Kultur

Nye redaktørar vil lage leiken bokavis

LITTERATUR: Bokavisa BLA har fått nye redaktørar. Dei vil halde kritikken høgt i hevd, sparke i ulike retningar og løfte fram leiken.

BLA – Bokvennen Litterær Avis har fått nye redaktørar. Eilif Guldvog Hartvedt og William S. Mørch skal framover ha styringa på Noregs einaste reine litteraturavis.

– Eg trur det blir «konge» å jobbe i tospann. Vi har jobba saman tidlegare også, og eg trur vi både utfyller kvarandre og er ganske samstemte om mange spørsmål. Eg gler meg veldig, seier Hartvedt.

Det same gjer Mørch:

– Eg synest denne forma å jobbe på er svært spennande, med to personar som jobbar mot ein samla visjon, seier han.

BLA har røter i det gamle Bokvennen Litterært Magasin og er eigd av forlaget Solum Bokvennen. Magasinet er blitt gitt ut som månadsavis sidan 2016. Dei seinaste perioden er det Sigrid Strømmen og Eirik Riis Mossefinn som har vore redaktørar.

Leik og seriøs samtale

Frå februar tek dei nye redaktørkostane over for fullt. Eilif Guldvog Hartvedt har studert idéhistorie og har bakgrunn frå kulturavisa Natt og Dag, som blei lagt ned i fjor haust. Erfaringa derfrå tek han likevel med seg inn i den nye jobben, både den korte vegen frå tanke til gjennomføring og alt det redaksjonelt arbeid inneber av tett samarbeid, usemjer og fruktbare diskusjonar. Frå litteratursatsinga i Natt og Dag tek han også med seg ein snert av humor og ironi inn i BLA.

– Samtidig har eg også vore redaktør for Salongen, som er eit litt stivare akademisk tidsskrift, så det blir nok ein fusjon av dette, seier Hartvedt.

William S. Mørch går tredjeåret på forfattarstudiet i Tromsø og har tidlegare studert både litteraturvitskap og tysk.

– Eg har lese BLA sidan eg begynte å studere for nesten ti år sidan, og også bidratt der som skribent. Det er eit skrift eg kan identifisere meg med. BLA har plass både til den lange seriøse samtalen og til meir leikande tekstar, seier Mørch.

– Kor viktig vil de seie at BLA er i den litterære offentlegheita i Noreg?

– Vi er litt på sida av den største litterære offentlegheita og har meir spelerom til å trekke dei lange linjene og supplere på ordskiftet som går føre seg i Klassekampen, Morgenbladet, Vårt Land og Aftenposten. Vi har også spelerom til å gå litt utanom det samtidige, seier Hartvedt.

BLA har plass både til den lange seriøse samtalen og til meir leikande tekstar

—  William S. Mørch

Vil ha fleire kortare tekstar

Dei ferske redaktørane ønsker å framheve den leikne sida av bokavisa, utan å gå på kompromiss med kompetanse og kvalitet. Dei skal halde kritikken høgt i hevd og samtidig bygge ut ei nettdekning som følgjer samfunnet og samtida endå litt tettare. BLA kjem såleis til å veksle mellom det raske og det lange formatet.

– Vi skal ha fleire tekstar kan vere ein enklare inngang til avisa. BLA har veldig mange lange, gode tekster, men alle tekstane treng ikkje å ta meir enn ti minutt å lese, seier Hartvedt.

– Kva må BLA bli flinkare til?

– Det er å interagere direkte i offentlegheita og vere ei synleg stemme i den litterære diskusjonen. Der har nok bladet ein veg å gå. Men vi trivst godt i jyplingposisjonen der vi uredd kan sparke i alle moglege retningar, så det trur eg vi skal gjere.

– Er det noko de ikkje skal gjere?

– Eg trur ikkje vi begynner med terningkast, seier Mørch.

Vi trivst godt i jyplingposisjonen der vi uredd kan sparke i alle moglege retningar

—  EIlif Guldvog Hartvedt

Ser etter energiske stemmer

Dei nye BLA-redaktørane meiner at det finst svært mykje bra i den nye norske samtidslitteraturen, også med høge bogar av intellektuell tenking. Samtidig ser dei også mykje utanlands, blant anna korleis poesien i fleire av dei nordiske landa har blitt eit uttrykk for ungdomskultur.

– Sørleg i Sverige har poesien blitt ein ungdomskultur som eg trur han ikkje har vore i Noreg sidan Jan Eik Volds dagar og rundt stuntpoetane på 1980-talet. Så eg håper jo vi kan løfte fram stemmer som har noko av den same energien, seier Mørch.

Når det kjem til redaktørane sine eigne litterære preferansar, er det også mykje utanlandsk litteratur. Mørch trekker til dømes fram den ungarske forfattaren László Krasznahorkai og danske Asta Olivia Nordenhof.

– Eg ser elles på meg sjølv som ein kritisk altetar, seier han.

«Frelst» av Houellebecq og Knausgård

Hartvedt har skrive masteroppgåve om franske Michel Houellebecq, som er blant favorittane hans og som han nyleg er «gjenfrelst» av.

– Av norsk litteratur har eg eit liknande forhold Karl Ove Knausgård. Å lese Knausgård et opp mi eiga sjølvstendige tenking på eit vis. Eg må alltid bruke veker, månader og år på å komme meg bort frå tankegodset hans, seier Hartvedt, som også trekker fram Amalie Skram som ei nyare openberring for sin del.

– Sidan Eilif nemner Knausgård, kan eg kanskje også trekke fram den mørke pendanten hans, Thure Erik Lund. Eg set pris på dei monomane, sprø, utforskande, utvidande og overskridande oppfatningane hans, seier Mørch.

---

BLA

  • BLA – Bokvennen Litterær Avis er Noregs einaste reine bokavis
  • Ansvarleg utgivar er Solum Bokvennen
  • Spring ut av Bokvennen Litterært Magasin, som blei starta av Jan M. Claussen i 1989
  • Nye redaktørar frå februar er Eilif Guldvog Hartvedt og William S. Mørch

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kultur