Den halvkjende og noko pjuskete forfattaren Eddy Kromvik har leigd seg hytte på Avaldsnes for å få ro og inspirasjon til å skriva roman. Utgangspunktet for romanprosjektet er Halfdan Egedius´ illustrasjon i Heimskringla av seidmennene på Skrattaskjær, som ligg i nærleiken av hytta. Det var der, på Avaldsnes ved Karmøy, kristningskongen Olav Tryggvason fekk mennene sine til å fanga fire heidne seidmenn – og binda dei fast til eit skjer slik at dei drukna i tidevatnet som steig sakte.
Grenseoverskridande
Dette er inngangen til Vidar Sundstøls nye bok, som altså er ein roman om ein roman. Til overmål ser Eddy eit spegelbilete av ein annan som skriv roman, så det er vel ein roman om ein roman om ein roman. Lag på lag på lag, og inst finst ei slags Pandoras eske (som vel var ei krukke) som forfattaren vert meir og meir fascinert av: kva finst bak fenomena, kva skjer om han overskrid det velkjende, opnar lokket til krukka, opnar døra til eit ukjent rom? Eddy vil det grenseoverskridande, og her vert grenser overskridne.
[ Kiley Reid skriver seg inn i rasismedebatten med komiske virkemidler ]
Sundstøl har gjort solid research-arbeid slik at han utan famling kan røyva seg mellom den islandske mellomalderlitteraturens soge- og myteframstilling, norsk kunstnarliv på slutten av 1800-talet og moderne arkeologisk utgraving.
Mangetydig
Mindre overtydande virkar skildringa av forfattaren Eddy og av norsk samtidslitteratur. Kva slags roman eg har lese, er eg usikker på: Ein kunstnarroman om ein forfattar som er sjalu på sine meir populære kollegaer og gradvis går i mental oppløysing? Ein gotisk grøssar der døde vaknar til live og skrømt blandar seg med levande folk og der trugsmåla ligg som feller i landskapet? Eller er det kanskje Halfdan Egedius’ visjon om seidmennene som vert forlengja inn i vår tid? Eller ein halvgamal manns sjukelege fascinasjon av ei tenåringsjente? Truleg alt dette, og meir.
Konfrontasjon?
Det er ei blanding som eg ikkje får skikkeleg tak på, og kanskje er det heller ikkje meininga at lesaren skal fasthalda noko her. Når forfattar Eddy, på tydeleg sjalu vis, er så imot sine samtidige litteratar som drøftar forsøpling og klimakrise, kan det vera at Sundstøls roman likevel «vil» føra lesaren dit – til ein konfrontasjon med oppløysings- og dødskreftene og med von om ei drastisk kursendring. Romanens Eddy ville nok hatt ein sarkastisk kommentar til dét.
---
Roman
Vidar Sundstøl
Jeg sank
159 sider, Tiden Norsk Forlag 2021
---
Dei skremmande og draumeliknande scenene vert i overkant gotiske slik at boka, og då særleg mot slutten, bikkar over i det parodiske. Slik kunne kanskje Mary Shelley ha skrive tidleg på 1800-talet, og Percy og lord Byron ha fabulert fram, eller Abraham Stoker seinare i århundret. Men «settingen» i Sundstøls Olje-Noreg med seidmenn som vaknar til liv, blir vanskeleg å ta inn i seg utan atterhald.
[ Sumaya Jirde Ali skriver helende poesi med rystende språklige bilder ]
Mentalt nedbroten?
Les eg romanen som ei forteljing om psykisk sjukdom, får boka straks meir retning. Om dei ulike røystene som talar og tidene som blandar seg foregår inne i ein mentalt nedbroten skribent på veg mot eit alvorleg samanbrot, kan ein lesa inn både retning og meining. Jamvel eit mogeleg mord i psykotisk tilstand mot slutten av boka - som når Pandoras krukke vert opna.
Les eg romanen som ei forteljing om psykisk sjukdom, får boka straks meir retning.
— Knut Ødegård
Sundstøl er ein svært språkmedviten forfattar med biletskapande fantasi, han kan sitt skrivefag – slik han til overmål viste med kriminalbøkene i Minnesota-trilogien. Men denne gongen er han tidvis – og trass i dei fåe sidene – litt pratsam om trivialitetar, særleg i dei første to tredelane av boka, medan det vert i overkant kjappe skiftingar mellom identitetar og dramatiske hendingar mot slutten.