Å kjenne et menneske

Tone Hødnebø med ny diktsamling etter åtte år er ei ­storhending i norsk lyrikk: Lærde og utfordrande dikt, ofte i språk henta frå realvitskap, som tvingar lesaren til å sjå stadig nye samanhengar og stilla spørsmål ved etablerte posisjonar.

TILBAKE: Det er åtte år sidan Tone Hødnebø sist gav ut eigne dikt. Ho har brukt desse åra til å reinsa endå meir si særeigne røyst i moderne norsk poesi, skriv Knut Ødegård.

Anmeldt av Knut Ødegård, kultur@vl.no

Mykje snø har falle på jorda og mykje vatn i havet sidan Molière skreiv om sine komiske «lærde­ damer». Heldigvis går noko framover i verda, iallfall skal det i dag vera vanskeleg å driva gjøn med det faktum at det no er fleire kvinnelege enn mannlege studentar, og at vi har ei lang rad kvinner blant dei fremste i akademia og i avansert forsking.

Poeta doctus

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP