Trist forteljing om Facebook

Mennesket lever ikkje av bits åleine.

Jesse Eisenberg spelar verdas yngste dollarmilliardær, Facebook-skaparen Mark Zuckerberg, i filmen The Social Network.
Publisert Sist oppdatert

Eg er usikker på kor mykje som er sant i filmen The Social Network av David Fincher. Filmen fortel historia om Mark Zuckerberg, verdas yngste dollarmilliardær, skaparen av nettsamfunnet Facebook. Men Zuckerberg sjølv har ikkje hatt noko å gjere med denne filmen, som byggjer på boka The Accidential Billionaires av Ben Mezrich. Kanskje må vi ta delar av historia med ei klype salt.

Slik ho blir fortald i filmen, er dette nemleg ei nokså trist historie. Zuckerberg (Jesse Eisenberg) blir kanskje ein av verdas mest suksessrike personar, men han sviktar den einaste reelle vennen sin og endar opp åleine framfor datamaskina. Digitale vener er vel og bra, men eg får iallfall ei sterk trong til å bruke tid saman med dei som er der i kjøt og blod.

Mennesket lever ikkje av bits åleine.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP