Anmeldelser

Lettfatteleg og presis danningsreise frå Rune Slagstad

Når Rune Slagstad fortel om kven som har forma han – frå Edvard Munch til Greta Thunberg – speglar han også tidsånda dei siste 50 åra.

I flaumen av memoarbøker og sjølvbiografiar kan ein stundom drøyma om ein sjølvbiografi som ikkje nemner ordet «eg», og som handlar berre om det hovudpersonen har sett, høyrt og lese. Rune Slagstads Mine dannelsesagenter nærmar seg eit slikt ideal.

På same tid er det jo så absolutt ei bok om Rune Slagstad, og ikkje berre der han eksplisitt fortel om sitt forhold til folk han har møtt. Mange møter har gått føre seg berre i litteraturen, fordi ein god del av hans «dannelsesagenter» var døde då han vart fødd i 1945.

Filosofi og aktivisme

Men først: Dette er altså ei samling av 99 artiklar. Kvart kapittel har ein tittel, som ikkje røper kven det handlar om, medan innhaldslista opplyser om det. Eksempel: 30. «Foucault på norsk / Iver Neumann». Eller «33. Nietzscheaneren / Edvard Munch». Eller «40. Forballprofessoren / Egil Olsen». Slagstad har ordna artiklane sine kronologisk, etter skrivetidspunktet. Dei fleste har vore publisert før, men ikkje alle. Den eldste artikkelen, «Filosofisk flaskepost», er frå 1972, og handlar om Theodor W. Adorno og Max Horkheimer. Den nyaste artikkelen er frå i år, og stiller saman Greta Thunberg med den finske filosofen Henrik von Wright, som åtvara mot økologisk øydelegging i sterke ordelag på 1990-talet.

---

Sakprosa

Rune Slagstad

Mine dannelsesagenter. En politisk idéhistorie.

575 sider, Dreyer Forlag 2021

slagstad

---

Dei 99 artiklane viser både kva Slagstad har lese og vore oppteken av i desse åra, og kva slags tema som har vore sentrale i politikk og tenking. Han har vore i posisjon til å sjå mykje, som SV-politikar, tidsskriftredaktør, Pax-redaktør og som nomadisk akademikar. Slagstad har studert teologi, sosiologi, filosofi og statsvitskap, og hatt akademiske posisjonar i dei fleste av desse. Kapitla i boka speglar dette mangfaldet, samtidig som han held seg strengt til å portrettera ein (eller to-tre) personar i kvart av dei.

50 år med debattar

Undertittelen på boka er «En politisk idéhistorie». Det er ein god tittel, både fordi boka portretterer personar frå tidleg 1800-tal og heilt opp til Thunberg, og fordi den speglar kva som har vore sentrale debattar i dei 50 åra artiklane stammar frå. Eit døme er dei tre artiklane om Jürgen Habermas. Den første framstiller han som «revisjonistisk marxist», i ein periode då marxismen var intellektuell horisont i akademia. Den andre er skriven i høve 80-årsdagen til den tyske filosofen (2009), og koplar saman Habermas si overvinning av sitt kommunikasjonsproblem (fødd med open gane) med det tyske kommunikasjonsproblemet etter krigen, og gjev han noko av æra for forvandlinga frå Hitler-stat til leiande demokratisk verdsmakt. Den tredje artikkelen handlar om dei 1700 sidene Habermas gav ut om religionsfilosofi då han fylte 90, og speglar Slagstad eiga tilbakevending til ein teologisk problematikk. Han avbraut eit teologistudium på sekstitalet, og vart professor II ved teologisk fakultet 40 år seinare.

Rune Slagstad

Tre regime, tre danningstypar

Den som har lese hovudverket hans, vil kjenna att viktige omgrep frå De nasjonale strateger (1999). Han skildrar tre ulike regime etter 1814, embetsmannsstaten, venstrestaten og arbeidarpartistaten, og desse er knytte til tre danningstyper: den elitistiske embetsdanninga, folkedanninga og den positivistiske styringskunnskapen etter krigen. Ordet «dannelsesagent» har også ein bakgrunn i dette verket, der han skriv om «handlingsideologar». I begge desse orda ligg det at einskildindivid faktisk har handlekraft og kan utretta noko, men at dei alltid står i dialog med ein omgjevande ideologi, eller ei danningsform. Den nye boka handlar ikkje berre om nasjonale storleikar, men viktige formidlarar av ulike slags kunnskap på mange felt. Dette er boka om folk som hadde noko å fara med, og som greidde formidla det – frå politikarar med open og skjult makt (Jens Christian Hauge) til kvinnelege pionerar i fjellheimen (Catharina Kølle) og teologane Ole Hallesby og Per Lønning.

Bevegeleg, stundom paradoksal

Slagstad har ein skarp penn, og vil ein studera hans kampskrifter, så har han samla dei i eit stort bind med Utvalgte polemikker (2004). Her er det meir av kjærlege portrett, som dei varme bilda han teiknar av Asbjørn Aarnes, Egil A. Wyller og ikkje minst Francis Sejersted. Det vekte ei viss undring, på grensa til harme, på venstresida då Slagstad allierte seg med «høire-sosialisten» Sejerstad. I politikken var dei enige om dei fleste ting, bortsett frå den enkle ting at den eine stemte SV og den andre Høyre, som han skriv. Sejerstad kommenterte det politiske på sin måte. «At jeg stemmer Høyre, er nå en ting, men at alle de andre gjør det, har jeg kanskje vanskeligere for å forstå» (s. 303)

Her er det dei varme portretta som dominerer.

—  Jan Inge Sørbø

Både når det gjeld politikk og filosofisk orientering kan Slagstads posisjon verka bevegeleg og stundom paradoksal, noko som talar til hans fordel. Det er opplagt at han høyrer til i omlandet rundt SV. Men dei historiske arbeida hans viser stor sympati for Venstre, og han framhever mange stader kor mykje av sosialdemokratiet sine verdiar som vart tenkt ut i dette partiet. Det er også noko paradoksalt i hans sterke sympati for «folkedannelsen», lærarseminara, distriktssynspunktet, den eigenarta danninga som sprang ut av målrørsla og dei folkelege rørslene. For han utviklar denne sympatien frå eit urbant og elitistisk synspunkt. Eit uttrykk for denne spenninga er at han ser på kampen for høgskulen på Nesna som eit vendepunkt og teikn i tida: Utdanninga må vera der folk er, men fordelt slik at distrikta har profesjonsutdanningane og universiteta dei akademiske.

Verdikonservativ, men radikal

Som filosof startar Slagstad hos frankfurtarskulen, dei såkalla nymarxistane. Etter kvart oppdagar han berøringspunkta mellom radikalisme og klassisk filosofi, som han alt hadde lært av Wyller (før den politiske perioden tok til), og han allierer seg med Hans Skjervheim, Aarnes og ikkje minst Marcus Jakob Monrad. Han finn verdiane i ein verdikonservativ tradisjon, men forblir radikal, som «edelmarxisten» Dag Østerberg.

Som sagt er det dei varme portretta som dominerer. Han kan også vera syrleg, som når han spør om Jon Elster er som rognebæret, «høyt henger han og sur er han?» Eller når han påpeikar at filosofien fell heilt ut av norsk idehistorie etter Arne Næss, og at erstatning for store filosofar som Skjervheim og Wyller i etterkrigstida, blir Fantomet og Donald Duck, fordi dei hadde fleire lesarar. Desse fintene minner oss på at den polemiske Slagstad både er slagferdig og underhaldande – om i ein annan forstand enn Donald.

Lettfatteleg og presist

Det er også fascinerande kor mykje han skriv innforstått og originalt om, som til dømes arkitekturhistorie, Nietzsches rolle for Edvard Munch (som malte den store filosofen) – eller om oppbygginga av norsk turisme og idrett, frå Turistforeninga sin spede start til Drillos karriere. Samanstillinga av Ole Hallesby og Martin Tranmæl er innsiktsfull, og portrettet av Volda-historikaren Jostein Nærbøvik er varmt og treffande. Dei feministiske pionerane, frå Gina Krogh til Tove Stang Dahl skriv han også godt om.

Dei 99 artiklane gir lettfatteleg og presis innføring i ei rekke fag og disiplinar, via enkeltpersonar. Her er verkeleg noko å lære for den som søkjer kunnskap og danning. Men skulle eg velja meg ein «dannelsesagent» i alt dette, er det ikkje utenkeleg at valet fall på Rune Slagstad sjølv.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser