Fylte Oslo Konserthus med lovsong

Den rutinerte lovsongsartisten David André Østby ser uforskamma roleg ut der han ruslar rundt på scenen i hovudsalen i Oslo Konserthus.

Men skinnet kan bedra. Faktisk kan han knapt hugse sist gong han var så nervøs:

– Eg vil seie det er Oslos mest ikoniske konsertscene og storstove. Eg har ei ærefrykt for rommet, fortel han og sveipar auga over dei 1400 tomme stolane.

Dessutan har han ei smått traumatisk tidlegare oppleving frå scena som han håpar å få revansj for. Meir om det seinare.

Økonomisk ruin

I eit halvt år har nokre av dei mest profilerte lovsongsartistane i Noreg planlagt denne kvelden. På eige initiativ har Vetle Jarandsen, Thomas og Karoline Neteland og David André Østby invitert til lovsongsfest midt i Oslo sentrum.

– Kor mange billettar trudde de at de kom til å selje?

– Me hadde ei viss tru på at det ikkje skulle ende med økonomisk ruin, det var derfor me våga det. Så me trudde me kom til å selje nokre hundre billettar, fortel Østby.

På veggen bak han lyser ei storfe frå songen hans «Gi meg Jesus» i store bokstavar på rosa bakgrunn.

---

Kva skjer?

  • Vetle Jarandsen, Karoline og Thomas Neteland og David Andre Østby er fire av Noregs mest profilerte lovsongsartistar. Fredag 18. oktober hadde dei lovsongskonsert, der dei fylte hovudsalen i Oslo Konserthus, som har plass til 1400 menneske.
  • Både Vetle Jarandsen og David Andre Østby er pastorar i Filadelfiakirken Oslo, der også ekteparet Neteland også er med som frivillige lovsongsleiarar
  • Til saman har artistane gjeve ut over 300 låtar, og har over 60 millionar avspelingar.

---

– Kjem til å få sjokk

Ekteparet og artistane Thomas og Karoline Neteland gjer nokre av dei siste førebuingane på scenen.

Lovsangskonsert i Oslo Konserthus.

Dei kan love allsong-stemning, sjølv om overskrifta for kvelden er konsert.

– Me kallar det det fordi me er på konserthuset, men me gjer ikkje dette for at nokon nødvendigvis skal sitje att med «Wow, for nokre artistar». Me håpar og ber om at folk skal sitje at med at Gud er ekte og at dei merka nærværet hans her, seier Thomas.

Karoline håpar det kjem folk av ulike aldrar og frå ulike bakgrunnar. Ho kan melde at det i alle fall blir nokon over 80 år i salen. Besteforeldra til Thomas har nemleg tatt turen.

– Dei kjem til å få heilt sjokk, flirer Thomas, og utdjupar:

– Eg trur ikkje dei har høyrt så høg lyd før.

På alle kantar svinsar det kamerateam som dokumenterer alt som skjer. Den kristne produksjonsselskapet TV Inter lagar program om «vegen til Konserthuset».

Har gleda seg sidan juni

Dørene har opna, og dei fyrste publikummarane blir slept inn. Det er litt usikkert kor mange som kjem til å kjøpe billettar i døra, men i forkant av konserten er det att nokre titals sete som ikkje alt er tinga.

Marita (24) og Ruben (25) Langåker har tatt turen frå Kristiansand for å få med seg konserten.

– Billettane fekk me i bryllaupsgåve, så no har me gleda oss sidan juni, fortel Marita.

Ruben spelar sjølv i lovsongsteam i Randesund misjonskyrkje, og fortel at dei brukar mange av songane til dei fire som skal stå på scenen i kveld. Han får ikkje skrytt nok av dei:

– Dei er ekstremt dyktige.

Tog og buss frå Norheimsund

To rader lenger bak finn me bestefar og bestemor Neteland. Dei har tatt buss og tog heilt frå Norheimsund i Hardanger for å få med seg konserten.

Lovsangskonsert i Oslo Konserthus.

Det er fyrste gong Bjarne (83) og Gerd (80) er på konsert med barnebarnet. Og alt no, ein halvtime før konserten er i gang, er lydnivået på prøvene på scenen høgt nok til at det er vanskeleg å høyre kvarandre snakke.

– Thomas trudde dette kanskje kom til å bli den høgaste musikken de nokon gong har høyrt?

Båe ler litt, før Gerd dreg fram eitt par grøne skumøyreproppar.

Dei er klare.

Håpar spesielt på éin song

Nesten heilt fremst sit to døtrer og to mødrer. Dei bur på Jessheim og er aktive i Oslo Kristne Senter.

– Høyrer de på musikken til artistane her til vanleg?

– Ja, me likar veldig godt musikken til Thomas Neteland og David André Østby. Me høyrer nesten berre på lovsong, fortel Mille Mosberg (16) og veninna Mariel Linnea Vårdal (17) seier seg einig.

– Det å få høyre dei songane me høyrer over alt live, og ikkje berre på Spotify, blir kult, seier Mariel Linnea.

Mødrene Marin Vårdal og Lene Reiersen høyrer også mykje på musikken til artistane bak kveldens konsert. Og som fleire andre er det særleg éin song dei håpar blir spela.

Lovsangskonsert i Oslo Konserthus.

I vår skreiv Vårt Land om låten Kong Jesus, skriven av ekteparet Neteland, som i ein periode i mars blei den mest delte låten på Spotify.

Den har blitt spela mykje både i heimen og i kyrkja, fortel Jessheim-gjengen.

Ingen misjonskveld

På bakrommet merkar ein at stemninga er meir spent. Ein stabel med Domino-pizza er neste oppeten, og det er bedt for kvelden.

Mikrofonar blir tapa ekstra godt fast, og mobilar blir skrudd av.

Lovsangskonsert i Oslo Konserthus.

For Vetle Jarandsen har nervane han hadde tidlegare i dag roa seg. No får det berre stå til.

Det var han som hadde ideen om konserten. Og han har klart for seg kva funksjon han vil at kvelden skal ha.

– For det fyrste er det stort for oss fire som artistar å få framføre ting som me har lagt så mykje tid og energi i dei siste åra. For det andre vil me vise Oslo at me er mange nok til å fylle dette bygget.

Jarandsen er fullt klar over at dette ikkje blir ein misjonskveld, og at delen av dei i salen som ikkje reknar seg som kristne nok er forsvinnande liten. Likevel er det eit poeng, meiner han, å vise at det er mange nok kristne til å ta plass.

– Det er denne frikyrkjelege tanken om at me ikkje skal gøyme oss vekk, men ta plass i byen vår.

– For det tredje håpar eg at menneske kan få erfare Gud i kveld. Nokon treng påfyll eller å få eit nytt bilete av Jesus.

– Du hadde ei punktliste klar. Dette er gjennomtenkt?

– Ein bookar ikkje eit så dyrt hus utan å tenkje over kvifor ein gjer det, smiler Jarandsen.

Lovsangskonsert i Oslo Konserthus.

Jubel

– Gjengen! Då går me på om to minuttar.

Stage manageren samlar flokken.

Østby delar raust ut velsigningar til folk i det dei går ut døra i retning scenen.

Dei to timane dei har førebudd seg på i eit halvt år er her.

I det dei fire artistane kjem fram frå sida av scenen bryt publikum ut i høglydt jubel.

Folk reiser seg og lyftar hendene i været frå fyrste tone.

Lovsangskonsert i Oslo Konserthus.

Flause på same scene som 16-åring

I etterkant av konserten fortel Østby at det var fantastisk å kjenne at Oslo Konserthus blei «kyrkje for éin kveld».

I tillegg til meir klassiske, syng-med-songar, var der også nokre på lista som oppmoda folk til å sitje ned og ta imot.

– Det var så fint å kunne formidle nokre songar til folk, til dømes «Alle dine dagar», ein song eg skreiv til borna mine. At dei også sat i salen, og at eg kunne syngje den for dei, var ekstra fint og rørande.

For Østby var det også litt ekstra stas å ha ei god oppleving på akkurat denne scenen. 16 år gamle David ville nemleg aldri trudd han kom til å få motet til å stå der på nytt, i alle fall ikkje fremst på scenen.

– Eg song i koret under ein skulekonsert her, då eg gjekk på Kristelig Gymnasium. Eg stod bakarst i tenorrekkja.

Under siste songen i konserten: «Deilig er jorden», får ikkje unge David med seg at dirigenten gjev teikn til at dei skal avslutte, og i nokre millisekund som har brent seg inn i minnet syng han ein ufrivillig solo av full hals. Ikkje særleg moro for ein tenåring.

Lovsangskonsert i Oslo Konserthus.

Men no ligg det nye minne på toppen frå same scene.

– Ei av dei beste tilbakemeldingane eg fekk, var at folk opplevde at kvelden ikkje handla om oss fire på scena, men om Jesus. Jesus var stjerna denne kvelden, og me ynskte å gjera vårt beste for å gjera stas på han, seier Østby.