Kultur

Knausgård kjem til Tromøy kirke

LITTERATUR: Forfattaren Karl Ove Knausgård vender heim til øya der alt starta og snakkar neste fredag om bøkene sine i Tromøy kirke. – Vi gleder oss frykteleg, seier sokneprest Lars Peder Holm.

Karl Ove Knausgård blei internasjonal superstjerne med romanane om sitt eige liv, Min kamp 1–6. I band tre skreiv han mykje om oppveksten på Tromøya utanfor Arendal. Neste fredag er likevel den første gongen Knausgård vender heim til øya for å snakke om bøkene sine, i samtale med forfattar Birger Emanuelsen. Samtalen som aspirerer til tittelen «årets litterære hending» går føre seg i Tromøy kirke, ei oldtidskyrkje som spelar ei viktig rolle i Knausgårds nyaste roman, Arendal (2024).

– Vi gleder oss frykteleg, seier sokneprest Lars Peder Holm i Tromøy kyrkjelyd, som arrangerer forfattarsamtalen i samarbeid med Studio Spornes Kultur.

– Dette er eit flott høve av fleire grunnar. Vi er veldig stolte av Tromøy kirke, som jo er ei mellomalderkyrkje og ein svært sentral stad på øya vår. Vi gleder oss også fordi Karl Ove Knausgård har ein plass i hjartet til folk på Tromøya, etter at han har budd her og har linjer til øya i fleire av bøkene sine. Det kjennest som om at han no kjem heim ein tur!

Karl Ove Knausgård har ein plass i hjartet til folk på Tromøya

—  Lars Peder Holm, sokneprest

Kyrkja med i ny bok

Knausgårds bøker er omsette til 36 språk og har funne lesarar over heile verda. Likevel er det altså Tromøya som ligg i hjartet av forfattarskapen, ifølgje arrangørane: «Enten det dreier seg om Gjerstadholmen, bibelfortellingene eller barndomsvenner, er det tydelig at stedene, menneskene og forestillingene fra det særegne landskapet på øya, er å finne igjen i bøkene.»

Det same gjeld kyrkjerommet som utgjer rammene for forfattarsamtalen. I fjorårsromanen Arendal set Tromøy kirke i gang barndomsminner og blir også ein konkret stad for romanhandlinga. Når vi får tar i sokneprest Holm, er han nyleg ferdig med å lese boka der ei gruppe sørgjande har samla seg i kyrkjerommet for å minnast sine kjære.

– Kyrkja har ei litt mystisk rolle, både som ein stad der hovudpersonen har minner frå barndommen og som ein stad der hovudpersonen er innom og har opplevingar i som vaksen. Det er både mystisk, spennande og annleis, vil eg seie, som prest.

Lars Peder Holm, sokneprest i Tromøy kyrkjelyd

Mykje bibelrelatert stoff

Knausgård kjem i fleire av bøkene sine inn på bibelrelatert og kristeleg stoff, frå historia om englane i En tid for alt til refleksjonane om Guds rike i Morgenstjernen. Dette har også soknepresten merka seg, og det er noko av det som gjer han spent på samtalen Knausgård skal ha med Emanuelsen.

– Korleis dukkar det religiøse og kristne opp i samtalen mellom desse to forfattarane, og kva vil Knausgård løfte fram? Når han takkar ja til å komme nettopp til kyrkjerommet og ikkje til eit kulturhus med plass til 500 menneske, så er vi spente på rammene og høyre historia han ber med seg, seier Holm.

– Eg tenker at det kan bli spennande å trekke inn det religiøse universet og kva det betyr i forfattarskapet, og korleis ein tenker om det når ein møtest i kyrkja.

Soknepresten fortel at det har vore stort trykk rundt billettane. Arrangementet som er presentert under parolen «Karl Ove Knausgård vender hjem – opplev ham i Tromøy kirke», er for lengst utseld.

– De kunne hatt fleire arrangement, eigentleg?

– Det kunne vi, om det hadde vore ønskeleg for forfattarane. Men det er tydeleg at dette er ei eingongshending som ikkje er der først og fremst for å generere økonomi. Samtidig går overskotet til arbeidet vårt med barn og ungdom på øya, så det er også kjempeflott, seier Holm.

Høgprofilert arrangement

Soknepresten er tydeleg på at det er samarbeidet med forfattar Birger Emanuelsen som har gjort at den høgprofilerte forfattarsamtalen kjem i stand. Emanuelsen sjølv, som bur på Tromøya, ønsker ikkje å gi intervju i forkant av samtalen.

– Det har ikkje vore noko kulturarrangement av såpass høg profil i Tromøy kirke på ei stund, Holm?

– Nei, altså ... For halvanna år sidan starta vi eit samarbeid med Studio Spornes, som driv med konsertverksemd og forfattarsamtalar. Blant dei større konsertane vi har hatt, var med Knut Reiersrud og Iver Kleive. Så det er frå tid til annan, vil eg vel seie.

Som litterært arrangement høyrer likevel Knausgård i Tromøy kirke til blant dei sjeldne.

– Det er tydeleg at dette var noko mange ville ha med seg, seier Lars Peder Holm.

---

Karl Ove Knausgård

  • Norsk forfattar
  • Fødd 6. desember 1968
  • Vaks opp på Tromøya utanfor Arendal
  • Debuterte som forfattar med romanen Ute av verden i 1998
  • Vekte internasjonal merksemd med En tid for alt (2004) og romansyklusen Min kamp (2009–2011)
  • Aktuell med romanen Arendal, som kom ut i fjor haust
  • Samtaler med Birger Emanuelsen i Tromøy kirke fredag 17. januar

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Kultur