Er jorda i ferd med å bli større igjen?
IDEAR: For 150 år sidan gav Jules Verne ut klassikaren «Jorden rundt på 80 dager». Sidan har vi berre reist raskare og raskare. Men er utviklinga i ferd med å snu?
KLASSISK FORTELJING: Jules Vernes klassiske roman «Jorden rundt på 80 dager» er 150 år. Romanen er blitt tolka ei rekke gonger. David Tennant (midten) spelte Phileas Fogg i TV-serien frå 2021. Ibrahim Koma (t.v.) hadde rolla som Passepartout, mens Leonie Benesch spelte journalisten Abigail Fix. I Vernes roman er Fix detektiven som mistenker Fogg for å vere bankranar og følgjar han jorda rundt.
NTB
I 1873 var det mogleg å komme seg jordkloden rundt i løpet av eit halvt semester. I Jules Vernes klassikar Jorden rundt på 80 dager tvilar dei fleste på at ei så rask reise rundt jorda er praktisk mogleg. Men engelskmannen Phileas Fogg veddar ei formue på at han skal klare det og legg allereie same kveld i veg saman med tenaren sin, franske Passepartout. Dei neste 80 dagane dreg dei jorda rundt, blant anna med dampbåt, tog, slede og elefant.
Vernes roman har gjennom tidene inspirert fleire generasjonar lesarar til auka reise- og ekspedisjonslyst. Samtidig, i verkelegheita, har reisa rundt jorda tatt berre kortare og kortare tid. Den norske eventyraren og forfattaren Gunnar Garfors klarte for nokre år sidan å dra jorda rundt på 56 timar med rutefly. Ein flytur rundt kloden, berre med nokre korte stopp for å fylle drivstoff, kan gjerast unna på dryge tretti timar.
Tempoauka seier litt om den teknologiske utviklinga dei seinaste 150 åra. I all denne tida er verda berre blitt mindre for oss. Globaliseringa har påverka stort sett alle delar av samfunnslivet. Turismen har auka kraftig.