– Det er jo forfattar eg eigentleg er, seier Ole Asbjørn Ness.
Før jul blei podkasten hans, Ness, kåra til Noregs beste. Det var den borgarlege avisa Minerva som stod for kåringa. Ness gir ut podkasten sin på den nye plattforma til Helge Lurås, som gjekk frå Resett til å starte opp iNyheter.
Vi er med andre ord eit godt stykke ute på høgresida. Ei høgreside som ifølgje Bjørgulv Braanen i Klassekampen ligg fleire hestehovud framfor venstresida når det kjem til podkastar.
Lenge var likevel Ness ikkje interessert i formatet.
– Eg var ein åndssnobb, seier han.
– Har 140.000 lyttarar
Først lenge etter at han let seg lokke som gjest til ein annan populær podkastar, Wolfgang Wee, starta han sin eigen. Men plutseleg, etter at han flytta podkasten med seg frå Nettavisen til iNyheter, tok det av. I dag har dei beste episodane rundt 140.000 lyttarar, ifølge Ness. Svimlande tal, for dei som ikkje måtte ha forstått det.
Og opphavsmannen er altså skjønnlitterær forfattar. No kjem han ut med krimboka En sang om hevn, bok nummer to om politimannen Johnny Abrahamsen – ei moderne gjenfortelling av den bibelske historia om Kain og Abel. Han skriv allereie på noko nytt.
– Det er det eg har gjort i dag. Skrive på den nye boka, seier han når vi treffest.
– Ein ny krim?
– Nei, no er det seriøs skjønnlitteratur, som det heiter. Eg skriv krim for å få ein breiare lesarkrins. Det er plattformbygging. Krim blir jo sett ned på av dei seriøse skjønnlitterære forfattarane, seier han skjelmsk.
Ness brukte ti år på romanen Aftenlandet (2018), som han med stor sjølvtryggleik omtaler som eit «monumentalt verk i norsk litteraturhistorie». Mest åtgaum i litterære krinsar fekk han då det litterære rådet til Den norske Forfatterforening gav han den prestisjefylte Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Det er natt i 2004.
– Eg søkte stipend og fekk 25.000 kroner. Då tenkte eg at dette blir «svelt-i-hel», seier Ness, som har jobba både som siviløkonom og råvaremeklar ved sida av skrivinga.

– Podkasten er blitt eit breiddemedium
Lenge var han journalist i Finansavisen. Her bygde han opp kjeldenettverket han i dag nyt godt av i rolla som podkastvert. Den gongen var det først og fremst kjeldene hans som visste kven han var, som han seier det.
– Men viss eg no sit på Kaffebrenneriet, kjem det folk bort til meg heile tida. Podkasten er blitt eit breiddemedium.
Suksessen til Ness kan såleis spegle noko av medieutviklinga vi ser både i Noreg og internasjonalt: Podkasten er i ferd med å bli ei svært viktig plattform for den politiske debatten. I USA kan til dømes eit møte med podkastaren Joe Rogan nå mykje lenger ut, og ha større påverknad på den politiske opinionen, enn eit intervju i storavisa The New York Times. Her i Noreg når både Wolfgang Wee Uncut og Ness ut til fleire enn, la oss seie, ei middels stor dagsavis.
Ness er då også gratis å lytte til, og det er lite reklame – berre nokre oppmodingar frå podkastverten sjølv om å støtte prosjektet på Vipps.
– I kva grad låg det ideologiske grunnar til at du flytta podkasten din til i iNyheters plattform?
– Altså, eg hadde aldri jobba for Resett – det var liksom for «wacko». Men eg har alltid snakka med Helge Lurås og sett på han som ein kompis. Resett var eit crazy prosjekt, men eg følte at Helge lærte av det. Der Nettavisen legg seg til høgre for VG, legg iNyheter seg til høgre for Nettavisen, kan du seie. Men det skal ikkje bli Rights eller Document, med islam kvar dag. Ideen er å gi eit bilete av nyhenda med vri mot høgre, seier Ness.
– Og så har eg friheit til å intervjue kven eg vil. Det er noko av det viktigaste.
Eg hadde aldri jobba for Resett – det var liksom for «wacko»
— Ole Asbjørn Ness
Blir kompis med dei han intervjuar
Ness vel gjestar etter kva han sjølv er interessert i. Podkastverten har førebels ikkje like lange samtalar som Joe Rogan eller Wolfgang Wee, som godt kan halde det gåande i to, tre timar per episode. Men ofte blir han nesten kompis med dei han intervjuar, noko han omtaler som sitt «svake punkt».
– Eg er veldig glad i folk. Eg likar nesten alle, seier han.
Det gjeld truleg også lyttarane hans. Nyleg deltok Ness også i ein livepod på Røverstaden i Oslo der 270 troppa opp for å høyre han i usensurert samtale med Asle Toje og Henrik Beckheim.
– For eit halvt år sidan ville eg tenkt at det var ko-ko. Kven gidd å høyre tre mellomaldrande menn snakke om politikk? Men salen kokte! Det var dødskult, seier Ness, som fylte 51 år no i januar.
Den nye populariteten står i motsetnad til ei kjensle Ness lenge har hatt av å vere sett på sidelinja på grunn av politiske standpunkt.
– Eg har aldri blitt invitert på ein einaste litteraturfest, seier han.
Sjølv meiner han at det er to ting som har gjort han såkalla «kontroversiell». Den eine var innvandrarrekneskapen han i si tid skreiv for Finansavisen, der han ifølgje seg sjølv ikkje skreiv noko anna enn at det vil koste staten mykje pengar dersom du er på trygd. Det andre var ein karakteristikk av tradisjonell moské-islam som «trist».
– Det var ikkje veldig kontroversielt, meiner han i dag.

– Ingen kranglefant
Ness er lei av å bli sett på som ein uhøvisk bråkmakar.
– Eg føler at det er ein hersketeknikk. Folk må liksom alltid ta inn ord som «kontroversiell kranglefant». Det er eg ikkje.
– Har det same klangen når du av somme blir kalla for rabulist?
– Ja. Eg har skrive fire romanar. Eg har vore partnar i eit internasjonalt konsulentselskap. Ver så snill! Men dette er noko eg jobbar med som journalist sjølv. Journalistar skal behandle dei ein intervjuar ordentleg. Viss ikkje er det ikkje nokon vits i å intervju dei, seier han.
Han foreslår at kritikarar til dømes kan gå igjennom postane hans på sosiale medier og køyre ein multifaktoranalyse på kor sterke ord han brukar.
– Men når eg får merkelappen på meg berre fordi eg har krangla med nokon ein gong, blir eg berre sur, seier han, som noterte seg at endåtil Minerva la til karakteristikken «ubehøvlet rabulist» i omtalen av årets beste podkastar.
– Podkasten din er no blant dei største i Noreg. Overordna sett: Kor viktig er podkasten som fenomen i det politiske ordskiftet?
– Eg trur han er superviktig. På Debatten på NRK får politikarane kanskje fem minutt kvar. Så kjem dei i podkasten min og snakkar i to timar, der dei får gå igjennom resonnementa sine. Det lineære formatet er overflødig, meiner Ness.
– Eg er veldig glad i folk. Eg likar nesten alle
— Ole Asbjørn Ness
Blanding av det djupe og det sladrete
Ein av fordelane til podkasten er at samtalen blir meir intim, meiner han. Meir autentisk og ufiltrert – ei herleg blanding av det djupe og sladrete, slik ein kompisgjeng snakkar rundt eit bord. Han trur medieutviklinga vil gå endå meir denne vegen.
– Du har eit TV-studio i mobiltelefonen din. Kvifor gå vegen om ein mellommann?
Ness synest det er vanskeleg å vite korleis mediekvardagen er om fem år. Men han trur podkastar er blitt endå større og betre.
At det først og fremst er menn som høyrer på han, er han ikkje så sikker på.
– Eg trur faktisk eg har ganske mange kvinnelege lyttarar, seier han, noko han blant anna bygger på tilbakemeldingane han får.
– Samtidig er det nok vanlegare at det er menn som sit og løyser verdsproblem.
– Prøver du å ha kjønnsbalanse i podkasten din?
– Nei, eg prøver berre å ha dei som er kule. Eg vil ha spennande idear, om dei kjem frå transkjønna, hokjønn eller kva som helst.
Eg vil ha spennande idear, om dei kjem frå transkjønna, hokjønn eller kva som helst
— Ole Asbjørn Ness
– Venstresida er eit ekkokammer
Ness er opptatt av å invitere meiningsmotstandarar inn i studio. Han har tru på meiningsbryting og konkurransen av idear i eit ope samfunn, og meiner at venstresida kan lære av dette.
– Venstresida er eit ekkokammer! Fordelen min er at eg trur i kyrkja, men vil ha kunnskap utanfor. Ulempen til Mimir&Marsdal er at dei vil ha kunnskap i kyrkja og tru andre stader. Dei kan ikkje sleppe inn ein kjettar i det religiøse showet, for å seie det enkelt. Dei er inne i ekkokammeret sitt, seier Ness.
Vårt Land har lagt påstanden fram for Mimir Kristjansson og Magnus Marsdal, som dei får kommentere i eit separat intervju. Her er det Ness som får slå seg laus:
– Viss Raudt hadde gjennomført sitt politiske program, hadde Noreg vore konkurs i løpet av tre veker. Det er berre fjas frå ende til annan, meiner han.
Vi følgjer ikkje den tråden vidare. Ness har allereie fått demonstrert at han er dyktig til å spissformulere med høgrevridd snert.
Viss Raudt hadde gjennomført sitt politiske program, hadde Noreg vore konkurs i løpet av tre veker
— Ole Asbjørn Ness
Reknar seg som kristen
Før dette intervjuet er over, må vi også tilbake til det Ness seier om å tru i kyrkja. Han reknar seg nemleg som kristen.
– Det er nesten ikkje eit spørsmål om tru for meg. Sjølvsagt må det vere noko meir. Det er jo ikkje sikkert at vi kjem til å få vite svaret nokon gong, men eg håper det. Det er trist viss ikkje, seier han.
– Eg trur det er umogleg å vere kunstnar eller forfattar utan å ha noko som løftar deg oppover. Det kan ikkje berre vere brød og vatn. Det finst ein høgare himmel.
Ness var nyleg på Visjon Norge og debatterte. Han trur religion spelar ei rolla i den konservative bølgja vi no ser i mange land, både i Europa og USA.
– Dei store systema, den frie marknadsøkonomien og kommunismen, bytte begge ut den åndelege motoren i oss. Vi går framleis rundt med ei kjensle av tomheit. Men det har skjedd ei endring dei seinare åra, meiner han.
I takt med den konservative bølgja er dei kristne verdiane på veg inn igjen.
– Vi treng noko meir, ikkje sant? Eg trur alle skjønar at det er viktig. Vi må ha ein Gud eller ein gullkalv, seier han.

– Nord-Europas store gåve til verda
Sjølv kallar han seg både «kristen» og ein «ivrig syndar». Han les mange religiøse tekstar, ikkje minst jødiske. Og han er opptatt av å diskutere religiøse spørsmål i podkasten sin.
– Det som er fantastisk for meg med kristendom og jødedom, er at religionen set mennesket i éin-til-éin-relasjon med Gud. Særleg kristendommen med protestantismen. Det er liksom deg og Gud, med vektlegging av individet. Den vektlegginga, som Martin Luther hadde, er slik eg føler det er. Det er Nord-Europas store gåve til verda, seier Ness.
– Trua åleine?
– Ja, trua åleine.
– Går du i kyrkja nokon gong?
– Ja, men eg hatar jo statskyrkja. Eg blir så gal av preikene. Viss eg går i kyrkja, så går eg til katolsk messe. Men eg kunne ikkje tenke meg å bli katolikk.
Såleis er han også på dette området i meiningsbrytning – med seg sjølv.
---
Ole Asbjørn Ness
- Norsk forfattar og podkastvert
- Driv den høgreorienterte politiske podkasten Ness, som er blant Noregs mest populære podkastar
- Blei av Minerva nyleg kåra til «årets podkast» i 2024
- Aktuell med krimromanen En sang om hevn (Vigmostad&Bjørke)
---