Kultur

Maria Solheim: – Eg innsåg at eg måtte søke hjelp

MUSIKK: Etter skilsmissa for fire år sidan grov Maria Solheim seg ned i eit djupt mørke. No har artisten kutta alkoholen, bede om tilgiving og funne kjærleiken på nytt.

I huset ved Drammensfjorden er Maria Solheim i full sving med å bake sitt daglege surdeigsbrød. Mjølet er økologisk. På stova står det plantar overalt. Dei ringar inn eit lite heimestudio, eit piano og ein sitteseksjon. Ein Spellemann-statuett står diskret plassert i vindaugskarmen.

Førebuingane til releasekonserten for den nye plata hennar gjorde det vanskeleg for henne å sove meir enn 1,5 time i natt. Over fjellet er det første albumet hennar på norsk.

– Det kjennest på ein måte som ein debut, seier ho.

Då Maria Solheim fekk platekontrakt med Kirkelig Kulturverksted i 1999 var ho den første norske artisten deira som song på engelsk. Debutalbumet Barefoot blei følgd opp av Behind Closed Doors og Frail. Seinare følgde tre engelsk soloalbum til, seinast The Bird Has Flown i 2021. Solheim trur samtidig ho har skrive på engelsk for å skjule seg litt.

– Eg klarer ikkje anna enn å vere ærleg om livet i tekstane mine. Det har kjentest sårbart og litt brutalt å skulle skrive på norsk, seier Solheim.

Hadde alvorleg alkoholproblem

Den nye plata spring ut av eit djupt mørke som den kjente artisten hamna i for rundt fem år sidan.

– Livet mitt tok ei retning som eg ikkje hadde trudd. For det første hadde eg aldri førestilt meg at eg kom til å skilje meg. Brot er vanskelege uansett, men mitt blei ekstra dramatisk. Det eksploderte på ein måte, og eg såra mange menneske, fortel ho.

43-åringen snakkar om korleis ho på fleire vis opplevde å miste seg sjølv. Den kristne trua hennar forsvann for henne. Ho mista dialogen inni seg, som ho seier. Og ho utvikla eit alvorleg alkoholproblem.

– Eg har tidlegare hatt mykje medvind i livet og gode relasjonar rundt meg. Handlingane mine desse åra forstyrra roa mi. Det blei ordentleg mørkt, fortel Solheim.

Det blei ordentleg mørkt

—  Maria Solheim, om krisetida

Den nye plata hennar speglar dette mørket, og vegen mot lyset og nytt håp.

– I begynninga av låtskrivingsprosessen var eg så langt nede som eg aldri har vore før. Eg var forvirra og sint. Sint på Gud. Og veldig skuffa over meg sjølv. Det var som om noko rakna, fortel artisten.

– Her hadde eg prøvd i så mange år å følgje «reglane», og gjere som eg blei oppdratt til, og så blei det ikkje bra likevel.

Solheim klarte ikkje å ta ordentleg innover seg det som hadde skjedd og prøvde i staden å fortrenge det. Ho kjente på eit opprør i seg som både vendte seg utover mot andre og innover i henne sjølv.

– Det var ein svært destruktiv periode med mange dårlege livsval. Det indre kompasset mitt berre snurra og snurra. Måten eg prøvde å takle det på, var ved å drikke, seier ho.

– Eg er rett og slett veldig glad for at eg er i live i dag.

Artist Maria Solheim

Søkte hjelp

Ho ser spor av denne desperasjonen også på plata som kom i 2021, der ein av låtane heiter «Throw Her in the River». Låten spelar på korleis ein behandla hekser i eldre tider.

– Det fortel jo litt om korleis eg såg på meg sjølv, seier Solheim.

I perioden 2021 til 2023 eskalerte altså desperasjonen. Artisten hamna i fleire skumle situasjonar der ho ikkje hadde kontroll.

– Til slutt forstod eg at dersom eg held fram som no, kjem eg ikkje til å få noko langt liv. Eg innsåg at eg måtte søke hjelp, seier ho.

I møte med hjelpa frå eit fellesskap av likesinna kom ho seg på beina att. Ho klarte å kutte alkoholen totalt og har vore avhalds sidan.

– Eg ser ikkje no korleis det å ta seg eit glas vin skal betre livskvaliteten min på nokon måte. Eg har trekt lærdom av folk som har vore i same situasjon. Det er mykje betre å søke hjelp enn å tenke at ein skal klare seg sjølv, at det kanskje ikkje er så alvorleg, seier Solheim.

– Men det er klart at det er stigmatiserande. Truleg er det også derfor mange ikkje søker hjelp for problema sine.

Det indre kompasset mitt berre snurra og snurra.

—  Maria Solheim

Har bede mange om tilgiving

For hennar del er kreativiteten blitt betre etter at ho blei rusfri. Ho fortel om klisjébiletet av ein låtskrivar som tenner eit stearinlys, heller seg eit glas vin og begynner å skrive.

– Problemet mitt var at eg kunne tenne stearinlyset, ta fram gitaren og deretter bli sittande og drikke. Det blei berre dårlegare og dårlegare utover kvelden, seier ho.

Ho var redd for at problema hennar, som ho hadde distansert seg frå gjennom alkoholen, skulle bli uhandterlege for henne når dei kom opp til overflata.

– Derimot opplevde eg at det var lettare å ta tak i ting med ei viss form for sjølvrespekt enn når ein ligg og har angst dagen etterpå.

Solheim har dei seinaste to åra måtta be mange om tilgiving. Ikkje minst eksmannen, som ho har eit godt forhold til i dag. Men også fleire andre som ho har såra undervegs i krisetida. Artisten snakkar ikkje om brente bruer, men om heile landskap som ligg brende til grunnen etter henne.

– Folk må ha lov til å vere sinte på meg. Men eg har iallfall starta på prosessen med å gjere opp for meg, seier Solheim.

Tøft har det også vore for henne å møte seg sjølv med omsorg. Artisten som har ei kristen tru og kristne verdiar i botnen for livet, erkjenner at ho har vore dømmande overfor seg sjølv. Dette har ho blant anna jobba med i terapi.

– Den yngre meg hadde vore ganske knallhard overfor den eldre meg. Det var nok også derfor eg hamna i ein så ekstrem konflikt med meg sjølv. Eg klarte ikkje å kjenne igjen meg sjølv. Samtidig trur eg krisa eg har vore igjennom har gitt meg ei større forståing for korleis vi som menneske kan hamne i situasjonar vi ikkje hadde tenkt at vi skulle hamne i, seier ho.

Artist Maria Solheim

Har funne tilbake til Gud

– Korleis har dette påverka trua di?

– Altså, trua har jo bevegd ganske mykje på seg, og beveger framleis på seg. Men det som eg ikkje kjem bort frå – og som eg kom bort frå dei to åra i krise – er ei oppleving av gudsnærvær. Det har eg hatt heilt frå eg var barn, ei oppleving av at Gud har snakka til meg og vist meg vegen eg skal gå, seier Solheim.

Stien som ho mista synet av i krisetida, er no synleg for henne igjen.

– Eg veit ikkje om eg har kome tilbake til stien, eller om det er stien som har kome tilbake til meg. Men eg opplever iallfall at den indre dialogen, og gudsnærværet, er tilbake.

– Eg tenker jo litt på den bibelske likninga om den bortkomne sauen. Ein av sauane rotar seg bort og mistar nærværet. Då er det gjetaren som finn han og ber han tilbake til flokken på skuldrene sine ...

– Det er det eg synest er så fantastisk med den kristne trua, at den kjærleiken ein får oppleve, ikkje er noko ein fortener. Var det slik, hadde eg ikkje våga å tru.

– Det er vel det nåden handlar om?

– Og den treng eg! Det finst eit uttrykk som eg stadig kjem tilbake til, og det er at «Gud er større». Slik er gudsbiletet mitt no: Gud er større. Og sjølv om eg føler at eg kom bort frå stien min, trur eg likevel at krisa har vore ein viktig lærdom for meg – både når det gjeld å ta tak i eigne problem og å vise større rausheit overfor andre.

Eg veit ikkje om eg har kome tilbake til stien, eller om det er stien som har kome tilbake til meg

—  Maria Solheim, om den kristne trua

Forlova seg 2. påskedag

Alt dette ligg altså bak når Solheim no er aktuell med albumet Over fjellet på norsk. Ho er ikkje redd for å tenke at ho er i ein prosess – noko som også gjeld sjølve plata. Låtane startar i mørket og dreg seg over fjelltoppen i jakta på nytt håp. Delaktig på plata er også mannen ho forlova seg med på 2. påskedag, Bodvar Tornes.

– Du fekk kontroll på livet ditt, slutta å drikke – og etter kvart blomstra kjærleiken igjen?

– Ja! Kven skulle tru det! Har eg verkeleg lov til å få oppleve dette, og til å vere så glad? Vi forlova oss nøyaktig eitt år etter at vi møtte kvarandre, den 21. april, smiler Solheim.

Artisten meiner at ho har prøvd å skremme bort den nye kjærasten og gi han alle moglegheiter til å trekke seg.

– Men så var han veldig bestemt på å bli!

Det nye forholdet har forløyst mykje skaparkraft i henne – av fleire grunnar. Ho fortel mellom anna om korleis kjærasten bad henne skrive ned alle gjeremåla ho skulle ha utført og overlate det til han. Så kunne ho berre sette seg og skrive, mens han ordna alt anna.

– Eg trur det kom fem låtar frå fredag til søndag. Noko slikt har eg aldri opplevd før!

Artist Maria Solheim

Å kaste spaden

Når inspirasjonen først er komen tilbake, kan han også komme på heilt plutselege tidspunkt. Solheim fortel at dei har eit eige omgrep for dette i familien hennar: «å kaste spaden».

– Farfar hadde ein småbrukardraum og trong at alle borna hans var med i åkeren for å hjelpe til. Men så oppdaga han at pappa skreiv dikt! Då trekte farfar pappa til side og sa: «Villy, viss du står i åkeren og kjenner at inspirasjonen kjem over deg, så skal du berre kaste spaden!»

Farfaren hennar lever ikkje lenger. Han døydde i 2001, same året som ho platedebuterte som 19-åring. Derimot kan kjærasten hennar i dag rope etter henne, om ho brått kjem susande frå badet og inn på stova for å skrive ned ei linje eller to til ein låttekst: «Har du kasta spaden?»

Artisten ler.

Når ho har kasta spaden den seinaste tida, er det altså komme tekstar på norsk.

– Eg følgjer ikkje ein strategisk plan i kunstnarskapet mitt. Det viktigaste er at kunsten er fri. Det eg lagar, må treffe nervar og strengar i meg. Viss det ikkje gjer det, trur eg ikkje eg klarer å formidle noko vidare, seier ho.

Å halde på med musikk har for henne aldri handla om å synge så fint ein kan. Når ho held konsertar eller lagar musikk, opnar det rom i henne.

– For meg er det å synge ei bøn, seier Solheim. – Det er bøn både å skrive låtane og formidle dei.

For meg er det å synge ei bøn

—  Maria Solheim

– Det beste året i livet mitt

Tida framover ønsker ho å bruke på å lytte. Ho vil stole på at det finst ein sti for henne.

– Eg trur at denne plata er ein del av det. Og Bodvar er ein del av det, seier ho.

Eit bibelvers har komme til henne, som det heiter, i det siste. Pastordottera har nemleg pugga sine bibelvers i oppveksten, og dei kan vende tilbake til henne som små fuglar.

– På fruktene skal treet kjennast. Kva er fruktene av relasjonane eg har? Av det eg skriv? Er det noko som gjer godt? Det er blitt ei rettesnor for meg, seier ho.

Etter å ha vore to år i dødsskuggens dal, ønsker ho no å peike på håpet. For håpet finst, sjølv når ein trur at det aldri meir skal komme noko morgongry.

– Det siste året har vore det beste i livet mitt. Eg tenker at det er veldig mykje håp i det å ha vore så langt nede, og så få oppleve at det kan snu. At mørket faktisk tar slutt. Våge å stole på at det finst ein veg over fjellet, seier Maria Solheim.

– Når det er mørkt og ein er redd, så er jo instinkta å gjere seg så liten ein kan – skjule seg og skamme seg. Å opne opp for å stille spørsmålet «Kan eg finne ein veg ut frå dette?» og våge å spørje om hjelp, var livsforvandlande for meg.

---

Maria Solheim

  • Norsk artist
  • Fødd i Øksnes i Nordland i 1982
  • Busett i Svelvik i Vestfold
  • Debuterte med albumet Barefoot i 2001
  • Aktuell med sitt første norskspråklege soloalbum, Over fjellet (Kirkelig Kulturverksted)

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Kultur