Anmeldelser

Kristjánsson briljerer på bøljan raud

Er det slik at alt Mímir Kristjánsson tar i, blir til gull? Biografien om Jon Michelet har i alle fall blitt det.

Boka startar ute på bøljan blå, medan Michelet sit på skipet «MS Borgland», der han nettopp har starta karriera si som dekksgut. Midt ute på Atlanterhavet skriv Michelet i dagboka at han vil prøve å forstå kreftene som driv han. «Alt det som er så fordømt dunkelt, og mye av det som er tindrende klart, men som jeg på en måte prøver å skjule. Ikke bare kreftene, men motivene, selve handlingene. Kjærlighet, sjømannsyrket, rastløshet».

Krigsseglarane

Han er på dette tidspunktet framleis tenåring, har ikkje byrja å skrive litterært og veit ikkje kva han vil bruke livet til. Framleis skal det gå mange år før han finn heilt ut av det.

Allereie her er vi gripne av soga om den djupt samansette – og etterkvart folkekjære – Jon Michelet. Soga er òg langt meir ei soge om ytre venstre i det moderne Norge og eit mørkt kapittel i norsk historie; den skamfulle behandlinga av krigsseilarane frå 2. verdskrigen.

---

Sakprosa

Jon Michelet. En folkets helt

Mímir Kristjánsson

Kagge, oktober 2021

Michelet

---

Nærleik med avstand

Forfattar Mímir Kristjánsson er så produktiv og effektiv at det halve kunne vore nok for kven som helst.

Ikkje berre har han skrive fem bøker dei siste fem åra, men han har òg vore ein av Raudt sine mest profilerte politikarar frå bystyreplassen i Stavanger. Førre veke tok han sete i Stortinget, saman med resten av Raudt si sylferske stortingsgruppe. Korleis har han fått tid til å skrive ein grundig, djuptpløyande og spennande biografi om ein av dei mest kjende forfattarane i nyare norsk historie?

Sjølv om Kristjánsson har lett for å identifisere seg med Michelet er han oppteken av å få drøfte fleire sider av mennesket han skriv om

—  Emil André Erstad

Forfattaren lukkast godt i grepa sine for å skape nærleik til mennesket Jon Michelet, der vi side for side kjem tett på «kreftene som driv i han», eit menneske som vil så mykje, som famlar og lukkast og kjempar ein strid med seg sjølv, sine næraste og den store samfunnskampen.

Kristjánsson legg ikkje skjul på at han er ein stor fan av Michelet, noko vi får inntrykk av allereie frå forordet. Det er kanskje denne drivkrafta – iveren Kristjánsson har til å finne ut meir om det store idolet, både som politisk aktivist og forfattar – som gjer boka så drivande god. Som lesar er det lett å la seg rive med og la seg forføre.

Litteratur, politikk, Jon Michelet, taler i Vålerenga kirke, 09.10.1987 *** Local Caption ***

Ingen heltesoge

Det er nesten litt morosamt å tenke på alle likskapane mellom Kristjánsson og Michelet, to menneske som begge fann og finn mykje av lidenskapen i skrivinga, politikken og eit radikalt samfunnssyn på venstresida. Der Michelet var kjend som ein samansett, lite føreseieleg og uregjerleg skikkelse, har Kristjánsson fleire av dei same karaktertrekka.

For sjølv om Kristjánsson har lett for å identifisere seg med Michelet er han påpasseleg og omhyggeleg oppteken av å få drøfte fleire sider av mennesket han skriv om – på både godt og vondt. Til dømes skildrar biografen det paradoksale ved at Jon Michelet i Kina og Kambodsja støtta regimer som gjekk mot ytringsfridomen, medan han i Norge kjempa knallhardt for sin eigen ytringsfridom i eit samfunn der venstreradikale meiningar ikkje møtte den aller største toleransen.

Det er med andre ord ikkje ei idoliserande heltesoge, men ei nær fortelling om eit menneske mange av oss har blitt kjend med som forfattar av serien «En sjøens helt» – der hovudmotivet er livet og skjebna til krigsseglarane.

"Skogsmatrosen" til Jon Michelet går til scenen - på Teater Innlandet. Foto: Gitte Johannessen / NTB

Engasjemenet for krigsseglarane

Heile tida ligg møta med krigsseglarane tett på Michelet si eiga fortelling. Fleire gonger støter Michelet på sjøfolk med uttalte nerveproblem som hadde stått i krevjande teneste til sjøs under krigen, folk som hadde opplevd å bli torpedert, ligge i den iskalde Nordatlanteren, og som deretter hadde halde fram karriera til sjøs. Møtet med desse menneska gjer openbert inntrykk på Michelet.

Oslo 20210930. 
Den nye gruppen til partiet Rødt samlet seg på Stortinget torsdag. Mímir Kristjánsson er valgt inn fra Rogaland.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

I 1976 var Jon Michelet til stades på eit møte i den radikale organisasjonen Kulturfronten, i AUF sin kulturkafé Aurora på Karl Johan, der forfattaren Jens Bjørneboe var møtets store attraksjon. Det var då Bjørneboe etter møtet kom i snakk med Michelet, at han spurde den yngre forfattarspiren om kva planar han hadde. Då svara Michelet: «Jeg har jævlig lyst til å skrive om krigsseilerne».

På dette tidspunktet hadde Michelet berre gitt ut to korte krimbøker. Bjørneboe svara klokt: «Du må passe deg for at du ikke heroiserer dem for mye». Det rådet tok openbert Michelet med seg – men òg Kristjánsson må ha lagt seg dette viktige rådet bak øret då han gjekk i gong med biografien om den store helten sin.

Litteratur, politikk, Jon Michelet, 24.06.1988

Lesinga ein fryd

Det kjem mellom anna fram i sluttordet der Kristjánsson rett ut fortel at «Jon Michelet ikke alltid var en pålitelig forteller, men titt og ofte er han den eneste tilgjengelige kilden til historier fra sitt eget liv». Der har Kristjánsson vald å stole på hovudpersonen, men innanfor rimelege grenser. Her lukkast eigentleg forfattaren godt, i å få fram dei ulike tolkingane av ymse situasjonar – til dømes dei mange historiene om Michelet sin relasjon til kvinner.

Det er ei kjend sak at bruk av prostituerte var vanleg blant sjøfolk før i tida. Her er det tydeleg at ein av dei indre konfliktane i Michelet trer fram: Kjøpte han sex? Det svarar han ulikt på gjennom livet, med alt frå å fortelle at det var ein del av opplegget til sjøs, til å fortelle at han aldri gjorde som dei andre. Biografen får godt fram kor samansett Michelet er, og kva eventuelle motiv han hadde for å endre på denne historia.

Biografen har hatt tilgang på særs gode kjelder i arbeidet med boka, noko som gjer lesinga til ein fryd. Scenene der vi får nærleik til Michelets livet kjem tett som hagl, og gir oss innsikt i alt frå livet som dekksgut på «MS Borgland» til kvalfangstreportasjeturar i Barentshavet, til oppveksten i kunstnarkolonien på Ekely og oppheita diskusjonar i dei mange redaksjonslokala som Jon Michelet hadde som arbeidsstad gjennom livet.

Linjene i boka teiknar eit bilete av eit over gjennomsnittet interessant menneske som gjennom livet gav seg fullt og heilt til kampen mot fascisme og nazisme, kampen for arbeidarklassen og kjærleiken til havet. Det er eigentleg ei forteljing om livet på bøljan raud.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Anmeldelser