– Eg trur ikkje eg kjem til å skrive ungdomsbøker på ei stund.
Det seier forfattar Heidi Sævareid som tre gongar har blitt nominert til Bragerpisen for beste ungdomsbok.
– Det er ein slags pessimisme som omgir ungdomslitteraturen: Kva kan ein og kan rin ikkje skrive for ungdom? Kva vil dei lese? Kvifor les dei ikkje? Og så vidare. Ofte er det lite snakk om litteraturen som litteratur.
Ho seier ho er lei av å alltid må forsvare seg når ho skriv for ungdom.
– Eg debuterte for over ti år sidan, og debatten står framleis stille.
Vanskeleg å definere
Sævareid uttalte seg først om å slutte med ungdomsbøker i podkasten Skrivesnakk. Allereie i fjor skreiv Vårt Land at 2023 var eit lågpunkt med berre 22 utgitte ungdomsbøker. Det var ein nedgang på 13 bøker samanlikna med 2022.
– Eg trur talet på ungdomsbøker svingar frå år til. Det har litt å gjere med pessimismen rundt ungdomsbøker og frykt for å bomme på det ungdom vil ha, seier Sævareid og held fram med å seie:
– Ein ser ungdom som ein einsarta gruppe der ein leitar etter kva ein må gjere for å få dei til å lese, medan vaksne ikkje blir sett på som ei bestemt gruppe. Ungdomssjangeren er vanskeleg å definere, men fellesstrekket er som regel at det handlar om personar i tenåra.
Ho peikar på at det ikkje er ein vasstett definisjon, og at det finst merkelappar på bøkene for å gjere det lettare for bokhandlarar.
---
Heidi Sævareid
- Norsk forfattar som har skrive både for ungdom og vaksne.
- Har vore nominert til Brageprisen tre gongar, og er aktuell i år med voksenromanen Positurene, ein roman om yogakulturens mørke bakside.
---
Vaksne likar ungdomsseriar, men ikkje ungdomsbøker
– Trur du trendar på sosiale medium slik som Booktok i Norge kan endre ungdomsboklandskapet i Norge?
– Det er fullt mogleg. Forlag kan vere meir med på trendane og tilpasse seg etter dei, men det er skulle ikkje vere nødvendig å hacke seg fram til kva ungdommen vil ha.
Ho meiner det er eit problem at ungdom kan oppfatte ungdomsbøker som barnslege.
– Målalderen for ungdomsbøker er tolv til seksten år. Er man seksten eller sytten, ser ein nok gjerne heller til vaksenbøker.
Ungdomsseriar som Skam og Euphoria er populære også blant vaksne, men når liknande historier utspelar seg i bokform så er det ikkje interessant for dei
– Som born leste eg av og til ungdomsbøker, men da eg sjølv vart tenåring, hoppa eg rett til vaksenbøker. Det er fyrst i ettertid at eg har sett pris på ungdomsbøker, og innsett kor mykje eg har gått glipp av. Grensene flyt når det kjem til skiljet mellom ungdomsbøker og vaksenbøker. Ei vaksenbok kan ha innhald som gjer at den blir kalla ei ungdomsbok, eller at ei ungdomsbok kan bli merka som ei vaksenbok.
Sævareid fortel at det interessant å sjå korleis vaksne gjerne ser på ungdomsseriar, men at dei ikkje vil lese ungdomsbøker.
– Fleire vaksne burde lese meir ungdomsbøker. Ungdomsseriar som Skam og Euphoria er populære også blant vaksne, men når liknande historier utspelar seg i bokform så er det ikkje interessant for dei. Det er synd.
– Kva må skje for at du får lyst å gå tilbake til ungdomslitteraturen?
– Det kan jo vere så enkelt som at ein idé melder seg. Men eg har lite lyst å skrive for ungdom så lenge pessimismen er så stor. Eg har prøvd lenge å kjempe imot den pessimismen, vere ein motvekt, men eg har nok gitt opp no. Sjølv om eg framleis er veldig interessert i ungdomslitteratur, svarar Sævareid.
Ikkje like anerkjend
– Det er trist å høyre at Heidi vil slutte med Ungdomsbøker. Samtidig forstår eg det. Ungdomsboka er under press og får lite plass i den litterære offentlegheita, seier Endre Lund Eriksen.
Lund Eriksen er ein kjend og prisbelønt forfattar og fagleiar for masterstudiet i skrivekunst og formidling på Norsk Barnebokinstitutt. Han er blant anna kjend for Pitbullterje går amok, og andre ungdomsbøker.
– Når eg sjølv skulle komme med ei ungdomsbok for ikkje så lenge sidan, spurde ein forlagsredaktør om eg sikta meg inn på Uprisen, og meinte at det var den einaste prestasjonen ein ungdomsbok kan oppnå.
Norske ungdomsbøker får sjeldan kommersiell suksess, fortel Lund Eriksen, og trekk fram Halve kongeriket av Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug som eit eksempel på ein sjeldan salsvinnar.
– Vi ser at det engelskspråkleg young adult er blitt veldig stort dei siste åra, og vi må ta opp konkurranse med desse bøkene for å få eit mangfald, seier Lund Eriksen.
-Er du optimistisk til at ungdomslitteraturlandskapet kan endre seg i positiv retning?
– Det er fleire moglegheiter i ungdomslitteraturen. Eg trur at med god marknadsføring og stor satsing så kan vi få til fleire populære norske ungdomsbøker, svarar Lund Eriksen.
Større optimisme med barnebøker
Sævareid er busett i Bristol, England og har planar om å skrive meir for ein annan demografi.
– Akkurat no er eg i gong med ny roman for vaksne, og har planar om minst to andre vaksenromanar.
Sævareid fortel at ho også tenkjer på eit sakprosaprosjekt og å skrive barnebøker.
Det er mykje større optimisme rundt barnelitteraturen, mange fleire moglegheiter
– Det er mykje større optimisme rundt barnelitteraturen, mange fleire moglegheiter. Ungdomslitteraturen ser ut til å falla mellom to stolar, seier Sævareid.
Sævareid fortel at ei av grunnane til at ho går over til å skrive for vaksne handlar litt om kva historier ho har lyst til å skrive, men også eit ynskje om å nå meir ut enn det som er mogleg med ungdomslitteratur.
– Tilnærmar du deg vaksenbøker annleis enn ungdomsbøker?
– Eg tenkjer ikkje spesielt annleis. Eg tenkjer ikkje at eg må forenkle eller underhalde meir når eg skriv til ungdom. Det handlar meir om førestillingsevne – å sette seg inn i tankelivet til personane eg skriv om. Slik eg også ville gjort om eg skreiv om ein 60-åring, svarar Sævareid.