Kultur

– Den nye moralen i samfunnet gjer dei unge psykisk sjuke

UNGDOM OG PSYKISK HELSE: Ideala er blitt så høge at mange kjenner seg utilstrekkelege, meiner forfattar og teolog Christian Hjortkjær.

Etter mange års arbeid som lærar på ein folkehøgskule, tenkte Christian Hjortkjær at han skulle skrive ned det han snakka med elevane sine om. Resultatet er ei bok som kjem ut på norsk denne veka, Utilstrekkelig. Hvorfor den nye moralen gjør de unge psykisk syke.

– Dei unge føler at det er noko gale med dei, sjølv om dei forsøker å gjere alt rett og leve opp til ulike krav, forventingar og ideal. Dei kjenner seg bakpå, seier Hjortkjær.

Som motsetnad stiller forfattaren, folkehøgskulelæraren og teologen opp si eiga mor, som følte at ho gjorde noko gale når ho braut eit forbod. Tesen er at samfunnet i nyare tid har gått frå å vere eit forbodssamfunn til å bli eit påbodssamfunn.

– Før var det ei rekke ting vi ikkje skulle gjere. Vi skulle sette oss ned, oppføre oss ordentleg og halde munn. I dag er det i staden blitt slik at vi gjerne må bryte reglane – ja, vi skal bryte dei – samtidig som vi skal vere utadvendte, glade og gripe moglegheitene. Vi blir opplærte til at vi skal gripe dei sjansane vi får. Eit forbod utløyser skuld når vi bryt det, men eit påbod skubbar deg heile tida vidare så du ikkje kan sette deg ned og vere fornøgd, seier Hjortkjær.

Eit forbod utløyser skuld når vi bryt det, men eit påbod skubbar deg heile tida vidare så du ikkje kan sette deg ned og vere fornøgd

—  Christian Hjortkjær, forfattar, folkehøgskulelærar og teolog

Aldri på høgda

Den implisitte forventinga til oss om at vi skal bruke moglegheitene våre, skaper for mange også ei kjensle av å vere utilstrekkeleg. Påboda gjer at vi heile tida må vere i rørsle, vere i framdrift, meiner han.

– Mange forklarer det som at andre ligg framfor dei, og at det er mykje å hente inn, eller at dei andre er der oppe, mens eg er her nede. Dei føler at dei aldri er på høgda, seier teologen.

Han brukar eit omgrep frå filosofen Søren Kierkegaard til å forklare samfunnstendensen han ser rundt seg. Der Kierkegaard snakkar om etikaren og estetikaren som to ulike mennesketypar, er unge i dag ein kombinasjon av desse to: dei er etiske estetikarar. Dette inneber at dei kjenner seg forplikta til å ha lyst til ting.

Kort forklart ser estetikaren ei lekker kake og gomlar henne i seg, mens etikaren tenker at ho ikkje er sunn og lar kakestykket stå urørt. Den etiske estetikaren kjem i ein skvis mellom desse posisjonane, og kjenner seg samtidig forplikta til å ha lyst på kaka. Dermed luktar vi trøbbelet. Ein kjenner seg fort utilstrekkeleg i møte med kakestykket.

– Kva er det i samfunnet og kulturen som skaper grobotn for kjensla?

– Eg vil helst ikkje svare på det, for folk har så ulike forklaringar på «kvifor». Den politiske venstresida vil seie at det er kapitalismen og påverknad frå USA, mens høgresida vil peike på tapet av autoritet. Det finst nokre ungdommar her som har det vanskeleg. Kan vi ikkje hjelpe ungdommane, i staden for at vi vaksne skal slåst om kvifor det har blitt som det har blitt?

Kan vi ikkje hjelpe ungdommane, i staden for at vi vaksne skal slåst om kvifor det har blitt som det har blitt?

—  Christian Hjortkjær

– Perfeksjon er problematisk

Hjortkjær peikar likevel i retning av sosiale media og det at det i dag er blitt mykje lettare å samanlikne seg med andre. «Generasjon perfekt» er eitt omgrep på fenomenet. Teologen synest det er synd om unge legg skulda på seg sjølve for kjensla av å vere utilstrekkeleg, slik at dei høge forventingane er vårt eige ansvar å gjere noko med.

– For nokre år sidan snakka vi om prestasjonssamfunnet, men det er eigentleg ikkje noko gale i å prestere. Perfeksjon er derimot problematisk. Viss eg først er god nok når eg kjem i mål, kjem eg aldri i mål, seier Hjortkjær, som meiner vi må bli flinkare til å vurdere når ting er «godt nok».

– Dersom tankegangen om alltid å prestere betre får ta stor plass i livet, kan ein kollapse av det. Dette skjer ofte dei dyktigaste, elevar som får toppkarakterar. Dei kan falle av systemet og hamne i stress, angst og spiseforstyrringar. Det finst ei sterk kopling mellom høge ideal og det å vere utmatta på skulen. Viss ein har ideal om alltid å gjere det betre, kan ideal vere svært farlege, meiner han.

I «gamle dagar» var det enklare enn i vår tid å gjere opprør, for rammene var klarere og det var mogleg å bryte reglar. I dag er ikkje opprøret like lett, i eit samfunn som nettopp oppfordrar oss til å bryte reglane – «break the rules».

– Opprøret er eigentleg å ikkje gjere noko, å sette seg ned. Greta Thunberg er eit døme på dette: Ho vil sette seg ned, stoppe. Men for mange kjennest det farleg å hoppe av samfunnstoget. Det kostar. Dei unge veit godt at dersom dei sjølv hoppar av og alle andre held fram, så er det dei sjølve som tapar, seier Hjortkjær.

Han ser også eit opprør i den «snille» generasjonen ungdommar som drikk mindre, tar mindre dop og har mindre fri sex enn foreldregenerasjonen før dei. Men han vekslar mellom om å tenke på det som positivt og å bli litt bekymra.

– Somme tider er det å drikke mindre eit uttrykk for å skulle ha kontroll. Det er vanskeleg å svare på om det er positivt eller negativt, seier han.

Christian Hjortkjær. Utilstrekkelig. Hvorfor den nye moralen gjør de unge psykisk syke.

Høge ideal + nåde = sunn psykisk helse

I boka kjem Hjortkjær også inn på kristendommens Jesus, som stiller opp nokre høge ideal for oss. Med andre ord skulle ein tru at Jesus gjorde oss ekstra stressa, men så er det likevel ikkje slik, meiner teologen. Årsaka er rett og slett at Jesus er Gud, og at vi alle kjem til kort sett opp til han.

I tillegg finst konseptet nåde, som har som utgangspunkt at vi som menneske er utilstrekkelege i oss sjølve. Gjennom nåden får vi dagleg tilgiving både for det vi ikkje får til og for det gale vi har gjort – og han tilbyr oss ein ny sjanse til å gjere det gode.

– Som menneske kan vi sette oss nokre mål, men viss vi trur at vi kan nå opp til idealet, har vi overskride grensa mellom dei menneskelege vilkåra og dei guddommelege. Med andre ord er utilstrekkelegheit noko vi må lære oss å leve med, seier Hjortkjær.

For han trur ikkje vi blir kvitt kjensla av å vere utilstrekkeleg så lett, og det er ikkje sikkert at det er ønskeleg, heller.

– Det motsette, om ein person er fullt ut sjølvtilstrekkeleg, er endå verre. Slike menneske er det svært ubehageleg å vere saman med, seier teologen.

Høge ideal pluss nåde er med andre ord lik sunn psykisk helse, mens høge ideal utan nåde kan føre til psykisk stress og sjukdom.

Resept: Jesu bodskap om nestekjærleik

Kristendommen stiller også opp for oss det nærmaste Hjortkjær kjem ei løysing på samfunnsdiagnosen han stiller: Det handlar om å bety noko for andre. Jesu nestekjærleiksbodskap er altså den beste resepten mot kjensla av å vere utilstrekkeleg.

– Kvifor lagar ikkje kyrkja ein million T-skjorter der det står «Elsk nesten din» på? Men det ville ha vore ein provokasjon i dag. Påbodssamfunnet handlar nesten alltid om deg sjølv: «Be a star». «Just do it».

Dersom vi kunne kvile i dette, at vi har fått nåde, at vi kan bety for andre, at ting kan gjerast «godt nok», ville mykje vore gjort, skal vi tru den danske forfattaren og teologen. Dei unge treng ikkje å høyre at dei må mest mogleg ut av kvar einaste dag. Kanskje er det like bra å gjere sitt beste, men seie seg fornøgd med det?

– I tillegg bør ein satse på å ha eit fellesskap der ein kan oppmuntre kvarandre og gi kvarandre kompliment. Har du det, har du nokon som kan forsvare deg mot påbod og ideal. Viss du veltar, veltar du saman med nokon. Og dei andre kan hjelpe deg når du ligg nede, seier Hjortkjær.

Hovudbodskapen hans til ungdom og unge vaksne er også positiv: Det er ikkje du sjølv som er problemet!

– Problemet ligg ikkje hos ungdommen. Problemet ligg i samtida. Derfor må vi ta dei samfunnskritiske brillene på, seier Christian Hjortkjær.

---

Christian Hjortkjær

  • Dansk forfattar og teolog
  • 43 år
  • Har i mange år undervist ved ein folkehøgskule i byen Silkeborg
  • Aktuell på norsk med sakprosaboka Utilstrekkelig. Hvorfor den nye moralen gjør de unge psykisk syke (Verbum)

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur