (og skjønar eg) at gjendiktaren har store utfordringar når ho skal formidla Atwoods dikt i sin samnorskprega nynorsk. Kjære vene er ikkje så heldig val som i titteldiktet der «dearly» er omsett med det noko meir presise «inderleg»: «I loved him dearly», «Eg elska han inderleg». Han er her framleis, som ein «Invisible Man», men nærværet hans ligg i eit fråvær. I Torheims gjendikting:

.....

eit fysisk minne, lik det å henge opp ein hatt

på ein krok som ikkje er der lenger.

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser