Gull blant grus og gråstein
Øyvind Berg er ein poet av aller kraftigaste slag: Som oftast går han rett og rått på motivet, med fullt vokabular – og ofte med ord frå mindre offisielle ordsamlingar – og slikt vert det stundom sterk poesi av.
Når hans dikt i utval no er kome under den råkande ironiske tittelen Offentlig ømhet, gjev det oss høve til eit større oversyn over denne diktinga (og det er vel noko av meininga med eit slikt utval) og om mogeleg peila han betre inn i det litterære landskapet.
Mange retningar
Det siste er ikkje så enkelt, for han står mange stader og han slår i mange retningar. Han nemner sjølv i eit etterord at Derrida var viktig for han alt i utgangspunktet, og spelar med i debutsamlinga Retninger (1982). Det er mangt der til å få bakoversveis av, både bannord og anna «styggedom», men først og fremst las eg debutboka som ein freistnad på ei orientering, og på å slå hol i tradisjonsvegger. Postmodernismen er sjølv blitt «post» og passé, det går kvikt i svingane, men Øyvind Berg er påfallande stabil i den posisjonen han inntok alt frå byrjinga av.