Konkrete pip frå kassa
Helene Hovden Hareides diktdebut er stundom litt platt, som ein tur på butikken kan vere. Men òg summande av liv og av lydar det er verdt å lytte til.
Samlinga er finast når Helene Hovden Hareide bind menneske, natur og sivilisasjon saman, skriv vår vår bokmeldar om Hareides diktdebut.(Foto: )
Meldt av Maria Horvei
Det er klart det er mogleg å få matvarer levert på døra, men daglegvarehandelen er no ein gong eit sentralt omdreiingspunkt i livet til dei fleste av oss – framleis. I diktdebuten Butikksongar tek Helene Hovden Hareide fatt i denne kjennsgjerninga, og skriv omriss av tre menneskes livssoger med utgangspunkt i deira veren i matbutikken. Dikta krinsar ikkje minst kring det å bli verande i eller å reise frå heimstaden, samstundes som Hareide opnar for refleksjonar kring den avstanden til naturalhushaldet og det globaliserte verdssystemet som butikkar som Kiwi og Rema 1000 jo er uttrykk for.
Konvensjonelle fraser
Bestill abonnement her
KJØP