Nært og skarpt frå Anne Applebaum om når vener blir fiendar
I ny eineståande bok vert nære venskap brukt til å forklare demokratiets svanesong.
TYDELEG INTELLEKTUELL: Anne Applebaum er historikar, kommentator og Pulitzer-vinnande journalist. Ho har vore ei førande liberalkonservativ og intellektuell stemme i både britisk og amerikansk politikk.
Håkon Mosvold Larsen
Det er nyttårsaftan 1999 i eit lite herskapshus på landsbygda nordvest i Polen. Anne Applebaum og ektemannen – den tidlegare polske utanriksministeren Radek Sikorski – har samla mange av sine næraste vener; journalistvener frå London og Moskva, diplomatar frå Warszawa, mange gamle vener frå New York og ein del familie. Felles for dei fleste er at dei høyrer til det som tradisjonelt er omtalt som sentrum-høgre av den politiske aksen – folk som har kjempa og vunne mot kommunistane i Polen og mange andre land. Fleire av dei har no ansvar for å bygge opp att Polen, som medlemer av det høgreliberale regjeringspartiet.
Det er ein sånn fest som varar heile natta, dansande og glade menneske, livleg musikk frå kassettspelaren, store mengder øl, vin og brennevin, det heile gjennomsyra av ein nesten grenselaus optimisme. Kanskje tenker dei at historia er slutt, at demokratiet har vunne ein gong for alle, då dei ser nyttårsrakettane markere slutten på eit tusenår, og byrjinga på eit nytt? I tretida om natta finn ein av gjestene fram ein liten pistol frå handveska og skyt i lufta med lauskrut i rein og skjer begeistring. Det er ein sånn fest.
No, over tjue år etterpå, er lyden frå kassettspelaren berre eit vagt minne og mange av venene på festen blitt uvener. Ein del av dei vil ikkje eingong snakke med Applebaum eller Sikorski viss dei ringer.
Bestill abonnement her
KJØP