66 studentar tatt for KI-fusk: - Det er store mørketal
FUSK: I fjor var det berre tre som vart tatt i å bruke kunstig intelligens for å fuske. I år er dette talet mykje høgare.
KI-FUSK: Professor Atle Ottesen Søvik har balanserte følelsar til kunstig intelligens. Han er mest bekymra for at studentane mistar evna til kritisk tenking.
Erlend Berge
Tal innhenta av Khrono viser at 66 studentar frå 17 statlege universitet vart felt for fusk med KI i perioden 1. august 2023 til 29. juli i år. I fjor var talet berre tre. Vårt Land har tatt kontakt med MF vitskapeleg høgskole og dei kan fortelje at dei også har eit tilfelle med fusk ved bruk av KI.
Professor hos MF Vitenskapelig Høyskole, Atle Ottesen Søvik, seier det har blitt meir utfordrande å oppdage fusk når studentar nyttar KI.
– I enkelte tilfelle er det tydeleg at studenten ikkje har skrive teksten sjølv. Det kan likevel vere vanskeleg å bevise at KI er blitt brukt. Plagiat frå internett er enklare å bevise, seier han.