– Venstresida har vore litt bakpå, seier Mímir Kristjánsson.
Han snakkar om medielandskapet der høgrevridde podkastar har kapra mange, ikkje minst mannlege, lyttarar.
– Det er dei vi prøver å ta litt igjen!
Saman med Magnus Marsdal, ansvarleg redaktør i Manifest Media, er Raudt-politikaren Kristjánsson vert for den venstrevridde podkasten Mímir&Marsdal. Ein podkast som Ole Asbjørn Ness, vert for den høgreorienterte podkasten Ness, nyleg uttalte seg om i Vårt Land og kalla for eit «ekkokammer».
– Om eg har gjort det dårleg, kan eg sitte med ei kjensle av at det blei nettopp slik. Men eg er ikkje einig i at det er ei rettferdig skildring generelt sett, seier Kristjánsson.
– Eg veit ikkje kva episodar Ole Asbjørn Ness har høyrt, men vi har blant anna ikkje hatt vaksineskeptikarar i podkasten vår. Alt som nærmar seg konspi-land, er det lite av her, seier Marsdal.
Venstresida har vore litt bakpå
— Mímir Kristjánsson, stortingspolitikar og podkastvert
Titteskap, ikkje freakshow
Mellom anna har Asle Toje, Danby Choi, Simen Velle og Kjell Ingolf Ropstad vore på besøk i den venstrevridde podkasten – folk som vertane reknar for å vere langt frå eit ekkokammer for venstresida. Samtidig ønsker dei heller ikkje å lage eit «freakshow med dei raraste tinga frå den ytste høgrekanten».
– For somme lyttarar er Mímir&Marsdal eit titteskap. Om du er lillaveljar midt i Arbeidarpartiet, får du eit interessant og opplysande innblikk hos oss. Men vi skal ta til oss det, at det kanskje kan vere endå meir liv i luka, seier Marsdal.
– Eg vil gjerne ha meir konstruktiv polarisering, ikkje destruktiv. Friksjon bør det uansett vere. Det er ikkje så gøy berre å utdjupe eit emne. Vi har lyst til å ha inn fleire milliardærar, fleire høgrevridde. Det er intelligent liv på andre planetar også.
Marsdal trur ikkje populariteten til høgreorienterte podkastar, som Ness, er ein reaksjon på store medier som lener seg mot venstre. Heller ikkje NRK vil han tenke på som sentrum-venstre-orienterte, men derimot sentrum-høgre-orienterte i mange politiske spørsmål, med unntak for det han kallar for kjønns- og verdipolitikken.
– Viss det skulle vekse fram protestpodkastar mot Marienlyst i vår tid, så ville dei ha vore til venstre, meiner han.

Protesten mot kulepunkt
Kristjánsson meiner at den politiske podkasten i Noreg i like stor grad kan reknast som ein protest mot ein periode i den politiske debatten der politikarane berre snakka i ordna talepunkt.
– Dei fekk ekstremt lite tid til å svare for seg. Og når dei svarte, hadde dei ingenting å melde, men las opp noko dei hadde skrive på ein lapp. I ein podkast fell du igjennom dersom du ikkje har noko å melde. Å sitte ein time og prate utan å ha noko å seie, er ganske avslørande, meiner han.
Kravet om autentisitet er blitt sterkt i yngre generasjonar. På same måten som reality-sjangeren er blitt eit sentralt format, der kameraet står på konstant, ønsker lyttarane autentisitet også i den politiske samtalen. Det prøver Mímir&Marsdal å levere på. Dei er dessutan medvitne om at to tredelar av lyttarane deira er menn.
– Det er ikkje noko vi skjemmast over. I ein podkast finst ikkje det same representasjonskravet som i eit politisk parti, seier Kristjánsson.
Podkastvertane meiner likevel at dei når ganske breitt ut.
– Eg trur vi har ein ganske bra miks, seier Marsdal.
Vil vere nysgjerrige, ikkje forkynnande
– Kva rolle ønsker de å spele med podkasten i det politiske ordskiftet?
– Eg føler at venstresida har lege bakpå i idékampen, mens dei radikale, framtidsretta ideane har komme frå høgresida. Vi ønsker å bruke podkasten som eit høgttenkingsrom og gå inn i ting som er uløyste for venstresida, seier Kristjánsson.
Mímir&Marsdal skal vere eit positivt døme på ein måte å vere venstreside på.
– Vi skal vere nysgjerrige, ikkje forkynnande. Humørfylte, ikkje moralistiske. Radikale, ikkje nostalgiske, seier Marsdal.
– Venstresida har somme tider vore for puritansk. Men om vi vågar å vere nysgjerrige, er det eit uttrykk for styrke. Når Mímir vågar å tenke høgt – og å ta feil – trur eg folk høyrer ein person med intellektuelt overskot. Ein som ikkje er redd og gøymer seg bak kulepunkta sine. Vi ønsker å uttrykke ein måte å vere venstreside på som kan motivere fleire, seier han.
Vi skal vere nysgjerrige, ikkje forkynnande
— Magnus Marsdal, ansvarleg redaktør og podkastvert
Vil ikkje vere «raudt vedheng»
– I kor stor grad ligg de opp mot Raudts politikk, og i kor stor grad er de partipolitisk uavhengig av det Raudt meiner om ulike spørsmål?
– Eg er jo aldri uavhengig av Raudt. Det går ikkje an å late som det, seier Kristjánsson, som til dagleg er stortingsrepresentant for partiet.
– Det er heile vegen ei utfordring å balansere Raudts standpunkt med høgttenkinga eg har i podkasten. Dei gongane Raudt er tema, er dei gongane eg er mest i skvis. Då kan eg få kjeft, for då kan det stå noko genuint på spel for partiet. Men podkasten er ei øving i å ha breiast mogleg horisont. Og eg trur han skil seg tydeleg frå podkastar som blir produserte av politiske parti.
Marsdal, på si side, ser på seg sjølv som partipolitisk uavhengig.
– Eg begynte å jobbe som journalist då eg var nitten år, og har ikkje vore i partipolitikken sidan midt i tjueåra. Eg veit veldig godt forskjellen på dei rollene, seier han.
– Eg tenker ikkje på kva parti som tener eller taper på det vi snakkar om. Og det er viktig for oss at podkasten ikkje blir opplevd som eit vedheng til Raudt.

– Unik sjanse til å snakke utan filter
Mímir&Marsdal har rundt 15.000–20.000 lyttarar i veka, og har i første omgang eit mål om å stabilisere seg på 25.000. Dei har lite pengar, så dei har vore nøydd til å skru på reklame, men det meiner dei er betre enn at folk skulle bli nøydde til å betale for å høyre podkasten.
– Vi ga ut ein episode som var bonus for dei som abonnerer, og ikkje for dei andre. Då fekk vi sur e-post. Sjølv dei som abonnerte, ville at vi skulle låse han opp for andre, fortel Marsdal.
– Kor viktig vil podkastar, inkludert dykkar eigen, vere fram mot nye stortingsval? Blir podkasten viktigare og viktigare?
– Ja, han blir jo viktigare og viktigare. Og så må det samtidig seiast at han er mindre viktig i Noreg enn i USA, sidan dei etablerte mediene fungerer godt her. Men podkasten er ein unik sjanse til å snakke utan filter, meiner Kristjánsson.
Sjølv kunne han nok skaffa seg fleire veljarar ved å lage «korte videoar på Facebook», som han seier. Podkasten ser han meir på som ein «prepolitisk» innsats, der han bidrar til å forme ideane både på venstresida og andre stader.
– Jobben for oss som politikarar er jo å vere på tenkeloftet og prøve å formulere nokre idear og problemskildringar av kvar samfunnet er. Dei som ikkje klarar å meistre den forma, trur eg i lengda har tapt verdikampen, seier Kristjánsson.

Samtalen rundt leirbålet
Marsdal trur at podkasten som fenomen i mindre grad kjem til å avgjere val i takt med at alle dei politiske partia «skjønnar teikninga».
– Forspranget til høgresida kan jamnast ut, seier han.
Han understrekar samtidig at jobben til Manifest Media ikkje er å vinne noko val – det får partia gjere sjølve.
– Vi bidrar med samtalen rundt leirbålet. Først og fremst for alle som ikkje vil at Frp skal ta over, seier han.
Eit anna poeng Marsdal dreg fram, er at podkastformatet kan vere ein trugsel mot ei opplyst offentlegheit fordi det ofte manglar redaktøransvar, og at det i liten grad blir utført faktasjekkar.
– Vi risikerer å få ei offentlegheit der emosjonell polarisering overstyrer alle fakta. Då kan løgn og konspirasjonsteoriar vege like mykje som dokumenterte sanningar, seier Marsdal.
Mímir&Marsdal, som er ein redaktørstyrt podkast, skal vere ei motvekt til ei slik utvikling. På spørsmål om dei kan anbefale kvar sin podkast som ikkje er deira eigen, svarer dei elles «Radio Mørch» (Kristjánsson) og «The Rest Is Politics US» (Marsdal).
Ser verdien av religiøse spørsmål
– Kva med religiøse spørsmål. Er det noko de er interessert i?
– Eg er det, og foreslår det gong på gong. Men Magnus slår det ned fordi han er så blåst i hovudet at han ikkje skjønar religion. Akkurat som med skjønnlitteratur, seier Kristjánsson med eit smil.
– Eg synest vi kan ha meir av det ... seier Marsdal.
– Få han i gang no! Få han til å love det, skyt Kristjánsson inn.
– Religiøse spørsmål spelar ei rolle, held Marsdal fram. – Eg har mellom anna diskutert Luthers nådeomgrep. Det er mange bindingar mellom den lutherske tradisjonen og den norske velferdsstaten. Så ja, blir blir mykje politikk, he he. Mens det åndelige aspektet, det ...
– Det er mange interessante spørsmål vi burde gått inn i – som i konflikten mellom Trump og biskopen og venstresida sitt trøblete forhold til religion, seier Kristjánsson.
– Men vi er ingen truspodkast, og blir det nok ikkje heller. Det åndelege klarer vi ikkje å levere på.
---
Mímir&Marsdal
- Venstrevridd podkast
- Ein av dei mest høyrte politikk-podane på norsk, med 15.000 til 20.000 lyttarar kvar veke
- Podkastvertar er Magnus Marsdal, ansvarleg redaktør i Manifest Media, og Raudt-politikaren Mímir Kristjánsson
---