Anmeldelser

Melding: Hanna Dahl skriv kompromisslaust fram frontkjemparens versjon

Hanna Dahls roman om Waffen SS-veteranen Olav er ei konsekvent utforsking av kunsten og utfordringane som ligg i å fortelle historia frå éin synsvinkel.

Korleis er det å vere på heilt feil stad til heilt feil tid? Og er det mogleg å fortelje sant om det mange år etter? Det er ikkje noko mindre enn det den aldrande forteljaren i Hanna Dahls nye roman prøver på. Romanen er ikkje nok ei heroisk krigsskildring. Kraft framstår heller som ei kompromisslaus skildring om og av ein som er på feil side i eit grenseland der det er umogleg å få oversikt.

Pangdebut

Hanna Dahl debuterte med eit brak med novellesamlinga Rønneimperiet i 2015. Dei seks novellene i denne debutboka som av gode grunnar vart nominert til Brageprisen, er svært ulike. Nokre av novellene finn stad i Kosovo, andre i russisk grenseland og nokre i meir heimlege traktar rundt Modum. Ein underliggande tematikk gjennom samlinga er forholdet mellom grenser og språk. Novellene undersøker korleis det er mogleg å setje ord på dei grensene som finst, også mellom menneske og i enkelmenneska. Det dreier seg også om korleis språket sjølv skaper grenser og gjer handlingsromma mindre og meir avgrensa. Gjennom det heile var det tydeleg at forfattaren både hadde god greie på det ho skreiv om og eit sjeldant godt utvikla språkøyre.

Det er derfor ikkje berre eg som har vore spent på kor i all verda forfattaren ville gå vidare, særleg då det var klart at det dreidde seg om ein historisk roman. I Kraft har forfattaren valt å begrense seg til ei historie og ein synsvinkel: Store delar av romanen finn stad i eit uoversiktleg grensland i ein nesten gløymt del av krigen. Han som fortel og reflekterer omkring det som skjedde, er ein gamal mann som veit at han representerer historias taparar. Samtidig insisterer han på at han berre taler og skriv for seg sjølv.

Ubåt og grotte

Hovudpersonen Olav let seg altså verve til innsats for den tyske okkupasjonsmakta under krigen. Kva motiv han har, blir ikkje heilt klårt. Han er frontkjempar i Waffen SS og blir mot (det vi no veit er) slutten av krigen, verva til eit hemmeleg oppdrag for den militære etterretningstenesta Abwehr. Det offisielle oppdraget er at gruppa han leier skal rapportere om kva som skjer i grenselandet mot Russland i nord, langt bak det som då var den aktuelle frontlina. Dei seks i denne vesle troppen blir sett i land av ein tysk ubåt og må leve i skjul i ei hole, i stadig frykt for å bli oppdaga, faktisk heilt til dei får overgitt seg 19. mai, lenge etter at krigen i Europa var slutt.

Hanna Dahl

For den russiske litteraturforskaren Mikhail Bachtin var den moderne romanen framfor alt dialogisk. Paradoksalt nok framstår den eldre forteljarens skildring av det til tider klaustrofobiske opphaldet i ubåt og i ei grotte heilt på grensa til Russland, i stor grad som ein lang monolog, framført av ein nokså einvis og påståeleg gamal mann. Den gamle etterretningsoffiseren skriv at han fortel ikkje for å forsvare eller unnskylde det han har gjort, men med «et ønske om etterrettelighet», om å fortelle sant om korleis det var å vere akkurat han den gongen for lenge sidan, lenge før utfallet av det heile vart «så irriterende selvsagt». I forfattarens eigenarta sjølvframstilling er det ingen tvil om kven som er hovudperson. Det fører til at alle dei andre han møter ofte blir redusert til bifigurar og til dels framstår som reine karikaturar.

Moby Dick

Han som skriv ned livet sitt, 50 år etter krigen, er gjennom det heile svært påverka av det andre har skrive. Han refererer gjennom det heile til og kommenterer tekstar frå den illegale blekka SS-opposisjonen med sine namnelistar og sterke karakteristikkar av norske frontkjemparar. I tillegg til denne anonyme stensilerte teksten, som utgav seg for å vere forfatta av tyske anti-nazistar, er det fire verk som har prega hans eiga sjølvforståing og som han stadig vender tilbake til, nokre av dei som «fortrolige samtalepartnere»: Den jødiske forfattaren Stefan Zweigs Verden av i går, som Zweig avslutta i Brasil i 1942 før han tok sitt eige liv. Opphaldet i den tyske ubåten får forteljaren til å tenke på Akabs tragiske jakt etter den kvite kvalen i romanen Moby Dick. Dessutan samanliknar han seg med hovudpersonen i Thomas Manns novelle Døden i Venedig, han som berre blir verande i den pestbefengte byen utan å gjere motstand.

Forfattaren har ikkje gjort det lett for seg, eller for lesaren, ved å konsekvent å fasthalde den eldre forteljarens versjon.

—  Rolv Nøtvik Jakobsen

Alle desse, både Zweig, Akab og von Aschenbach døyr ein einsam død. Dessutan speler motstandsmannen Petter Moens dagbok frå fengselet i Møllergata 19 ei viktig rolle i romanen. Moen som døydde på veg til ein konsentrasjonsleir i 1944, spurte seg sjølv: «Det tar ni måneder å bli et menneskebarn. Hvor lang tid tar det å bli Guds barn?» Og forteljaren legg til «Jeg har grublet på dette i snart 50 år.»

Gestapos kartotek

Han som skriv er ikkje død enno. Av og til verkar det som om han kunne tenkt seg å skrive ein roman sjølv: Han går ut frå at alle i grotta stod i Gestapos «kartotek over mistenkelige personer» og tenker med seg sjølv: «Jeg må innrømme at jeg likte betegnelsen, den lød som en passende tittel på en roman om menneskelige krumspring og avvik.» Og han reflekterer heile tida over kva ord betyr. Når han skal skildre korleis gruppa på overtid overgav seg, kan han ikkje unngå å spørre seg sjølv om kva ordet betyr: «Hvorfor er det slik at all verdens mystikere befatter seg med overgivelse? Jeg sysler ikke med det lenger. Visdomsbefengt prat om overgivelse gjør meg mistenksom.» Vår mann er stadig meir opptatt av motstand, av å halde «stand, i meg selv.»

Kraft er ein kompromisslaus roman. Forfattaren har ikkje gjort det lett for seg, eller for lesaren, ved å konsekvent å fasthalde den eldre forteljarens versjon og perspektiv, der han prøver å framstille «det menneskelige», tilmed «deklamere menneskelighet», ut frå nokre veker i april og mai 1945. I forbifarten får vi vite at forteljarane som eldre, «litt bisk type» har barn og barnebarn som han prøver å framstå som elskverdig for ved handlingar, som kjelketurar og ved å fortelje og lese klassikararar som Moby Dick.

Ukjent krigshistorie

Hanna Dahl har valt å vere solidarisk med en einsame eldre mannen, som er ein ihuga motstandar av etterpåklokskap, og den begrensa oversikta han hadde i ein ubåt og i ei grotte i 1945. Denne solidariteten inviterer på si side lesaren til å orientere seg nærmare i dette nærområdet og å reflektere meir på eigen hand. Den tyske «Operation Schneehund» var faktisk ein del av Finnmarks neste ukjente krigshistorie som eg får lyst til å lese meir om.

Forteljarens refleksjonar om overgjeving og motstand kan ein jo også kople saman med breva til ein annan tidlegare Abwehr-offiser, den tyske motstandsmannen Dietrich Bonhoeffer. Hans djuptloddande brev frå fengselet er samla i ei bok som nettopp har tittelen Motstand og hengivelse. Bonhoeffer vart avretta på Hitlers ordre 9. april 1945.

Begrensningas kunst

Tekstane til den illegale avisa SS-opposisjonen er no digitalt tilgjengeleg. På nettstaden til Universitetsbiblioteket i Bergen får lesaren vite at: «Organisator bak dette prosjektet var sannsynligvis Petter Moen og gruppen bak ‘London-nytt’.» Det betyr altså at «samtalepartnaren» Moen også var opphavsmann til ein annan sentral tekst i romanen.

På det viset kan romanens kompromisslause utforsking av begrensningas kunst, også få lesarar til å undre seg og leite vidare i utkanten av det som blir fortalt. Det er i seg sjølv ein bonus ved gode bøker.


Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser