Regjeringa oppretta Fosseforedraget etter at Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur i fjor. No er den første foredragshaldaren klar: Den franske filosofen og teologen Jean-Luc Marion, ein av dei fremste tenkarane i Europa.
– Det er eit svært spennande val, seier professor i filosofi ved VID vitenskapelige høgskole, Magdalene Thomassen.
Fosseforedraget skal sette litteratur og dramatikk på dagsordenen. Ifølgje Nasjonalbiblioteket skal forelesaren vere ein «internasjonal forfattar, dramatikar, akademikar eller intellektuell som yter eit viktig bidrag til forståing eller formidling av litteratur på verdsbasis».
– Marion har eit åndeleg slektskap med Jon Fosse og skriv i skjeringspunktet mellom litteratur, filosofi og teologi. Begge sirklar inn det uutseielege, seier Thomassen, som hadde Marion som vegleiar då ho tok doktorgraden i filosofi på Sorbonne.
– Stor påverknad på teologisk tenking
Den franske filosofen har ein omfattande forfattarskap bak seg, og har primært markert seg som ein fornyar av fenomenologien, ei filosofisk tankeretning som handlar om å studere ting slik dei blir oppfatta og erfart. Marion har sidan 2008 sete som ein av dei førti «udøyelege» medlemmene av det franske akademiet, Académie française. Nemninga «udøyeleg» stammar frå kardinal Richelieu, som grunnla akademiet i 1635, og spelar på det franske språket som udøyeleg.
– Marion har hatt stor påverknad på teologisk tenking gjennom filosofien sin. Han skreiv tidleg ei bok som heiter «Gud utan væren» og har tenkt mykje kring den kristne openberringa. Sjølv er han særleg påverka av Emmanuel Lévinas sin forfattarskap, seier Thomassen.
Han er også tidlegare student av Jacques Derrida.
Aktuell med bok omtalt som meisterverk
Marion, som er fødd i 1946, er professor emeritus ved Sorbonne og universitetet i Chicago. Han har fått fleire prisar for det filosofiske arbeidet sitt, mellom anna den italienske Joseph Ratzinger-prisen og den tyske Karl Jaspers-prisen.
Så seint som i år kom han ut med boka Revelation Comes From Elsewhere (2024), som er blitt omtalt som meisterverket hans.
I Fosseforedraget, som skal haldast på Slottet den 24. april 2025, skal Marion i eit spesialskrive foredrag snakke om litteratur.
– Som teolog og filosof kan han sjå litteraturen frå ein unik ståstad, og dette samsvarar med Fosseforedragets mål om å setje tenkinga i sentrum og utforske litteraturen frå ulike perspektiv og stemmer, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre i ei pressemelding.
Vil synleggjere litteraturen
– Med dette arrangementet vil vi synleggjere litteraturen si kraft og rolle i samfunnet. No har vi eit framifrå utgangspunkt for å skape ein ny kulturell møteplass som inspirerer til samtale om litteratur både i Noreg og internasjonalt, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Jon Fosse sjølv seier det på denne måten når han kommenterer Marion:
– Han lagar eit veldig solid rom for litteratur når det gjeld å forstå og oppleve livet eller lære noko, for eksempel om kjærleik, og om Gud for den saks skyld.
– Kva trur du vi kan vente oss i foredraget, Magdalene Thomassen?
– Han er heilt uføreseieleg, men eg synest det er ein genial idé å invitere han til å halde Fosseforedraget. Den mystiske dimensjonen ved Fosses forfatterskap er svært nærverende også hos Marion, seier den norske filosofiprofessoren.
Samtidig med annonseringa av foredragshaldaren, blei Fosseprisen tildelt den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel. Fosseprisen blir delt ut i samarbeid med NORLA, og skal gå til omsettarar som har markert seg i arbeidet med å sette om norske bøker til andre språk.
---
Fosseforedraget
- I desember 2023 blei det annonsert at regjeringa heidrar nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse med eit årleg Fosseforedrag og ein Fossepris for omsetjarar, i regi av Nasjonalbiblioteket.
- Fosseprisen skal delast ut i samarbeid med NORLA, og vil gå til ein omsetjar som over tid har arbeidd med å omsetje norsk litteratur til andre språk. Den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel fekk den første prisen.
- Fosseforedraget skal, i tråd med virket til Fosse, setje litteraturen og dramatikken i seg sjølv på dagsordenen. Den første foredragshaldaren blir den franske filosofen og teologen Jean-Luc Marion.
- Katolske Marion blir rekna som ein av dei fremste tenkarane i Europa. Sentrale bøker: God Without Being (1991, 2012), Being Given (2002), The Erotic Phenomenon (2006) og Revelation Comes from Elsewhere (2024)
Kjelde: Nasjonalbiblioteket
---