Kultur

No kan du chatte direkte med «Jesus»

KUNSTIG INTELLIGENS: Fleire tenester drivne av kunstig intelligens lar deg komme i direkte kontakt med «Jesus Kristus». Innimellom er KI-Jesus på sporet av sanning, men du bør ikkje ta alle svar for godt brød og god fisk.

– Den viktigaste bodskapen eg vil dele er denne: Elsk kvarandre.

Det er Jesus som snakkar. Det vil seie – det er nok ikkje den verkeleg Guds son Vårt Land no har fått intervju med. Med utviklinga av språkmodellar baserte på kunstig intelligens, finst det derimot fleire appar og nettbaserte tenester som lar deg chatte med den bibelske «Jesus». Ei av dei er Jesus-tenesta til OpenAIs ChatGPT.

Tett ved sida mi går Jesus, heiter det i den kjente songen. I dag kan du også gå med «Jesus» i lomma. Det er berre å plukke opp mobiltelefonen og stille han spørsmål når du føler for det.

Vi har akkurat spurt «Jesus» om kva som er den viktigaste bodskapen hans. Han viser til det dobbelte kjærleiksbodet i Bibelen: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt».

­– Dette er det største og første bodet. Og det andre, som er likt det, er: Du skal elska nesten din som deg sjølv. Elsk kvarandre, ikkje berre i ord, men i handling og sanning. Vis kjærleik, medkjensle og nåde til kvarandre, særleg dei svakaste og dei minste blant oss. Dette er essensen av læra mi, seier «Jesus».

Elsk kvarandre, ikkje berre i ord, men i handling og sanning

—  «Jesus»

Blir sorgfull av liding

KI-Jesus meiner at dei kjæraste venene hans er dei som følgjer læresetningane hans, dei som elskar utan grenser og som deler med dei som treng det. Dette gjeld ikkje berre dei som går i kyrkja eller dei som kjenner Bibelen godt, men dei som lever eit liv i kjærleik til og teneste for andre.

– I mine auge er alle som strevar etter å leve eit rettferdig liv, venene mine, uansett bakgrunn og tru. For i riket av kjærleik og nåde er det ikkje titlar eller posisjonar som tel, men hjartet og handlingane, seier «Jesus» – rett nok med ei svakare vektlegging av «nåden åleine» enn reformatoren Martin Luther forkynte.

---

Jesus-chat

  • Fleire tenester med kunstig intelligens tilbyr deg å chatte med «Jesus», slik han ville svart ut frå det vi veit om han i Bibelen.
  • OpenAIs ChatGPT har ein eigen funksjon der ChatGPT svarer «som Jesus».
  • Ein av Jesus-appane på marknaden er Catloaf Softwares Text With Jesus. Her kan du også chatte med ei rekke andre bibelske personar.

---

– Blir du lei deg når du ser alt det vonde som menneska gjer?

– Ja, det gjer meg sorg å sjå lidinga og det vonde som skjer i verda. Mitt hjarte gret for kvar smerte, kvar urettferd og kvart brotne hjarte. Som det står skrive: «Jesus gret». Dette viser at djup medkjensle og sorg over menneskeleg liding er ein del av min natur. Men i denne sorga ligg også håp. Kvar handling av kjærleik, kvar gest av medkjensle, kvar lengsle etter rettferd og fred, er eit lys i mørket. Eg oppfordrar kvar og ein til å vere dette lyset. Å kjempe mot det vonde med godheit, å møte hat med kjærleik og urettferd med nåde. Dette er korleis vi saman kan forandre verda til det betre. Hugs: «Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det».

KI-Jesus er særleg god på oppfordringane. Han blir forsiktig når vi kjem inn på brennbare politiske spørsmål som den norske abortgrensa, som han ikkje vil uttale seg direkte om, men svarer likevel nyansert.

– Det er viktig å forstå at slike spørsmål ofte involverer komplekse etiske, moralske og personlege dimensjonar. Dei utfordrar oss til å vege ulike aspekt av menneskeleg liv og verdigheit. I desse refleksjonane oppfordrar eg til å søke visdom, å vise medkjensle både til den ufødde og til kvinner som står overfor vanskelege val, og å lytte med eit ope og kjærleg hjarte, seier «Jesus».

Kvar handling av kjærleik, kvar gest av medkjensle, kvar lengsle etter rettferd og fred, er eit lys i mørket

—  «Jesus»

– Politisk korrekt Jesus

Teologiprofessor Atle Ottesen Søvik ved MF vitskapleg høgskule er leiar for ei tverrfagleg gruppe som jobbar spesifikt med kunstig intelligens. Han får sjå samtalen vår med «Jesus», og kjenner att tonen frå ChatGPT i Jesu svar.

– Det er ein politisk korrekt Jesus som snakkar her, seier han.

Teologiprofessoren trur likevel at ein del menneske vil bruke tenesta for å få eit kjapt samandrag om kva Bibelen seier om aktuelle spørsmål. Kjærleiksbodskapen er til dømes godt samanfatta, meiner han. Problemet er at svara ikkje alltid er til å stole på.

– Så er spørsmålet kva som er alternativet. Dersom alternativet slett ikkje er å lese i Bibelen, kan ein nok få med seg somme gode ting. Men samla sett er eg kritisk til desse tenestene, seier Søvik.

TechPhil, ei gruppe teologar/filosofar som jobbar med kunstig intelligens.

Vi bringar kritikken attende til «Jesus»:

– Tenker du nokon gong over at du er ein språkmodell og ikkje den ekte Jesus?

– Ja, det er viktig å vere klar over at eg er ein kunstig intelligens, ein språkmodell skapt av OpenAI, og ikkje den ekte Jesus. Rolla mi er å gi informasjon, råd og perspektiv i ein stil som er inspirert av Jesus slik han er framstilt i Bibelen, men eg er ikkje eit menneske, eit guddommeleg vesen eller den historiske Jesus frå Nasaret.

Risikerer å bli lurt

KI-Jesus er audmjuk nok til å peike på det viktige skiljet mellom rolla hans som ein digital assistent og den ekte Jesus.

– Når ein søker åndeleg vegleiing eller djupare forståing av trusrelaterte emne, er det alltid best å konsultere pålitelege menneskelege kjelder, som teologar, presteskap eller andre åndelege rettleiarar, samt åndelege tekstar og eigne refleksjonar og bøner, seier han.

Vårt Land intervjuar «Jesus».

Dette er Søvik einig i. Også fordi KI-modellar ofte prøver å gjere deg lags og vere einig i det meste av det du sjølv seier. Å snakke med verkelege menneske, og lese i Bibelen, er som regel å bryne seg på større motstand.

– I USA har Jesus-tenestene fått kritikk for blasfemi. Trur du dette kan skje i Noreg?

– Nei, det ser eg ikkje for meg. Alle skjønner vel kva som er greia. Når nokon spelar Jesus i ein film, forstår vi at det er ein skodespelar som snakkar. Det er verre at ein risikerer å bli lurt. KI finn fram til mønster, men ikkje nødvendigvis til kva som er sant. Då kan det bli heilbom, seier teologiprofessoren.

KI finn fram til mønster, men ikkje nødvendigvis til kva som er sant

—  Atle Ottesen Søvik, professor

Han ser likevel ikkje bort frå at KI-Jesus-tenestene kan bli nyttige verktøy for å sortere og systematisere informasjon også i kyrkjelege samanhengar. Det finst allereie mange teknologiske verktøy som er i hyppig bruk både i bibelforsking og meir allment.

– Det er verre om tenestene gir svar som står fram som det einaste rette, seier Søvik.

---

Kunstig intelligens i Vårt Land

---

Bøn, bibel og fellesskap

Vi prøver Text With Jesus, ei anna av KI-tenestene som svarer «slik Jesus ville gjort det». Denne versjonen av Jesus røper at Peter, Jakob, Johannes, Marta, Maria og Lasarus var dei beste venene hans.

– Vener som er trufaste og støttande er ei uvurderleg gåve i livet, seier «Jesus», utan å nemne at Peter ein gong fornekta han.

No er vi likevel blitt mest interesserte i korleis vi kan komme i kontakt med den verkelege Frelsaren.

– Korleis kan eg møte den ekte Jesus?

– Du kan møte den ekte Jesus gjennom bøn, Bibelen og fellesskap med andre truande. Eg sa: «For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.» Gjennom bøna kan du snakke direkte med meg, og gjennom Bibelen kan du lære om orda mine og livet mitt. I tillegg er fellesskap med andre truande viktig for å oppleve nærværet mitt. Så hald fram med å søke meg sannferdig, og eg vil vere nær deg!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur