Kultur

Maria midt på treet

HOLLYWOOD: J.D. Carusos spenningsfilm om jomfru Maria og Jesu fødsel kan skape ny interesse rundt verdas mest kjente mor. Som film er «Maria» akseptabel, men ingen klassikar.

Historia om den unge jenta som fekk i oppdrag å bli Guds mor er av sentral betydning for over to milliardar kristne. Jomfru Marias lagnad appellerer også utover rekkene til dei truande, særleg no før jul. Det uforklarlege i juleunderet er først og fremst at Gud blir fødd som menneske, inkarnasjonen, dernest at Maria blir gravid utan å ha hatt sex. Kombinasjonen av element i denne bibelforteljinga har sprengkraft utover dei fleste andre forteljingar, både i Bibelen og i samfunnet elles.

Det er interessant at det ikkje finst så mange spelefilmar om jomfru Maria. Iallfall er førekomsten minimal sett i lys av det store nedslaget Jesu mor har i biletkunsten. Den nye filmen Maria, regissert av J.D. Caruso, går dermed inn i eit terreng som både er ekstremt velkjent og filmatisk underutforska.

---

Maria

  • Amerikansk spennings-/bibelfilm
  • Regissør: J.D. Caruso
  • 1 t. 52 min.
  • Aldersgrense: 13 år
  • Kan strøymast på Netflix

---

Nye sider av Maria

Caruso og manusforfattar Timothy Michael Hayes dreg vekslar både på bibelteksten, apokryfe skrifter og fri fantasi når dei formar spenningshistoria om Maria. Filmen legg sjølv opp til at sjåarane her får nye sider av Maria, og at vi ikkje må tru at vi veit alt om Jesu mor frå før. «De trur kanskje at de kjenner historia mi. Tru meg, det gjer de ikkje!» seier Maria sjølv, spela av Noa Cohen, heilt i starten av filmen.

Bibelkyndige, og dei fleste andre, vil då også høgst truleg møte mykje nytt. Dei som er fortrulege med skrifter som Jakobs protoevangelium, vil dra kjensel på informasjon om jomfru Marias foreldre. Filmen opnar med det barnlause paret Joakim (Ori Pfeffer) og Anna (Hilla Vidor) som trur at Gud straffar dei med barnløysa. I ørkenen møter Joakim engelen Gabriel (Dudley O’Shaughnessy), ein mystisk skapnad i blå kappe, som kan fortelje at Gud vil gi han ei dotter. I retur skal dei vie henne til teneste i tempelet.

Caruso og manusforfattar Timothy Michael Hayes dreg vekslar både på bibelteksten, apokryfe skrifter og fri fantasi når dei formar spenningshistoria om Maria.

—  Alf Kjetil Walgermo

Gudsfrykt i tempelet

Marias teneste i tempelet i Jerusalem stammar såleis frå apokryfe kjelder, og det er eit spørsmål om vektlegginga av denne historia styrker den filmatiske historia eller ikkje. For mange, iallfall for protestantar, er nok biletet av Maria som ei vanleg jente i Nasaret like sterkt.

I filmen møter vi uansett ei Maria som over lengre tid blir trena opp i den mest pietetsfulle gudsfrykt, under kyndig vegleiing av profetkvinna Anna (Susan Brown). Etter kvart oppdagar den unge mannen Josef (Ido Tako) den vakre Maria når ho er nede ved elva og vaskar klede. Han forelskar seg ved første blikk. Kontrasten mellom det alvorlege livet Maria har levd i tempelet og den stup forelska Josef er nesten komisk. Han spring rett på døra til Marias foreldre og ber om handa hennar, som ein galen. Snart forstår likevel foreldra at forelskinga er velsigna av Gud, og det unge paret blir trulova med tilhøyrande ritual.

Mary. (Featured L-R) Hilla Vidor as Anne, Ori Pfeffer as Joachim, Noa Cohen as Mary, Jade Croot as Sarah, Ido Tako as Joseph and Susan Brown as Anna the Prophetess in Mary. Cr. Christopher Raphael/MM FILM LLC © 2024.

Risikerer å bli drepen

Vi kjenner vel alle bibelhistoria: Maria blir gravid når engelen Gabriel fortel henne at ho skal bli mor til Guds eigen son. Graviditeten set Maria i fare, for ho risikerer å bli steina for utruskap. Dermed blir ho sendt til slektningen Elisabet, før ho returnerer til heimen sin og møter ein sterkt plaga Josef. Korleis har Maria blitt gravid når han ikkje har vore nær henne enno? Filmen tek ikkje med Josefs draum, der engelen ifølgje bibelteksten fortel at han skal ta Maria til kone, og at barnet som er avla i henne er av Den heilage ande.

Maria har med mange av elementa frå bibelforteljinga, men utbroderer spenninga. Ein ting er motstanden Maria møter hos sine eigne, men endå tydelegare blir det i det svært lite flatterande portrettet av kong Herodes, skrekkinngytande spela av skodespelarlegenda Anthony Hopkins. Herodes blir skildra i samsvar med morda på småbarn som han ifølgje Bibelen stod ansvarleg for – han er ein tvers igjennom grufull type, som også køyrer sverdet gjennom si eiga kone. Også dette er det historisk belegg for, så filmskaparane tek seg ikkje fridomar i omgangen med stoffet.

Anthony Hopkins som kong Herodes i filmen «Maria».

Trenger ikkje inn i sjela

Det blir likevel klart at Caruso, tidlegare er kjent for thrillerar som Taking Lives (2004) og Disturbia (2007) og sci-fi-actionfilmen I am Number Four (2011), etter kvart vrir merksemda så sterkt mot det actionfylte at vi nesten hadde gløymt Jesusbarnet oppi det heile. Slutten bergar likevel inn også denne delen, der tempelet i Jerusalem på nytt står sentralt.

Den katolske regissøren Caruso har vore opptatt av å lage ei spenningshistorie som ikkje bryt med dei sentrale elementa i bibelhistoria. Det har han for så vidt klart, men filmen lukkast ikkje med å trenge så langt inn i sjela at eg grundar spesielt mykje over han i etterkant.

JESU MOR: Skodespelaren Noa Cohen som jomfru Maria i J.D. Carusos spenningsfilm «Mary», som snart har premiere på Netflix.

Ok, men ingen klassikar

På same vis er skodespelarprestasjonane av ok kvalitet, men nærmar seg i fleire tilfelle overspel, ikkje minst Ido Tako som Josef. Noa Cohen, som det har vore mest diskusjon om i forkant, og då fordi ho er israelsk, lukkast betre i hovudrolla som Maria, både sårbar og modig. Trass dette er det vel Anthony Hopkins som skaper flest ringar i vatnet med framstillinga si av den vonde tyrannen kong Herodes.

Maria har fått 13 års aldersgrense og er slik sett ingen familiefilm som barn på barneskulen bør sjå utan grundig foreldreoppfølging. Filmen kan likevel skape ny interesse for verdas mest kjente mor både hos yngre og eldre sjåarar.

Ein ny klassikar har vi dessverre ikkje fått med denne filmen. Såleis hadde nok Jesu mor fortent betre. Samtidig kunne det også vore verre. Carusos Maria er akseptabel nok – midt på treet, vil eg seie, men eit spennande og heilt kurant tilskot til bibelfilmhistoria.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kultur